Chaoyang

Chaoyang (kinesisk: 朝阳; pinyin: Cháoyáng) er eit kinesisk byprefektur lengst vest i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina. Byprefekturet, som i vest grensar mot provinsen Hebei og i nord mot Indre Mongolia, har eit areal på 19 698 km² og hadde vel 3 millionar ibuarar i 2010.

Frå gamlebyen i Chaoyang
Plasseringa av Chaoyang (gul) i Liaoning

Byprefekturet Chaoyang omfattar to distrikt (区 ), to byfylke (市 shì), to fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

NæringEndra

Landbruk utgjer ryggrada i næringslivet i Chaoyang. Åkervekstar som kveite, mais, bønner og poteter står i sentrum for avlen, i tillegg er Chaoyang ein viktig produsent av bomull og frukt. Chaoyang har meir enn 1600 industribedrifter, som lagar stålprodukt, maskinar, tekstilar og dieselmotorar, bilar og papir. Jarn- og stålverket Lingyuan, samt ein dekkfabrikk er mellom dei aller største verksemdene.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 101 går gjennom området. Han tek ut frå Beijing og fører via mellom anna Chengde til Shenyang.

ArkeologiEndra

Mange viktige paleontologiske funn er gjort i Chaoyang, der Harqin-regionen kan vise til dei hittil aller eldste forhistoriske funn i det nordlege Kina. Funn av to fuglar frå Tidleg krit-tid er mest oppsiktsvekkande, dei vart gravne ut i nærleiken av fjellformasjonen Jiufotang.

KjelderEndra