Brosme (Brosme brosme) er ein fisk i torskefamilien, den einaste arten i slekta Brosme. Han kan bli opp i 1,2 meter lang og vege opp mot 20 kg. Vaksne individ lever helst på 100–1000 meters djupn. Det er ein botnnær djupvassfisk. Brosme skil seg frå andre torskfiskar ved at han berre har éin lang ryggfinne.

Brosme
Brosme
Brosme
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av brosme
Utbreiinga av brosme
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Underfamilie: Lotinae
Slekt: Brosme
Art: Brosme B. brosme
Vitskapleg namn
Brosme brosme

Fisken vert kjønnsmoden i 8–10-årsalderen. Det er kjende gyteområde utanfor kysten av Sør- og Midt-Noreg, og sør og sørvest av Færøyene og Island. Det er gyting frå april til august, seinast i nord.[1]

Norske fiskarar tek omlag 70 % av det oppfiska kvantum av brosme. For 2023 er det fiskekvote på 8076 tonn brosme nord for 62° N.[2]

Sportfiskarar fiskar gjerne etter store brosmer. Norsk rekord er 17,2 kg[3]

Matfisk

endre

Fiskekjøtet er kvit, og vert omtala som fast og fint. Smaken kan minne om hummar. Tradisjonelt har brosme vorte brukt til tørr- og klippfisk[4]. I det daglege kosthaldet har lettsalta , kokt brosme, gjerne servert på flatbrød eller lefse, vore vanleg[5]. Mange reknar det tjukke skinnet som ein delikatesse.

Brosme er og ein god steikefisk. Det er i dag ikkje uvanleg å legge han på grillen, bake i omn eller bruke i vokk.

Kjelder

endre


Fotnotar
  1. «Tema: Brosme». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 26. oktober 2022. Henta 4. april 2023. 
  2. «Her finner du fiskerireguleringer for 2023 - sist ut lange og brosme». Fiskeribladet. 15. desember 2022. Henta 4. april 2023. 
  3. «Slik fisker du brosme». HOOKED. 29. juni 2015. Henta 4. april 2023. 
  4. «Brosme – den nye torsken?». SINTEF. 17. august 2022. Henta 5. april 2023. 
  5. «Lettsalta brosme med fiskebrød». Norsk tradisjonsmat. Henta 5. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre