Bye Bye Love
Bye Bye Love Singel av The Everly Brothers frå albumet The Everly Brothers | ||
B-side |
«I Wonder If I Care as Much» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1957 | |
Innspelt | 1. mars 1957, RCA Studios, Nashville, Tennessee | |
Sjanger | Rockabilly, country, rock and roll | |
Lengd | 2:23 | |
Selskap | Cadence | |
Komponist | Boudleaux Bryant, Felice Bryant | |
Tekstforfattar | Boudleaux Bryant, Felice Bryant | |
Låtskrivar(ar) | Felice og Boudleaux Bryant | |
The Everly Brothers-kronologi | ||
«Keep A-Lovin' Me» (1956) |
Bye Bye Love | «Wake Up Little Susie» (1957)
|
«Bye Bye Love» er ein popsong skriven av Felice og Boudleaux Bryant og publisert i 1957. Han er mest kjend med debutinnspelinga til The Everly Brothers,[1] gjeven ut på Cadence Records. Songen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista og førsteplassen på Cash Box Best Selling Record-lista. Versjonen nådde òg toppen av countrylista i USA våren 1957.[2] The Everly Brothers sin versjon av «Bye Bye Love» vart rangert på 210. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Andre versjonar
endreWebb Pierce spelte inn ein versjon av «Bye Bye Love» kring same tida som Every Brothers, og denne nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista sommaren 1957.
Andre artistar som har spelt inn songen er
- Rory Blackwell
- Connie Francis (på Country & Western – Golden Hits)
- Roy Orbison (på Lonely and Blue i 1960)
- Ray Charles i 1962 på albumet Modern Sounds in Country and Western Music
- Trini Lopez i 1964 på hans On The Move
- Arthur Alexander i 1968
- The Dials i ein reggaeversjon i 1969
- Simon & Garfunkel i eit konsertopptak i 1970 for Bridge Over Troubled Water.
- Ray Stevens i 1973 på albumet Losin' Streak.
- Jimmy Stevens spelte songen i 1972 på Don't Freak Me Out
- David Lindley på El Rayo-X i 1981.
- Lacy J. Dalton i 1992 på albumet Chains on the Wind. Versjonen hennar nådde 69. plassen på countrylista i Canada.[3]
- The Proclaimers is heard in the 1995 film Bye Bye Love.
- The Pearls på A String of Pearls i 2005 .
Songen vart nytta i filmen All That Jazz i 1979, sungen av Ben Vereen og Roy Scheider. Han vart òg spelt i første episode av sesong to av Masters of Sex.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bye Bye Love» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Everly Brothers intervjua på Pop Chronicles (1969)
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 117.
- ↑ «RPM Country Tracks». RPM. 4. juli 1992. Henta 21. februar 2015.
- ↑ http://www.tunefind.com/show/masters-of-sex/season-2/18060
Bakgrunnsstoff
endre211: «Gloria» Them |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 210 «Bye Bye Love» The Everly Brothers |
209: «Reach Out - I'll Be There» The Four Tops |