Bring Your Daughter... to the Slaughter
Bring Your Daughter... to the Slaughter Song av Bruce Dickinson frå albumet A Nightmare on Elm Street 5: The Dream Child | ||
Utgjeve | August 1989 | |
Innspelt | 1989 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 4:57 | |
Selskap | Jive Records | |
Tekstforfattar | Bruce Dickinson | |
Låtskrivar(ar) | Bruce Dickinson | |
---|---|---|
Produsent | Chris Tsangarides[1] |
Bring Your Daughter... to the Slaughter av Iron Maiden frå albumet No Prayer for the Dying | ||
B-side |
«I'm a Mover» | |
---|---|---|
Utgjeve | 24. desember 1990 | |
Innspelt | Sommaren 1990 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 4:42[2] | |
Selskap | EMI | |
Tekstforfattar | Bruce Dickinson | |
Låtskrivar(ar) | Bruce Dickinson | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Holy Smoke» (1990) |
Bring Your Daughter... to the Slaughter | «Be Quick or Be Dead» (1992)
|
«Bring Your Daughter... to the Slaughter» er den andre singelen frå albumet No Prayer for the Dying av Iron Maiden frå 1990.[3]
Songen vart opphavleg spelt inn og gjeven ut av Bruce Dickinson for filmmusikken til A Nightmare on Elm Street 5: The Dream Child,[4][5] men Steve Harris likte songen så godt at Iron Maiden spelte han inn på ny.[3] Det vart den einaste singelen til bandet som gjekk heilt til topps på den britiske singellista,[6] trass i at han vart bannlyst på BBC og derfor lite spelt på radio.
Bakgrunn
endreI 1989 tok Iron Maiden ein pause frå turneringa, og Zomba bad Dickinson om å skrive ein song for A Nightmare on Elm Street 5: The Dream Child.[5] I lag med Gillan-gitaristen (og den framtidige Iron Maiden-gitaristen) Janick Gers, spelte Dickinson inn songen, som han hevdar han skreiv songen på «kring tre minutt» og prosjektet vart utvida til albumet Tattooed Millionaire.[7] Då han høyrte den ferdige songen, syntest Steve Harris han ville passa bra for Maiden og overtydde Dickinson om å spele inn songen med bandet.[3]
Originalversjonen av songen, som vann ein Golden Raspberry-pris for «Verste originale song» i 1989,[8] og er i følgje Dickinson, «heilt forskjellig frå Iron Maiden-versjonen. Arrangementet er det same, men min er på ein måte...smygande. Maiden køyrer på ein måte berre på».[3] Originalversjonen til Dickinson var med på The Best of Bruce Dickinson i 2001.[9]
Bruce Dickinson sa «Me skal gje denne ut på singel på julaftan for å skremme livskiten av Cliff Richard». Dette førte til at songen konkurrerte med Cliff Richard sin «Saviour's Day» om å bli førsteplassen på singellista i juleveka 1990, men sidan han ikkje kom ut offisielt før ei veke etter jul,[10] gjekk han rett til topps på den britiske singellista den 30. desember 1990.[11] Dette skjedde trass i at songen var bannlyst av BBC,[12] som nekta å spele songen på Radio 1 og berre viste eit 90 sekundar langt konsertopptak av songen på hitprogrammet Top of the Pops.[6] B-sida var versjonar av «I'm a Mover» (opphavleg av Free) og Led Zeppelin-songen «Communication Breakdown».
I tillegg til dei vanlege 7"- og 12"-utgåvene, kom singelen ut som ei spesialutgåve på 7" kalla «brain pack».[13]
Musikkvideo inneheld klipp frå filmen The City of the Dead/Horror Hotel[14] (John Llewellyn Moxey, 1960).
Som dei fleste songane frå No Prayer for the Dying vart «Bring Your Daughter to the Slaughter» sjeldan spelt etter den påfølgjande turneen, No Prayer on the Road, men han vart spelt på enkelte konsertar i 1992, 1993 og 2003.
Innhald
endre- Britisk singel
- «Bring Your Daughter... to the Slaughter» (Bruce Dickinson) – 4:42 (7" & 12")
- «I'm a Mover» (Andy Fraser, Paul Rodgers; Free) – 3:26 (7" & 12")
- «Communication Breakdown» (Jimmy Page, John Bonham, John Paul Jones; Led Zeppelin) – 2:42 (12")
Medverkande
endre- Iron Maiden
- Bruce Dickinson – solovokal
- Janick Gers – sologitar
- Dave Murray – rytmegitar, rytme- og sologitar på spor 2 og 3
- Steve Harris – bassgitar
- Nicko McBrain – trommer
- Produksjon
- Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing
- Derek Riggs – illustrasjon på plateomslaget
- Ross Halfin – fotografi
Versjonar
endreSongar | Land & år | Katalognummer | Format |
---|---|---|---|
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover | Australia 1990 | EMI 2552-7 | Singel 7" |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover | EEC 1990 | EMI 204171 7 | Singel 7" |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover | UK 1990 | EMI EMS 171 | Singel 7" |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | EEC 1990 | EMI 060 20 4171 6 | Maxi-singel 12" |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | UK 1990 | EMI 12 EMP 171 | Maxi-singel 12" |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover | UK 1990 | EMI EMPD 171 | Biletdisk 7" |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | UK 1990 | EMI 12 EMPD 171 | Biletdisk 12" |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | Nederland 1990 | EMI CDEM 171 | CD Single |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | Japan Promo 1990 | EMI TOCP-6572 | CD Single |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | Japan 1990 | EMI TOCP-6572 | CD Single |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | UK 1990 | EMI EMS 171 | CD Single |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover/Communication Breakdown | USA Promo 1990 | EMI Epic ESK 4007 | CD Single |
Bring Your Daughter... to the Slaughter/I'm a Mover | UK 1990 | EMI TCEM 171 | Cassette Single |
Lister
endreListe (1990) | Plassering |
---|---|
Storbritannia (The Official Charts Company) | 1[11] |
Liste (1991) | Plassering |
Finland (Suomen virallinen lista) | 1[16] |
Irland (IRMA) | 6[17] |
Den sveitisiske singellista | 19[18] |
Storbritannia (The Official Charts Company) | 1[19] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bring Your Daughter... to the Slaughter» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2016.
- ↑ «Various – A Nightmare On Elm Street 5: The Dream Child (Music From The New Line Cinema Motion Picture Soundtrack)». Discogs. Zink Media, Inc. Henta 10 August 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «Bring Your Daughter... to the Slaughter» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 24 December 1990.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 282. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ «A Nightmare on Elm Street 5: The Dream Child (Soundtrack)». Nightmare on Elm Street Films. Arkivert frå originalen 24 February 2012. Henta 29. august 2016.
- ↑ 5,0 5,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 275. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ 6,0 6,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 286. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 281. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ «Golden Raspberry Archive- 1989». Golden Raspberry. Henta 23. august 2016.
- ↑ «Interview with Bruce Dickinson October 2001». dmme.net. October 2001. Arkivert frå originalen 3. oktober 2015. Henta 29. august 2016.
- ↑ Worstall, Tim (18 April 2012). «Iron Maiden's Daughter Slaughter Lesson for Apple's iTunes App Store». Forbes. Henta 29. august 2016.
- ↑ 11,0 11,1 «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 30 December 1990 — 5 January 1991». Official Charts Company. Henta 14 October 2011.
- ↑ Smith, Sid (2007). «Iron Maiden - No Prayer for the Dying». BBC Music. Henta 23. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden – 'Bring Your Daughter... To The Slaughter' (Brain Pack)». Discogs. Henta 8 April 2012.
- ↑ City of the Dead trailer, IMDb
- ↑ «Bring Your Daughter... to the Slaughter» Biletdisk Single. Iron Maiden. EMI. 24 December 1990.
- ↑ Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirjaISBN 951-31-2503-3. (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi.
- ↑ «Irish singles archive». IRMA. irishcharts.ie. Henta 14. oktober 2011.
- ↑ «Iron Maiden - 'Bring Your Daughter to the Slaughter». Hitparade. Henta 14. oktober 2011.
- ↑ «UK Official Singles Chart Top 100 6 January 1991 - 12 January 1991». Official Charts Company. Henta 3. november 2015.