Trekrypar

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Certhia familiaris)
Trekrypar
Trekrypar fotografert i Durham, UK Foto: Peter Mulligan
Trekrypar fotografert i Durham, UK
Foto: Peter Mulligan

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Trekrypar
Utbreiinga av Trekrypar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trekryparfamilien Certhiidae
Slekt: Certhia
Art: Trekrypar C. familiaris
Vitskapleg namn
Certhia familiaris

Trekrypar (Certhia familiaris) er ein sporvefugl i trekryparfamilien.

Utbreiing og taksonomi endre

Utbreiingsområdet strekker seg gjennom dei tempererte delane av Eurasia frå Irland til Japan. I vestre delen av utbreiingsområdet har fuglen spreitt seg til Ytre Hebridane i Skottland, trengt lengre nord i Noreg, og første kjende hekking i Nederland fann stad i 1993. Trekryparen hekkar ned til havnivå i den nordlege delen av utbreiingsområdet, lengre sør er fuglen helst å finne i fjelltrakter. I Pyrenéane finn ein fuglane hekkande over 1370 moh. Typiske hekkeområde har julitemperaturar normalt mellom 14–24°C. I alt finst det 23 underartar.

Førekomst i Noreg endre

Fuglen hekkar vanlegast på Austlandet og i Trøndelag, ikkje fullt så vanleg på Sørlandet og Vestlandet, og meir spreidd nord til Bardu. Ein reknar med 20-100 tusen par i landet.

Utsjånad endre

Trekryparen har bøygd nebb, mønstrete brun overside, kvitaktig underside og lange stive styrefjør som fuglen brukar for å balansere opprett på trestammer og greiner. Han er ikkje så lett å få auge på. Han klatrar i spiral rundt trestammane på leiting etter mat.

Læte endre

Kontaktlæta er eit lågmælt tynt og kvast sit, men den mest høyrde læta er eit gjennomtrengande tsri, iblant oppatteke som ein serie notar. Hannen sin song vert innleia med srrih, srrih etterfølgd i tur av eit fåtal kvitrande notar, ei lengre dalande pludring, og ei visling som fell og sidan stig.

Levevis endre

Biotop endre

Arten kan treffast i alle slags skog.

Føde endre

Trekryparen er insektetar og klatrar opp trestammer som ei mus på leiting etter insekt som fuglen plukkar frå sprekker i borken med sin fine bøygde nebb. Fuglen kjem eit stykke opp på treet før han flyg til foten av neste tre med ei karakteristisk uregelmessig flukt. Fuglane lever kvar for seg om vinteren, men held gjerne saman med meiseflokkar, og trekryparane kan finne sams soveplassar i kalde tider.

Hekking endre

Trekryparen hekkar frå eit års alder. Reiret vert gøymt i holrom i tre eller bakom borkflak, og er bygd av kvistar, granbar og gras eller bork, og fora med finare material som fjør, ull, mose, lav eller spindelvev. Hoa legg 5-6 kvite egg med rosa prikkar og vert mata av hannen medan ho rugar, men egg og ungar er sårbare for angrep frå spetter og dyr som ekorn og små mårdyr. Trekryparen kan ha to kull.

Trekkvanar endre

Trekryparen er standfugl i dei mildare vestlege og sørlege delane av hekkeutbreiinga, men somme individ i nord flyttar sørover om vinteren, og populasjonar som hekkar i fjelltrakter kan flytte lågare ned til vinteren. I Noreg overvintrar mange trekryparar, men nokre trekk sørover i september-oktober.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trekrypar
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.