Brillefuglar

familie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Brillefuglfamilien)

Brillefuglar (Zosteropidae) er små sporvefuglar som lever i tropiske, subtropiske og tempererte delar av Afrika sør for Sahara, sørlege og austlege Asia og Australasia. Brillefuglar er utbreidd på dei fleste tropiske øyane i Indiahavet, vestre delar av Stillehavet, og i Guineabukta. Ser ein bort frå nokre medlemmer av slekta Zosterops, er dei fleste artane endemiske for enkeltøyar eller til øygrupper. Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis, har koloniserte New Zealand naturleg , der han frå 1855 er kjent som «voksauge» eller 'tauhau', «den framande» . Gråbrystbrillefugl er dessutan innført til Hawaii så vel som til Society Islands i Fransk Polynesia. Tidlegare var denne gruppa rekna som ein del av timalfamilien Timaliidae, og artar i nokre slekter i dagens Zosteropidae har framleis 'babbler' som ein del av trivalnamnet på engelsk.

Brillefuglar
Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis
Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Brillefuglar Zosteropidae
Bonaparte, 1853

Skildring

endre

Dei ulike artane av brillefuglar har generelt få særtrekk i utsjånaden, fjørdrakta er vanlegvis olivengrønleg på oversida og lysegrå under. Nokre artar har ein kvit eller ljos gul hals, bryst eller underside, og fleire har brungule flankar. Nett som namnet på gruppa seier, så har mange artar ein iaugefallande ring av små kvite fjører rundt auga.[1] Det vitskaplege namnet på gruppa som familie, Zosteropidae, reflekterer òg denne siste funksjonen, det er avleidd frå det gammalgreske ordet for «belteauge». Dei har avrunda venger og sterke bein. Som mange andre nektaretande fuglar, har dei slanke, spisse nebb, og børstetippa tunger.[1] Storleiken når opp til 15 cm i lengd.

Alle artane av brillefuglar er sosiale, dannar store flokkar som berre skil lag når hekkesesongen er nær. Dei byggjer reir og tre og legg 2-4 egg. Sjølv om dei i hovudsak er insektetarar, et dei òg nektar og frukt av ulike slag.

Artslista

endre

Artar i brillefuglfamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Parayuhina
  • Diademyuhina, Parayuhina diademata, White-collared Yuhina, (Verreaux, J, 1869), ()
Slekt Staphida
  • Brunhovudyuhina, Staphida everetti, Chestnut-crested Yuhina, Sharpe, 1887, ()
  • Brunøyreyuhina, Staphida castaniceps, Striated Yuhina, (Moore, F, 1858), ()
  • Torqueyuhina, Staphida torqueola, Indochinese Yuhina, (Swinhoe, 1870), ()
Slekt Yuhina
  • Maskeyuhina, Yuhina nigrimenta, Black-chinned Yuhina, Blyth, 1845, (LC)
  • Kvitkinnyuhina, Yuhina brunneiceps, Taiwan Yuhina, Ogilvie-Grant, 1906, (LC)
  • Skjeggyuhina, Yuhina flavicollis, Whiskered Yuhina, Hodgson, 1836, (LC)
  • Karenyuhina, Yuhina humilis, Burmese Yuhina, (Hume, 1877), (LC)
  • Kvitnakkeyuhina, Yuhina bakeri, White-naped Yuhina, Rothschild, 1926, (LC)
  • Stripestrupeyuhina, Yuhina gularis, Stripe-throated Yuhina, Hodgson, 1836, (LC)
  • Rustnakkeyuhina, Yuhina occipitalis, Rufous-vented Yuhina, Hodgson, 1836, (LC)
Slekt Dasycrotapha
  • Elddusk, Dasycrotapha speciosa, Flame-templed Babbler, Tweeddale, 1878, (EN)
  • Pygménålrygg, Dasycrotapha pygmaea, Visayan Pygmy Babbler, (Ogilvie-Grant, 1896), (NT)
  • Dvergnålrygg, Dasycrotapha plateni, Mindanao Pygmy Babbler, (Blasius, W, 1890), (NT)
Slekt Sterrhoptilus
  • Ruststrupenålrygg, Sterrhoptilus capitalis, Rusty-crowned Babbler, (Tweeddale, 1877), (LC)
  • Gyllenkronenålrygg, Sterrhoptilus dennistouni, Golden-crowned Babbler, (Ogilvie-Grant, 1895), (NT)
  • Svartkronenålrygg, Sterrhoptilus nigrocapitatus, Black-crowned Babbler, (Steere, 1890), (LC)
Slekt Zosterornis
  • Palawanbrillefugl, Zosterornis hypogrammicus, Palawan Striped Babbler, (Salomonsen, 1961), (NT)
  • Luzonbrillefugl, Zosterornis striatus, Luzon Striped Babbler, Ogilvie-Grant, 1894, (NT)
  • Rustmaskebrillefugl, Zosterornis whiteheadi, Chestnut-faced Babbler, Ogilvie-Grant, 1894, (LC)
  • Panaybrillefugl, Zosterornis latistriatus, Panay Striped Babbler, (Gonzales & Kennedy, RS, 1990), (NT)
  • Negrosbrillefugl, Zosterornis nigrorum, Negros Striped Babbler, (Rand & Rabor, 1952), (EN)
Slekt Cleptornis
Slekt Rukia
  • Trukbrillefugl, Rukia ruki, Teardrop White-eye, (Hartert, E, 1897), (EN)
  • Langnebbrillefugl, Rukia longirostra, Long-billed White-eye, (Taka-Tsukasa & Yamashina, 1931), (NT)
Slekt Megazosterops
  • Storbrillefugl, Megazosterops palauensis, Giant White-eye, (Reichenow, 1915), (NT)
Slekt Heleia
Slekt Apalopteron
  • Boninbrillefugl, Apalopteron familiare, Bonin White-eye, (Kittlitz, 1830), (NT)
Slekt Tephrozosterops
  • Rustbrillefugl, Tephrozosterops stalkeri, Rufescent Darkeye, (Ogilvie-Grant, 1910), (LC)

Slekt Zosterops, 100 artar av typiske brillefuglar

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 207. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre