Spisshalesnipe

fugleart
Spisshalesnipe
Spisshalesnipe på Taiwan Foto: Alder Share
Spisshalesnipe på Taiwan
Foto: Alder Share
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av spisshalesnipe
Utbreiinga av spisshalesnipe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Spisshalesnipe C. acuminata
Vitskapleg namn
Calidris acuminata

Spisshalesnipe (Calidris acuminata) er ein vadefugl i snipefamilien. Arten hekkar i nordaustre Sibir og trekker til Ny-Guinea og Australia.

Spisshalesnipa måler 17-21 cm centimeter,[1] og veg 60 gram.[2] Ho er ei brunspetta snipe med raudbrun krone, mørk øyestripe, kvit augebryn og kvit augering. Undersida er kvit, beina gulgrøne og nebbet er gråbrunt med grønleg base og svakt det er nedbøygd. I hekkedrakt er oversida farga med nøttebrunt og gulbrune fjørkanter, brystet er oransjebeige. Brystet og kroppsidene er kraftig svartflekka. Ikkje-hekkedrakt er utan svarte flekker på strupe bryst og sider, og drakta har blassare farger. Ungfuglar er meir raudlege enn vaksne utan hekkedrakt.

Spisshalesnipa er ein sterk trekkfugl, hekkar i Sibir, mellom elvane Lena og Kolyma, og trekker til Australia, Ny-Guinea, nokre få til New Zealand, Vanuatu, Fiji og Ny-Caledonia. Utanom hekketida beitar og kviler spisshalesniper i flokkar saman med andre vadefuglartar ved ferskvass og saltvasslaguner. Spisshalesnipa er ein sjeldan streiffugl til Vest-Europa.

Populasjonen er estimert til ca. 100 000 hekkande par i Sibir, (2009) og er stabil.[3]

KjelderEndra

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

ReferansarEndra

  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 978-82-05-41882-0.
  2. Barrie Heather og Hugh Robertson
  3. BirdLife International (2012) Species factsheet: Calidris acuminata. Henta frå http://www.birdlife.org den 23. oktober 2012.

BakgrunnsstoffEndra

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Calidris acuminata
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spisshalesnipe