Brushane

fugleart
Brushane
Brushanehann
Brushanehann
Brushanehoe
Brushanehoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Brushane
Utbreiinga av Brushane
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Brushane C. pugnax
Vitskapleg namn
Calidris pugnax

Brushane (Calidris pugnax) er ein middels stor vadefugl som hekkar i myrar og våte enger over det nordlege Eurasia. Denne svært selskapelege snipa er ein trekkfugl og dannar nokon gongar enorme flokkar på vinterområda, som inkluderer Sør- og Vest-Europa, Afrika, Sør-Asia og Australia.

Brushane-egg

Brushanen skil seg i utsjånad frå andre sniper med eit relativt lite hovud. Han viser markert kjønnsdimorfisme; hannen er mykje større enn hoa (brushøna), og har ei leikdrakt som inkluderer fargerike vorter, naken oransje ansiktshud, omfattande svart på brystet og den store kragen av prydfjør som inspirerte det engelske namnet til denne fuglen, ruff. Hoa og den ikkje-hekkande hannen har gråbrun overside og hovudsakleg kvit underdel. Hannar har ei av tre ulike leikdraktar, inkludert ei sjeldan form som etterliknar hoa. Dei bruker ei rekkje strategiar for å få høve til paring på leiken, og dei fargerike hovud- og nakkefjørene er reist som ein del av den forseggjorde oppvisinga. Hoa har eit ungekull per år og legg fire egg i eit godt skjult reir, rugar egga og oppdreg ungane, som er mobile og rører på eiga hand rett etter klekkinga. Predatorar av ungar og egg inkluderer pattedyr som rev, villkatt og røyskatt, og fuglar som store måsar, kråkefuglar og joar.

Taksonomi endre

Brushanen er ein vadefugl i den store snipefamilien Scolopacidae, typiske vadefuglar. Forskingsresultat tilseier at dei næraste slektningane er fjellmyrløpar, Calidris falcinellus, og spisshalesnipe, Calidris acuminata.[2] Han har ingen kjente underartar eller geografiske variantar.[3]

Denne arten vart først skildra av Carl von Linné i Systema Naturae frå 1758 som Tringa pugnax. Han vart flytta til den monotypiske slekta Philomachus i 1804. DNA-forsking har vist at den passar godt inn i vadefuglslekta Calidris.[2] Slektsnamnet kjem frå det antikke greske 'kalidris' eller 'skalidris', eit omgrep brukt av Aristoteles for nokre gråfarga fuglar ved vatnet. Det spesifikke tilnamnet refererer til den aggressive åtferda til fuglen under leiken - pugnax frå det latinske uttrykket for «kampviljug».[3]

Skildring endre

Brushanen har ein særskild utsjånad, med eit lite hovud, middels langt nebb, relativt lang hals og bolleforma kropp med buk. Han har lange bein som varierer i farge, mørk, grønaktige hos ungfuglar, rosa til oransje hos vaksne, medan nokre hannar har raudoransje bein berre i hekkesesongen.[3] I flukta syner dei eit djupare, langsamare vengeslag enn andre vadarar av tilsvarande storleik, og viser eit tynt, utydeleg kvit strek på vengen og kvite ovalar på sidene av halen.[4]

Arten viser stor kjønnsdimorfisme. Sjølv om ein liten prosentdel av hannane liknar hoer året rundt,[5] er den typiske hannen mykje større enn hoa og utviklar dessutan ei særmerkt leikdrakt. Hannfuglar er større enn ein raudstilk; hoa er mindre. Hannane er 26–32 centimeter lange med eit 54–58 cm vengespenn, og veg omtrent 130-250 gram.[3] I hekkesesongen frå mai til juni er beinet til hannen, nebbet og den vorteaktige nakne ansiktshuda oransje, og dei har karakteristiske vorteliknande og ein vid svart eller kvit krage. Desse ornamenta varierer mellom dei individuelle fuglane, og er svarte, kastanjebrune eller kvite, einsfarga, flekte eller uregelmessige.[4] Den gråbrune ryggen har eit skjelliknande mønster, ofte med svarte eller kastanjefarga fjører, og undersida er kvit med mykje svart på brystet.[3] Den ekstreme variasjonen i leikdrakta under hekketida blir antatt å ha utvikla seg for å hjelpe til med individuell attkjenning hos ein art som samlast på ein spelplass og vanlegvis er stum.[6]

Utanom hekkesesongen har kjønna same fjørdrakt, hannen sine hovud- og nakkedekorasjonar og den nakne ansiktshuda forsvinn og beina og nebbet blir mattare. Oversida er gråbrun, og undersida er kvit med grå flekker på bryst og flankar.[4]

Hofuglane er 20–25 cm lange med eit 48–52 cm vengespenn, og veg omtrent 110 gram.[3] I hekkefjørdrakt har dei gråbrun overside med kvitfrynsa, mørksentrerte fjører. Brystet og flankane er forskjellig flekkete med svart. Om vinteren er hoa sin fjørdrakt lik drakta til hannen, men kjønna kan skiljast ut på storleik.[3]

Fjørdrakta til den unge brushanar liknar ikkje-hekkande vaksne, men har overkant med eit pent, skjelliknande mønster med mørke fjørsentrum, og eit kraftig gult fargeskjer på undersida.[4]

Utbreiding endre

Brushanen hekkar lokalt i Nord- og Nordvest-Europa som trekkjer regelmessig over heile Europa.

Brushanen er ein trekkfugl. Dei første hannane reiser i slutten av juni medan hovudtrekket for hoer og ungfuglar er i august-september. Fuglane kjem tilbake til hekkeplassen i mai etter å ha overvintra i Afrika.

Arten var peika ut som «årets fugl» i 2009 av Norsk ornitologisk foreining.

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av brushane Calidris pugnax for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. 2,0 2,1 Thomas, Gavin H.; Wills, Matthew A.; Székely, Tamás (2004). «A supertree approach to shorebird phylogeny». BMC Evolutionary Biology 4: 28. PMC 515296. PMID 15329156. doi:10.1186/1471-2148-4-28.  Figur 7 syner relevante slektskap. Supplementary Material
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Van Gils (2020)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Svensson, Lars et al (2017). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820
  5. Jukema, Joop; Piersma, Theunis (2000). «Contour feather moult of Ruffs Philomachus pugnax during northward migration, with notes on homology of nuptial plumages in scolopacid waders» (PDF). Ibis 142 (2): 289–296. doi:10.1111/j.1474-919X.2000.tb04868.x. 
  6. Hugie, Don M.; Lank, David B. (1997). «The resident's dilemma: a female choice model for the evolution of alternative mating strategies in lekking male ruffs (Philomachus pugnax)». Behavioral Ecology 8 (2): 218–225. doi:10.1093/beheco/8.2.218. 

Bakgrunnsstoff endre