Bunny Wailer, fødd som Neville O'Reilly Livingston (10. april 19472. mars 2021)[1][2] var ein jamaicansk reggaemusikar og songar frå Kingston. Han var stebror av Bob Marley[3][4] og ein av dei opphavlege medlemmene i den legendariske gruppa The Wailers (saman med Peter Tosh), ei gruppe som kalla seg The Teenagers og The Wailing Rude Boy før dei byrja spela inn musikk som ska-gruppa The Wailing Wailers.[5]

Bunny Wailer

Fødd10. april 1947
FødestadKingston på Jamaica
Død2. mars 2021 (73 år)
DødsstadKingston på Jamaica
FødenamnNeville O'Riley Livingston
AliasBunny Wailer
OpphavJamaica
Aktiv1963–2021
Sjangerreggae
InstrumentPerkusjon, vokal
PlateselskapIsland Records, Solomonic
Verka somreggaesanger, perkusjonist, songar-låtskrivar, plateartist, songar, komponist

Neville Livingston var den som tok initiativ til å skipa The Wailers, som i lag med Toots and The Maytals var dei mest populære ska-artistane på Jamaica på 1960-talet. Han var òg medlem i den utforminga av The Wailers som slapp albuma Catch A Fire og Burnin i 1973 – dei to reggaealbuma på Island Records som leidde fram til det internasjonale gjennombrotet for reggae. Han hadde deretter ein solokarriere til inn på 2000-talet.[6]

Barndom endre

Som liten budde Neville med faren Thaddius Livingston i Nine Mile på Jamaica. Der gjekk han på Stepney School, og det var der han møtte Robert Nesta Marley og blei venn med han. Neville og faren hans flytta til den jamaicanske hovudstaden Kingston i 1952, og Marley og mora hans Cedella Booker følgde snart etter. Begge foreldra var einslege, og flytta saman. Dei fekk dottera Claudette «Pearl» Livingston. Neville og Robert blei dermed stebrør.

Både Bob og Bunny hadde ei brennande musikkinteresse, og ville bli artistar. Bunny Wailer tok i 1963 initiativ til å oppretta ska-vokalistgruppa som med tida fekk namnet The Wailers. I denne gruppa kom og gjekk medlemmene, men Junior Braithwaite, Beverley Kelso, Cherry Smith, Bunny Wailer, Bob Marley og Peter Tosh var nokså faste medlemmer.[6]

Ska-tida på 1960-talet endre

Songarane i den nyskipa vokalistgruppa kalla seg fyrst for «The Teenagers», deretter for «The Wailing Rudeboys», «The Wailing Wailers» og til slutt «The Wailers».[6] Under ska-tida på 1960-talet spelte vanlegvis ikkje songarane noko instrument, sidan innspelingsstudioa til musikkprodusentane heldt seg med egne husband og songarane fekk koma dit og spela inn dei nye låtane sine. Om produsenten likte låten fekk songarane hjelp av husbandet til å spela inn ein singel. The Wailers sin største hit i ska-tida var «Simmer Down», produsert av Clement «Coxsone» Dodd i 1963.

Bunny Wailer var mellom anna hovudsongar på låtane «Sunday Morning», «Dreamland» og «Rock Sweet Rock»…. I 1967 fekk musikkarrieren hans eit avbrot då han blei dømt til fengsel for å inneha marijuana. Då gruppa blei gjenforeint hadde ein ny musikkstil slått gjennom på Jamaica, rocksteady. The Wailers lukkast i å halda fram med å vera ei nokså populær gruppe også i denne perioden.

The Wailers, rastafari og reggae endre

Den etiopiske keisaren Haile Selassieden levande guden ifølge jamaicanske rastafariar – hadde eit offisielt statsbesøk på Jamaica i 1966. Han blei rundt 15 000–20 000 rastafariar frå heile øya då han gjekk av flyet på Norman Manley Airport 21. april 1966. Hendinga gjorde at mange fekk ein nytt syn på rasta-trua. Dei fleste jamaicanarar visste ikkje at det fanst så mange rasta-truande i landet.[7] Synet av så mange av dei, slåande kledde i raudt, gult og grønt og med nesten halvmeterslange dreadlocks som messa «Jah Rastafari, Jah Rastafari, King of kings, Lord of lords», imponerte mange byungdommar. Rita Marley konverterte straks til rastafari etter å ha sett spikarhol i hendene til keisaren då han vinka til menneskemassane frå den opne bilen han sat i under bilkortesjen.[8] Bunny Wailer og Peter Tosh blei òg gradvis overtydde rastafariar, så då Bob Marley kom tilbake frå USA i oktober 1966 var både kona hans og dei næraste vennane blitt rastafariar og vegetarianarar.

På slutten av 1960-talet byrja Bob Marley, Peter Tosh og Bunny Wailer å læra seg å spela ulike instrument på alvor. Bunny Wailer konsentrerte seg om el-bass, dei to andre om gitar. I 1970 byrja The Wailers eit samarbeid med den vilt eksperimenterande utviklaren av reggae, Lee «Scratch» Perry, og fekk gjennom dette òg tilgang til studiobandet hans The Upsetters. Då dei etter forlet Perry og fekk eit lån av Chris Blackwellfrå Island Records for å spela inn ein LP, hadde dei overtalt bassisten Aston «Familyman» Barrett og broren hans, trommisen Carlton Barrett, til å forlata Upsetters for å spela med Wailers i staden.

Dei fyrste to albuma The Wailers gav ut på Island var ikkje umiddelbare suksessar, men til slutt oppdaga det internasjonale publikummet Catch A Fire og Burnin' (begge albuma kom ut i 1973), og regga blei ein musikkstil som òg blei spelt utanfor Jamaica. Med suksessane følgde eit intensivt turneliv, noko som ikkje passa Bunny Wailer så godt. Av The Wailers sine to Island-album kjem det òg fram at Bob, Peter og Bunny representerte tre ganske ulike stilar innan reggae. Det heile slutta med at Peter og Bunny forlet gruppa for å utvikla seg som artistar, medan Bob og Barrett-brørne heldt fram, no som Bob Marley & The Wailers.

Bunny Wailer avbraut midt i turneen etter albuma fordi han ikkje orka å turnera i Europa og Nord-Amerika framfor nesten berre kvite ansikt. På grunn av sceneskrekk skulle det gå ti år før Bunny i det heile stod på ein scene igjen, og han retta difor merksemda si mot studioinnspeling. Peter Tosh forlet The Wailers eit halvår etter Wailer.

Blackheart Man, Protest endre

Peter Tosh sin solokarriere gjekk betre enn den til Bunny Wailer, ettersom Tosh satsa på intensiv turnering verda over, medan Bunny satsa heilt på studioalbum. Han starta sitt eige platemerke, Solomonic, og avtalte med Island Records at dei skulle stå for distribusjonen. Den fyrste LP-en hans som soloartist var Blackheart Man, som kom ut i 1976. Dette albumet er på mange måtar endå eit Wailers-album. Peter Tosh medverka som gitarist på fleire låtar, medan Bob Marley kora og stod for ein del av miksinga. Brørne Barrett stod for bass og trommer. Bunny Wailer sjølv lykkast i å visa at han ikkje berre var ein bakgrunnssongar, men også ein gåverik låtskrivar og ein framifrå solosongar.

Dei to neste albuma – Protest og Struggle – viste dei djupe politiske og religiøse overtydingane til Bunny Wailer. Albuma blei godt tatt imot og fekk bra kritikk, men kunne ikkje jamførast med suksessane som Marley og Tosh hadde. På albumet Protest er den vokala opptredenen til Wailer betre enn nokonsinne, skreiv Allmusic.[9]

Det sjølvsagte trekkplasteret for ikkje-innvigde reggaekjennarar er den kjende hitten «Get Up, Stand Up», skriven av Bob Marley og Peter Tosh i 1973 og framført på LP-albumet Burnin' same året. Wailer kan verka som å saktna tempoet, men eigentleg er hans versjon enn dei til Marley og Tosh – ein rockers-låt med innslag av funk som hjelper til med å manifestera rastafariansk skeptisisme mot kristne grunnleggjande syn som at «ein dag skal den store Guden stiga ned frå himmelen og retta alle feil, vekka opp dei døde i gravne sine og få alle til toppen», og det manglande tolmodet med denne bodskapen.

Albumet In I Father's House (1980) vekte ikkje større merksemd og var knapt at få tak i utanfor Jamaica. Same året spelte han inn to album med Sly & Robbie Roots Radics Band i ryggen, noko som resulterte i ein mykje raskare, tyngre og gladare rockers-inspirert reggae: Rock'n'Groove og Bunny Wailer Sings The Wailers. Rock'n'Groove var eit gjennomtenkt album som bestod av heilt nytt materiale, og representerte ein ny sound som verken før eller seinare er blitt høyrd innan reggae. Den andre innspelinga var ein LP med reggaeversjonar av Wailers-låtar frå 1960-talet og nokre Tosh-låtar frå 1970-talet. Begge albuma selde nokså godt utandlands, og singlane Cool Runnings og Rock'n'Groove hamna høgt på listene på Jamaica.[10] Desse to skivene blei følgde av Tribute (til stebroren Bob Marley, som døydde av kreft i mai 1981).

