Communication Breakdown
Communication Breakdown Singel av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. januar 1969 | |
Innspelt | Oktober 1968 i Olympic Studios i London | |
Sjanger | Heavy metal, hardrock, protopunk[1][2] | |
Lengd | 2:28 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page, Robert Plant | |
Tekstforfattar | Jimmy Page, John Paul Jones, John Bonham, Robert Plant | |
Låtskrivar(ar) | Bonham/Jones/Page | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
Communication Breakdown | «Whole Lotta Love» / «Living Loving Maid (She's Just a Woman)» (1969)
|
«Communication Breakdown» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå debutalbumet deira Led Zeppelin frå 1969.
Struktur
endreDet hamrande gitarriffet vart spelt av Page gjennom ein liten Supro-forsterkar, og han køyrte Fender Telecasteren sin gjennom ein lukka Vox wah-wah-pedal for å skape ein «gitar i ein skoboks»-stil på soloen. «Communication Breakdown» er òg ein av få songar der Page song korvokal.
Konsertversjonar
endreSongen vart mykje spela på konsertane til Led Zeppelin, og er den einaste songen som er spela på kvar einaste turne av bandet. Han vart vanlegvis anten spela som første song eller som eit ekstranummer.
Innspelingar
endreI USa vart songen gjeven ut som B-side til singelen «Good Times Bad Times».
På Led Zeppelin BBC Sessions frå 1997 var songen med tre gonger, kvar gong med ei forskjellige improvisering av musikarane. To live-innspelingar for fjernsynsprogrammet Tous En Scene i Paris i 1969 og i the Royal Albert Hall i 1970 finst på Led Zeppelin DVD. «Communication Breakdown» er ein av få Zeppelin-songar som bandet gjorde ein video for. Denne finst òg på Led Zeppelin DVD.
Ettermæle
endreBassist i Dictators, Andy Shernoff har sagt at det raske gitarriffet på –Communication Breakdown var ein inspirasjon for stilen til The Ramones-gitarist Johnny Ramone.[3] Ramone sa i dokumentaren "Ramones:The True Story" at han øvde på denne stilen med å spele denne songen om att og om att.[4]
Medverkande
endreAndre versjonar
endre
|
|
Konsertversjonar
endre- 1969: Ibex
- 2006-2007: Wolfmother
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Communication Breakdown» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
- ↑ Greg Kot. Led Zeppelin: Album Guide Arkivert 2010-12-11 ved Wayback Machine.. Rolling Stone.
- ↑ Barney Hoskyns (2006), Led Zeppelin IV: Rock of Ages, Rodale, Inc., ISBN 1-5948-6370-9.
- ↑ Everett, True, Hey Ho Let's Go: The Story of The Ramones (2002): 13
- ↑ Ramones:The True Story. Classic Rock Legends. B000CRSF6W.
Bakgrunnsstoff
endre- «Communication Breakdown» på ledzeppelin.com Arkivert 2011-03-20 ved Wayback Machine.