Trekryparar
- Denne artikkelen handlar om den biologiske slekta. For arten, sjå trekrypar.
Trekryparar er ein biologisk slekt, Certhia, av små sporvefuglar, utbreidde i skogkledde område på den nordlege halvkula. Fjørdrakta har avdempa farger, og som namnet seier, desse fuglane klatrar på trestammar på søk etter føde.
Trekryparfamilien | |
![]() Amerikatrekrypar, Certhia americana | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Infraklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Trekryparfamilien Certhiidae Leach, 1820 |
Dette er einaste slekta i trekryparfamilien, Certhiidae. Tidlegare utgjorde trekryparar saman med greinkryparar (Salpornis) trekryparfamilien. Frå og med 2025 fekk greinkryparar familiestatus i IOC World Bird List[1]
Skildring
endreTrekryparar måler 12 til 18 centimeter i lengd. Nebba deira er forsiktig nedoverbøygde og ganske lange, blir brukt for søk etter insekt og edderkoppar i bork. Tærne er lange og utstyrt med sterkt bøygde klør for godt grep i stammen når dei søkjer føde. Hos Certhia-artane er halen stiv og nyttast som støtte under klatring. Songane deira og lydytringane er svake og høgfrekvente.[2]
Utbreiing, habitat og rørsler
endreCerthia-artane av trekryparar finst generelt i økosystem i den palearktiske regionen og den indomalayiske regionen, frå Vest-Europa til Japan og India. Amerikatrekrypar, Certhia americana, lever i Nord-Amerika frå Alaska sør til Nicaragua. Alle artar av trekryparar lever i skogshabitat. Dei nordlege artane er delvis trekkfuglar, og dei som finst i varmare klima er truleg standfuglar, men det manglar informasjon om dette for mange artar.[3]
Åtferd
endreTrekryparar er generelt lite synlege og er ofte likesæle til menneske. Dei treffast som einslege eller i par, nokre gonger i små familiegrupper etter at ungane har blitt flygedyktige. Hos tre av artane er det observert at dei flokkar seg til kvile, så mange som 20 fuglar kan dele ein kvileplass for å spare varme.[3]
Trekryparar beitar på stammane av store tre. Dei flyr først til botnen av eit tre, og deretter klatrar dei opp i ei spirallei når dei søkjer byttedyr. Dei rykkjer opp stammen med små hopp med samla bein. Dei meste av kosthaldet består av små virvellause dyr, blant anna insekt og larvene deira, edderkoppar, og bokskorpionar. I harde tider kan frø og frukter takast, og nokre artar vil òg vitje matingsstasjonar. Dei har blitt registrert i blandaflokkar for næringssøk.[3]
Trekryparars er monogame og territoriale. Certhia-artane byggjer vanlegvis reiret i et sprekk mellom borken og trestammen.[3] Ruginga varar 14 til 15 dagar, og ungane er flygedyktige etter 15 til 16 dagar[2].
Artslista
endreTrekryparar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[1] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Slekt Certhia
- Trekrypar, Certhia familiaris, Eurasian Treecreeper, Linnaeus, 1758
- Rododendrontrekrypar, Certhia hodgsoni, Hodgson's Treecreeper, Brooks, WE, 1871
- Amerikatrekrypar, Certhia americana, Brown Creeper, Bonaparte, 1838
- Kortklotrekrypar, Certhia brachydactyla, Short-toed Treecreeper, Brehm, CL, 1820
- Tigertrekrypar, Certhia himalayana, Bar-tailed Treecreeper, Vigors, 1832
- Rusttrekrypar, Certhia nipalensis, Rusty-flanked Treecreeper, Blyth, 1845
- Eiketrekrypar, Certhia discolor, Sikkim Treecreeper, Blyth, 1845
- Kaneltrekrypar, Certhia manipurensis, Hume's Treecreeper, Hume, 1881
- Sichuantrekrypar, Certhia tianquanensis, Sichuan Treecreeper, Li G, 1995
Alle artane er vurdert som livskraftige (LC) av Verdas naturvernunion (IUCN).[5]
Andre liknande fuglar
Ikkje-nærskylde fuglar som liknar trekryparar i utsjånad og eller levevis er:
- Borkkryparar, Climacteridae, i Australia og på Ny-Guinea
- Treklatrarar, Rhabdornithidae, på Filippinane
- Treløparar, underfamilie av omnfuglar i den neotropiske regionen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Treecreeper» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2010
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 5. april 2025
- ↑ 2,0 2,1 Mead, Christopher J. (2003). «Holarctic Treecreepers». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 538–540. ISBN 1-55297-777-3.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Harrap, Simon (2008). «Family Certhiidae (Treecreepers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. s. 166–179. ISBN 978-84-96553-45-3.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF) (11. november 2024), Norske navn på verdens fugler (IOC14.1), Birdlife Norge, henta 10. mars 2025
- ↑ IUCN 2025. The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2024-2. Certhia https://www.iucnredlist.org
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar av trekryparar hos Internet Bird Collection
- (no) trekryparfamilien hos Artsdatabanken
- (en) trekryparfamilien i Encyclopedia of Life
- (en) trekryparfamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) trekryparfamilien hos Dyntaxa
- (en) trekryparfamilien hos Fauna Europaea
- (en) trekryparfamilien hos Fossilworks
- (en) trekryparfamilien hos ITIS
- (en) trekryparfamilien hos NCBI
- (en) Kategori:Certhiidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Certhiidae – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Certhiidae – detaljert informasjon på Wikispecies