Etter ein lengre flørt med dancehall-reggae vende Bunny Wailer tilbake til rootsreggae med albumet Liberation (1989).

Gjenopptaking av turnélivet endre

I 1983 stod Bunny Wailer på scenen igjen, for fyrste gong på ti år. Dette var på ein veldedig galla i Kingston til støtte for blinde barn, der han opptrette i lag med Sly og Robbie Roots Radics. Det er blitt sagt at alle som såg han lurte på kvufor han hadde vore borte frå scenen så lenge, ettersom live-opptreden hans var så mykje betre enn studioalbuma hans.

Fleire soloalbum følgde, men det skulle gå ti år frå utgjevinga av Blackheart Man til Bunny Wailer hadde sin fyrste utanlandske opptreden. Denne konserten fann stad 12. juli 1986 i Long Beach i California, og viste at òg Bunny var ein av dei store innan reggae med ein egen sound. Bunny sjølv blei overraska over at han verka vera meir populært utanlands enn heime på Jamaica. Med på turneen var òg Robbie Shakespeare på bass og Sly Dunbar på trommer – to gåverike musikarar som òg spelte saman med Black Uhuru og som Bunny Wailer tidleg hadde oppdaga. Robbie Shakespeare hadde allereie medverka på Blackheart Man.

Same året heldt Bunny Wailer òg ein konsert i New York som blei filma, og no finst som DVD.

Grammyprisar og politikk endre

Begge dei grammyvinnande albuma til Bunny Wailer frå 1990-talet – Time Will Tell: A Tribute to Bob Marley (1990) og Hall of Fame: A Tribute to Bob Marley's 50th Anniversary – var hyllingar til og versjonar av musikken til barndomsvennen Bob Marley. Til dels har Bunny Wailer vore driven av eit ønske om at dei gamle Wailers-låtane ikkje skulle gløymast bort, særleg etter at både Marley og Tosh hadde døydd. Samtidig har han hatt ein fot i roots reggae og den andre i dancehall gjennom det lange artistliva sitt. Det tredje Grammy-vinnande albumet han var Crucial Roots Classics (2005).

På 1990-talet byrja Bunny Wailer å interessera seg for politikk, noko som er svært uvanleg for ein rastafarianar. Det var særleg barne- og ungdomsspørsmål han hadde sterk interesse for. Han grunnla eit politisk parti – United Progressive Party (OPP) – på midten av 1990-talet. Partiet hadde fleire utdanningsreformer på programmet, i tillegg til legalisering av marijuana. Partipolitikken heldt han borte frå innspelingsstudio på andre halvdel av 1990-talet, men sidan har han gjeve ut fleire album.[10]

Familie endre

Det var i 1973, etter at musikaren hadde utvikla sceneskrekk og valde å ikkje følgja opp turnéen i Storbritannia med ei rekkje konsertar i USA, at Bunny Livingston gjekk over til å kalla seg for Bunny Wailer.[11] Han var også kjend som Jah B.[12]

Bunny Wailer var gift med Jean «Sister Jean» Watt i over 55 år. Ho designa dei fleste av scenekostyma hans.[13] Wailer hadde 13 barn, 12 døtrer og ein son.[14]

Solodiskografi endre

Album endre


Samlealbum endre

  • Crucial! Roots Classics (1994) RAS[23]
  • Retrospective (1995) Solomonic/Shanachie[28]
  • Dubd'sco Volumes 1 & 2 (1998) RAS[18]
  • Bob Marley & The Wailers Vol 2: Bunny Wailer & Johnny Lover (2002) Saludos Amigos (med Johnny Lover)[29]
  • Winning Combinations: Bunny Wailer & Dennis Brown (2002) Universal Special Products (med Dennis Brown)[30]
  • The Wailers Legacy (2006) Solomonic (Bunny Wailer & The Wailers)[31]
  • Tuff Gong/Island Singles 1: Tread Along: 1969–1976 (2016) Dub Store Records/Tuff Gong/Island[30]
  • Solomonic Singles 2: Rise and Shine: 1977–1986 (2016) Dub Store Records/Solomonic[30]

DVD-ar endre

  • Live (2005) Video Music, Inc.[30]

