Christian Frederik Hansen

dansk arkitekt
(Omdirigert frå C. F. Hansen)

Christian Frederik Hansen (fødd 29. februar 1756 i København, død 10. juli 1845 i Frederiksberg)[1] var ein dansk klassisistisk arkitekt, kongeleg hoffbyggmeister, professor og direktør for Kunstakademiet. Han er rekna for ein framståande arkitekt frå denne perioden.[2] Han prega samtida og la grunnlaget for den nordiske klassisismen.[3] Hansen er òg ein av hovudpersonane i den danske gullalderen.

Christian Frederik Hansen

C.F. Hansen måla av Friedrich Carl Gröger i 1820
Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Danmark
Fødd 29. februar 1756
København
Død

10. juli 1845 (89 år)
Frederiksberg

Yrke arkitekt, universitetslærar
Kjende verk Domhuset i København, Vor Frue kyrkje i København, Christiansborg slottskyrkje, det andre Christiansborg slott, Metropolitanskolen, Hørsholm kyrkje og Skagen kyrkje
Periode Klassisismen
Christian Frederik Hansen på Commons

Hansen sette eit markant preg på offentlege byggverk under gjenreisinga av København etter ein serie av katastrofar som hadde lagt store dele av byen i ruinar på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet.

Blant bygningane var Domhuset på Nytorv som vart oppført som råd- og arresthus etter Hansens teikningar i åra 1803–1816.[4]Vor Frue kyrkje like ved har bastante rekkjer av søyler ut mot gata. Av andre bygningar kan nemnast Christiansborg slottskyrkje frå 1826, Christiansborg slott frå 1828 – brent ned igjen i 1884 – og Metropolitanskolen frå 1816.

I 2006 vart Vor Frue kyrkje teken opp i den danske kulturkanonen under kategorien arkitektur.[5]

Bakgrunn og utdanning endre

Christian Frederik Hansen kom frå enkle kår; faren Matthias Hansen var skomakar, mora hadde vore tilsett ved hoffet der ho hadde tilsyn med prins Kristian, den seinare Kristian VII.[6] Christian Frederik var yngste sonen i familien og dei hadde ikkje råd til å koste på han noko særleg utdanning, han vart difor sett i handelslære. Han hadde meir interesse for teikning og kom etter ei tid i lære som murar og på Kunstakademiet i 1766. Han vart elev ved akademiet heilt til 1779.[7]

Professor Caspar F. Harsdorff var læraren hans på akademiet, men han må òg ha motteke impulsar frå Nicolas-Henri Jardin som var professor i arkitektur ved Kunstakademiet frå 1755 fram til 1771 og som var den som innførte klassisismen til Danmark.[8] Harsdorff tok han òg opp i sitt private atelier og nytta hjelpa hans som bygningskonduktør, blant anna ved Frederik Vs kapell i Roskilde domkyrkje i 1780.[1]

Hansen vann sølvmedaljar i 1772 og 1774 og den store gullmedaljen i 1779.[1] Den store gullmedaljen var den høgaste prisen ein kunne få under utdanninga på Kunstakademiet og vinnaren fekk rett til å søke om eit stipend til vidare utdanning i utlandet.[9]

Hansen fekk ikkje noko reisestipend frå akademiet sjølv om han fekk gullmedalje. I staden fekk han økonomisk støtte frå enkjedronning Juliane Marie og Kristian VII til ein kortare tur. Han reiste til Roma i 1782, og blei der i nesten to år og studerte eldre romerske kunst.

Altona endre

I november 1784 vart han utnemnd til bygningsinspektør for hertugdømma Schleswig-Holstein med fast tilhaldsstad i Altona.[1]

Oppgåvene i Altona var i hovudsak endringar av bygningar og baud ikkje på utfordringar. I tillegg vart lønna så låg at han ikkje kunne klare seg på henne.

 
Domhuset i København på Nytorv i nyklassisisme med seks joniske søyler i inngangspartiet. På sida av huset er ein portal over Slutterigade til arresthuset, som vart reist samstundes med Domhuset. Domhuset er teikna etter inspirasjon frå Andrea Palladios villaer i Vicenza.
Foto: Tomasz Sienicki
 
Vor Frue kyrkje
Foto: Tyke
 
C.F. Hansens Christiansborg og slottskyrkje på ei teikning av H.G.F. Holm frå 1837.

Hansen skaffa seg etter kvart ein privat praksis i tillegg til sine offentlege oppgåver og førte mellom anna opp seks hus for eigen rekning langs promenaden Palmaillen. Han teikna òg ei mengd villaer, herregardar, landstader og kyrkjer.

København endre

Rundt denne tida ramma fleire ulykker København. I 1794 brann Christiansborg og året etter la ein bybrann 909 hus i oske og 74 var delvis skada.[10] Rundt 6 000 av innbyggjarane var heimlause av ein total på 100 000. I 1801 vart byen utsett for åtak frå engelskmennene.

Etter at Harsdorff døydde i 1799 vart ymse offentlege arbeider gitt til Hansen, mellom anna eit prosjekt til fullføring av Marmorkirken som ikkje vart noko av. I 1800 sende han inn eit utkast til eit nytt Christiansborg, oppføringa tok til i 1803 og pågjekk fram til 1828.[11] Det einaste som er att av Hansens Christiansborg er slottskyrkja ettersom slottet vart utsett for ein ny brann i 1884.

I 1804 hadde Hansen flytta attende til København og det første offentlege arbeide han tok fatt på var Domhuset, ferdig ført opp ca. 1816.

Etter eit nytt åtak frå engelskmennene i 1807 kor det vart nytta moderne brannrakettar,[12]låg store delar av byen i ruiner. Ein brannrakett hadde ramma spiret på Vor Frue kyrkje og det medførte at kyrkja brann heilt ned til grunnen. Hansen fekk oppdraget med å reise kyrkja att og arbeidet stod på fram til den nye kyrkja vart innvigd i 1829. Han hadde fått frie hender; òg når det gjaldt å velje stilart. Til å smykke ut det indre av kyrkja kunne han nytte samtidas store kunstnar og Bertel Thorvaldsens Kristusfigur, apostlar og dåpsengel pregar interiøret.

I tillegg stod Hansen også for etablering av Bispetorv i København med oppføring av to bygningar, ca. 1820–28 og fleire kyrkjer Scleswig-Holstein.

Heider m.m. endre

I 1808 blei han utnemnd til professor i arkitektur og til overbygningsdirektør. Han var direktør for Kunstakademiet i tre periodar, i 1826 blei han konferensråd og i 1840 mottok han Storkorset av Dannebrog.

Under eit jubileum i 1830 vart Hansen overrekt ein medalje laga av medaljør Christen Christensen. Etter Hansens eige ynskje vart denne gjort om til ein æresmedalje for unge arkitektar og har seinare vore delt ut under namnet C.F. Hansenmedaljen.

Privatliv endre

Hansen gifta seg med Anne Margrethe Rahbek, halvsøster av forfattaren Knud Lyne Rahbek, i 1792.[6]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Christian Frederik HansenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. Christian Frederik Hansen Arkivert 2007-06-25 ved Wayback Machine. frå Arksite
  3. Arne Gunnarsjaa side 324
  4. Om Domhuset hos Dansk Arkitektursenter
  5. Om Vor Frue kirke hos Kulturkanonen[daud lenkje]
  6. 6,0 6,1 Christian Frederik Hansen frå Dansk biografisk leksikon
  7. C.F. Hansen (1756-1845) frå Tilbygningen/Thorvaldsens Museum
  8. Nicolas-Henri JardinKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  9. Om den store gullmedaljen frå Thorvaldsens Museum
  10. Københavns Historie. Bind 3 – Storhandelens by. 1728-1830 av Sv. Cedergreen Bech mfl. Gyldendalske Boghandel 1981. ISBN 87-01-52571-9, side 262
  11. Det andet Christiansborg[daud lenkje] frå Styrelsen for Slotte og Kulturejendomme
  12. Københavns bombardement og flådens ran, 1807 Arkivert 2012-02-08 ved Wayback Machine. frå Orlogsmuseet

Litteratur endre