Opna hovudmenyen
Ei skogsmaskin med lågt marktrykk.

Marktrykket er trykket ein gjenstand utøver mot marka. Marktrykk er ei kraft (med eining N) dividert med arealet (med eining ) krafta verkar over, så det får eining Pa (N/). Omgrepet vert ofte nytta i samband med køyretøy og må ikkje forvekslast med aksellast, som er ein masse med eining kg.

Om ein kjenner aksellasta og arealet til anleggsflata mellom dekka og marka kan ein finna marktrykket som

,

der er aksellasta (i kg), er tyngdeakselerasjonen (i m/s) og er samla areal (i m²) til anleggsflatene mellom alle dekka på akselen og marka. På liknade vis kan ein finna marktrykket til eit beltekøyretøy ved å dividera massen på beltearealet (under føresetnad om at massen er jamnt fordelt).

Praktiske konsekvensarEndra

Marktrykk har store praktiske konsekvensar for ulike typar køyretøy.

LandbrukEndra

 
Traktorar har store hjul med lågt lufttrykk for å redusera marktrykket.

For terrengkøyretøy som vert nytta på mark med dårleg bereevne er det ein føremon med så lågt marktrykk som mogeleg, både for å auka framkomstevna og for å redusera skaden på marka. Det same gjeld for jordbruksmaskinar, der høgt marktrykk fører til at jorda vert pakka saman. Skogsmaskinar, traktorar og anna jordbruksreiskapar vert difor utstyrte med hjul med stor anleggsflate, som ein oppnår med å nytta hjul med stor diameter og breidd, samen med lågt lufttrykk. Tilhengarar er ofte utstyrte med boggi for å fordela vekta over eit større areal.

På vår mark med har særleg dårleg bereevne vert det i noko mon nytta belter. I jordbruket er beltetraktorar ikkje så utbreidde i Nord-Europa, men i andre land, som til dømes Italia, er dei meir uvanlege. Om til dømes ein beltetraktor har ein masse på 18 tonn og eit belteareal på 2(3 m)(0,5 m) = 3 m² har eit marktrykk på 6 kPa, medan eit fruentimmer med ein masse på 60 kg og med høghelte sko med eit areal på 1 cm² under kvar hel har eit marktrykk på 300 kPa, som er 50 gongar meir enn bulldosaren. Skogsmaskinar er ofte utstyrte med belte.

GodstransportEndra

 
Tilhengaren på denne spesialtransporten, med ei nyttelast på 92 tonn, nyttar mange hjul for å redusera marktrykket. Trekkvogna derimot er «lasta ned» for å auka marktrykket så mykje som mogleg utan å overskrida tillate akseltrykk. Dette for å auka friksjonen mellom dekka og vegbanen.

For å hindra skade på vegen set myndigheitene grenser for aksellastenlastebilar og vogntog, på offentlege vegar. Dette er hovedgrunnen til at lastebilar og vogntog fordeler vekta på mange hjul, ofte i form av tvillinghjul og ein eller fleire boggiar. I teleløysinga om våren kan aksellasten vera redusert på vegar med dårleg fundamentering og det kan vera høge bøter for å overskrida tillaten aksellast.

På glatt føre er det ein føremon at marktrykket på drivhjula er så stort som mogeleg (utan å overskrida tillaten aksellast). På lastebilar med boggi utan tandemdrift kan akslingen utan drift lyftast for å auka marktrykket på drivhjula. Semitrailerar har ofte trippelboggi, der den fremste akslingen kan lyftast for å auka markgrepet på trekkvogna. Dette er nyttig for å auka framkomlegheita i bakkar. Lasta på semitrailerar må fordelast slik at dei ikkje vert for baktunge, noko som både kan redusera framkomlegheita og føra til at trekkvogna sklir ut i ein sving på glatt føre.

VeggrepEndra

 
Formel 1-bilar nyttar spoilerar for å auka marktrykket.

For mindre bilar freistar ein ofte å auka marktrykker, for å auka friksjonen mellom dekka og vegbanen. I stor fart kan dette gjerast ved å ustyra bilen med ein spoiler som fungerer som pressar bilen mot vegbanen. Denne metoden vart utvikla for formelbilar, men var etter kvart innført på sportsbilar.

På glatt føre er det ein føremon at drivhjula har så høgt marktrykk som mogeleg. Når farten er låg er einaste måten å auka marktrykket på å auka massen til køyretøyet, slik at vekta aukar. Ved å plassera motoren over drivhjula vert marktrykket større og framkomsevna betre. Frontmotor og framhjulsdrift, eller hekkmotor og bakhjulsdrift er kombinasjonar som aukar marktrykket.

Sjå ògEndra