Chien-Shiung Wu (29. mai 1912–16. februar 1997) var ein kinesisk-amerikansk fysikar med ekspertise i teknikkar innan eksperimentell fysikk og radioaktivitet. Wu jobba på Manhattanprosjektet (i prosessen for å berike uran til det spaltbare materialet 235U), og utførte tidleg eksperiment som motsa den hypotetiske «lova om bevaring av paritet». Ho hadde kallenamnet «fysikkens førstedame» , «den kinesiske Marie Curie» og «Madame Wu». Ho døydde etter å ha fått det andre hjerneslaget sitt den 16. februar 1997, i ein alder av 84 år.
Chien-Shiung Wu
forenkla kinesisk 吳健雄, tradisjonell kinesisk 吴健雄, pinyin Wú Jiànxíong |
|
|
Fødd | 29. mai 1912 Shanghai i Kina |
---|
Død | 16. februar 1997 New York City i USA |
---|
Nasjonalitet | Kina USA |
---|
Område | fysikk, fysikalisme, eksperimentell fysikk, kjernefysikk, partikkelfysikk, radioaktivitet, uran, anemi |
---|
Yrke | kjernefysiker, universitetslærar, fysikar, vitskapsperson |
---|
Institusjonar | Princeton University Columbia University Smith College Zhejianguniversitetet |
---|
Alma mater | National Central University (Nanjing) University of California, Berkeley Smith College Zhejianguniversitetet Nanjinguniversitetet |
---|
Doktorgradsrettleiar | Ernest Lawrence |
---|
Ektefelle | Luke Chia-Liu Yuan |
---|
Barn | Vincent Yuan, Jada Yuan |
---|
Medlem | National Academy of Sciences Det kinesiske vitenskapsakademi American Physical Society American Academy of Arts and Sciences American Association for the Advancement of Science Academia Sinica Royal Society of Edinburgh Committee of 100 Vitenskapsakademiet for utviklingsland |
Ho studerte i USA frå 1936 og vart i 1944 tilknytt Columbia University. Ho var professor der frå 1957 til 1981.