Opna hovudmenyen

Buq'ata (arabisk بقعاتا, hebraisk בֻּקְעָאתָא) er ein drusarby nord i Golanhøgdene, i dag administrert av Israel. Dei fleste innbyggjarane har syrisk borgarskap. Buq'ata dekkjer eit område på 7 km² mellom Hermonit og fjellet Varda. Han ligg 1 070 meter over havet. I 2007 var folketalet 5 700.[1]

Buq'ata
بقعاتا
landsby
Buqata entry road.jpg
Vegen inn til Buqata
Land Flag of Syria.svg Syria, Flag of Israel.svg Israel
Israelsk distrikt og underdistrikt Nord-distriktet, Golan
Syrisk guvernement og distrikt Quneitra guvernement, Quneitra-distriktet
Stad Golanhøgdene, (Internasjonalt anerkjend som syrisk territorium okkupert av Israel)
 - høgd 1 070 moh.
 - koordinatar 33°12′N 35°47′E
Folketal 5 700 (2007)
Golan location map 2.PNG
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Buqata

HistorieEndra

Buq'ata vart grunnlagd i 1880-åra av familiar frå nabobyen Majdal Shams. Han vart øydelagd i 1888 under ei rekkje kampar mellom rivaliserande landsbyar i området, og igjen i 1925 under det store syriske opprøret mot det franske mandatstyret. Han vart ein del av det sjølvstendige Syria i 1946. I løpeg av seksdagarskrigen i 1967, vart byen erobra av Israel. Buq'ata fekk israelsk kommunestatus i 1982.

Sidan opprøret i Syria, har noko valdeleg uro breidd seg over til Buq'ata, der innbyggjarar som er lojale overfor president Bashar al-Assad i Damaskus har slost mot opprørarar.[2]

DemografiEndra

Innbyggjarar i Buq'ata har permanent innbyggjarstatus i Israel ogo har rett til israelsk borgarskap. Dei mottar lokale sosialhjelp frå Israel og dei produserer varer for israelske distributørar.[3]

ØkonomiEndra

Hovudnæringa er hovudsakleg jordbruk, med eple og druer som dei viktigaste avlingane. I 2013 hausta Buq'ata 55 000 tonn eple, som er selde til marknader i Israel eller eksporterte til Syria.[3]

KjelderEndra