Chlorostilbon
Chlorostilbon er ei biologisk slekt av kolibriar i familien Trochilidae. Slekta er ein del av ei større gruppe Trochilini («smaragdar»). Artane i denne slekta har rette nebb, dei fleste med svart nebb der glansbuksmaragd er eit unnatak med raudt nebb. Hannane er samla sett i iriserande grøn, gyldengrøn eller blågrøn fjørdrakt, og hos einskilde artar er halen og / eller halsen blå. Hoene har kvitaktig til grå underside, kvite fjørtuppar på halen og kvit post-okulær strek, strek bak auget.
Chlorostilbon | |
Glansbuksmaragd, Chlorostilbon lucidus Hofugl på reir Foto: Marcos André
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Slekt: | Chlorostilbon Gould, 1853 |
Artslista
endreTrochilini er nyleg (2023) revidert, og slekta Chlorostilbon, slik som lista i IOC World Bird List, har minka i talet på artar frå 16 til 10.[1] Per 2023 er det lite samsvar mellom dei ulike listeautoritetane i synet på plassering av «smaragdar» i slektene.
Chlorostilbon i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Hagesmaragd, Chlorostilbon assimilis, Garden emerald, Lawrence, 1861, (LC)
- Svartnebbsmaragd, Chlorostilbon melanorhynchus, Western emerald, Gould, 1860
- Raudnebbsmaragd, Chlorostilbon gibsoni, Red-billed emerald, (Fraser, 1840), (LC)
- Blåhalesmaragd, Chlorostilbon mellisugus, Blue-tailed emerald, (Linnaeus, 1758), (LC)
- Chiribiquetesmaragd, Chlorostilbon olivaresi, Chiribiquete emerald, Stiles, 1996, (LC)
- Glansbuksmaragd, Chlorostilbon lucidus, Glittering-bellied emerald, (Shaw, 1812), (LC)
- Koparsmaragd, Chlorostilbon russatus, Coppery emerald, (Salvin & Godman, 1881), (LC)
- Smalhalesmaragd, Chlorostilbon stenurus, Narrow-tailed emerald, (Cabanis & Heine, 1860), (LC)
- Grønhalesmaragd, Chlorostilbon alice, Green-tailed emerald, (Bourcier & Mulsant, 1848), (LC)
- Korthalesmaragd, Chlorostilbon poortmani, Short-tailed emerald, (Bourcier, 1843), (LC)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. april 2023.