Mjølkemaskin

Mjølkemaskin er eit apparat som vert nytta for å tømme jura til ulike mjølkegjevande husdyr for mjølk. Mjølkemaskina nyttar prinsippet for vakuumpumpe. Mjølkemaskiner for kyr har normalt fire koppar, den er driven med elektrisk energi og har eit slangesystem som bring mjølka i ein tank for vidare prosessering. Mjølkemaskiner har i stor grad erstatta mjølking for hand.

Mjølkemaskin i bruk på ei ku.

Svensken Gustaf de Laval (1845–1913) er rekna som oppfinnaren av mjølkemaskinen. Firmaet DeLaval fekk patent på ei mjølkemaskin i 1917.[1] Den opphavlege mjølkemaskina der mjølka blei samla i ein behaldar ved den enkelte kua er seinare erstatta av røyrmjølkeanlegg som fungerer etter dei samme vakuumprinsippa, men som er tilslutta eit røyranlegg og ein felles rustfri ståltank. På 1990-talet starta innføringa av mjølkerobotar der heile mjølkinga føregår automatisk.

KjelderEndra

  1. DeLaval Milepæler[daud lenkje]

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Mjølkemaskin
  Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.