Kjelder endre

  1. «Bunny Wailer is dead». Jamaica Observer. 2. mars 2021. Henta 2. mars 2021. 
  2. https://apnews.com/article/bunny-wailer-dead-41f656973e58c6ebe98c223bc06ffc1b
  3. Bestjamaica.com: Bunny Wailer, the Living Legend Arkivert 2010-09-15 ved Wayback Machine.
  4. Iration.com: Bunny Tribute. The Life of Bunny Wailer
  5. Bob Marley mp3-videos:: Neville Livingston Arkivert 2010-02-20 ved Wayback Machine.
  6. 6,0 6,1 6,2 VitalSpot (2000 - 2008) Bunny Wailer's Biography. VitalSpot (webbsajt) «Arkiverade kopian». Arkivert frå originalen 18. desember 2008. Henta 8. desember 2008.  Arkivert 2008-12-18 ved Wayback Machine.
  7. Jamaicans.com: H.I.M. Haile Selassie's Visit to Jamaica av Eventuell Författare, 25 maj 2003
  8. Religionfacts: Rastafari Arkivert 2010-01-02 ved Wayback Machine., 2003
  9. Heibutzki, Ralph (2005): Protest by Bunny Wailer. Adherents.com (Rovi Corporation). Vitja 2012-01-09.
  10. 10,0 10,1 Greene, Jo-Ann (2004) Bunny Wailer Biography. All Music.
  11. Moskowitz, David (2009) The African American Experience
  12. «Reggae legend Bunny Wailer dies aged 73 · News ⟋ RA», Resident Advisor (på engelsk), henta 31. desember 2022 
  13. Fleary, Sinai (25. mai 2022), «Where is Sis Jean? Family of Bunny Wailer still searching for missing wife two years on», Voice Online (på engelsk), henta 31. desember 2022 
  14. «PAID! Bunny Wailer’s Kids Settle Hospital Bills, Move To Send Off Reggae Icon With Dignified Burial», DancehallMag (på engelsk), 26. april 2021, henta 31. desember 2022 
  15. Cooke, Mel (15 June 2009). «Bunny Wailer's 'Blackheart Man' remastered». Daily Gleaner (Gleaner Company). Henta 8. juni 2016. 
  16. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: W». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21 March 2019 – via robertchristgau.com. 
  17. 17,0 17,1 DeRiso, Nick (2. mars 2021). «Reggae Legend Bunny Wailer Dies at 73». Ultimate Classic Rock (på engelsk). 
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 Thompson, Dave (2002). Reggae & Caribbean Music. Hal Leonard Corporation. s. 296–297. ISBN 978-0-87930-655-7. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 Mint, Reggie (28. juli 2020). «Best Reggae Singers: 20 Of Reggae's Greatest Voices». uDiscover Music. 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Vibes, Mr T. at Reggae (3. mars 2021). «Bunny Wailer - The Blackheart Man (1947-2021)». 
  21. 21,0 21,1 Christgau, Robert (1990). Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '80s. Pantheon Books. s. 429. ISBN 978-0-679-73015-6. 
  22. Retrospective (CD booklet). Bunny Wailer. RAS Records. 2003. s. 2. 06076-89600-2. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Bonitto, Brian (22 January 2014) "Bunny Wailer Turns Up Treble Arkivert 2021-03-03 ved Wayback Machine.", Jamaica Observer. Retrieved 24 January 2014.
  24. «Junior Braithwaite». the Guardian. 23 June 1999. 
  25. «Bunny Wailer's Sound Clash». www.top-charts.com. 
  26. «Bob Marley And The Wailers - Discography Simplified : 2009». voiceofthesufferers.free.fr. 
  27. «BUNNY WAILER & WAILING SOULS - DUB FI DUB - 2018». 10. september 2018. 
  28. Kenner, Rob (Juli 1995). «Boom Shots». Vibe (på engelsk) (Vibe Media Group). s. 114. [daud lenkje]
  29. «Bob Marley And The Wailers , Guests Bunny Wailer & Johnny Lover - Bob Marley & The Wailers Vol. 2 Album». Favorite Music Albums - opencloudpa.it (på engelsk). OpenCloud PA. 2016. Henta 4 March 2021. 
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 «Bunny Wailer – Album Discography». AllMusic. Henta 3. mars 2021. 
  31. Steffens, Roger; Pierson, Leroy Jodie (2005). Bob Marley and the Wailers: The Definitive Discography. Rounder Books. s. xiii. ISBN 9781579401207.