Gråbrystbrillefugl
Gråbrystbrillefugl (Zosterops lateralis), maori Tauhou, er ein sporvefugl i brillefuglfamilien med utbreiing i Australia, på New Zealand og Dei sørvestre Stillehavsøyane Lord Howe, Ny-Caledonia, îles Loyauté, Vanuatu, og Fiji. Dei er vanlege og talrike over heile området av relativt fruktbare sørvestre og søraustre delar av Australia inkludert Tasmania og Bass-sundøyane, og gjennom den fuktige kystsona i det tropiske Queensland, inkludert Cape York-halvøya. Gråbrystbrillefuglar koloniserte New Zealand på 1800-talet.
Gråbrystbrillefugl | |
Gråbrystbrillefugl frå Victoria, Australia Foto: Wikipedia-brukar Fir0002
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gråbrystbrillefugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Brillefuglar Zosteropidae |
Slekt: | Zosterops |
Art: | Gråbrystbrillefugl Z. lateralis |
Vitskapleg namn | |
Zosterops lateralis |
Skildring
endreDette er ein grønleg brillefugl på 12 centimeter som veg ca. 13 gram. Han syner ein karakteristisk og iaugefallande kvit ring rundt auga. Undersida er lys grå til kvit med raudbrune flankar. Stjerten er kvit på undersida. Elles er hovudet og oversida i olivengrønt med grått i nakkeområdet. Det typiske habitatet deira er innanfor opphavleg skog og krattskog, men treffast òg i hagar og parkar.[1]
Gråbrystbrillefuglar hekkar i heile perioden frå september til mars, men hovudsakleg om våren og forsommaren. Dei gjer eit lite koppforma reir av materiale som gras, mose, hår, edderkopptrådar og tisteldum. Reiret heng fritt frå eit lite tre eller ein busk, ofte 2 til 3 meter over bakken.[1] Hoa legg 2-5, typisk 3 lyseblå egg. Ruginga tar til etter at det andre egget er lagt. I løpet av hekkesesongen kan dei oppsede 2 eller 3 ungekull. Etter at ungane frå siste kull er flygedyktige, vil gråbrystbrillefuglane samle seg i flokkar og mange kan migrere nordover på seinsommaren.
Trekkåtferd
endreDelar av populasjonen er flyttfuglar. Fuglar på Tasmania kryssar Bass-sundet og spreier seg i Victoria, New South Wales og søraustlege Queensland. Bestandane av desse områda har ein tendens til å dra vidare mot nord, medan dei nordlegaste fuglane er standfuglar. På New Zealand er det observert lokale trekk, til dømes nordover internt på Sørøya, men ingen er dokumentert å føreta trekk over Cooksundet til Nordøya.
Gråbrystbrillefuglar var første gongen registrert på New Zealand i 1832. Dei kom då til Milford Sound[2] som ligg innanfor dagens Fiordland National Park på Sørøya. Større mengder kom først i 1856, og arten koloniserte heile landet. Seinare har dei òg kolonisert Norfolkøya og Chathamøyane. Maorien sin namn på arten, 'Tauhou', tyder «framandt» eller meir bokstaveleg, «ny tilkome».
I frukthagar
endreGråbrystbrillefuglar er altetande. Dei utfører ei verdifull teneste i hagar og frukthagar ved å beite på skadeinsekt, inkludert bladlus, skjoldlus og møll.[3] Men nokre hagedyrkarar ser på gråbrystbrillefuglar som eit alvorleg skadedyr ettersom fuglane òg beitar på eit breitt spekter av vanlege fruktartar, og valdar soleis stort økonomisk skadeverk.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Silver-eye» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2012.
- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
- ↑ Bob Brockie. Native plants and animals – overview, Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updated 25-Sep-11, henta 2. desember 2012
- ↑ «Silvereye». TerraNature Trust. Henta 6. september 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- BirdLife International (2012) Species factsheet: Zosterops lateralis Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. desember 2012.