Raudnebbsmaragd

Status i verda: LC Livskraftig

Hannfugl av Chlorostilbon gibsoni Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
Hannfugl av Chlorostilbon gibsoni
Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Slekt: Chlorostilbon
Art: C. gibsoni
Namn på andre språk
  • Engelsk: Red-billed Emerald
    • Bokmål: rødnebbsmaragd
  • Vitskapleg namn
    Chlorostilbon gibsoni
    Fraser, 1840

    Raudnebbsmaragd (Chlorostilbon gibsoni) er ein fugl i kolibrifamilien med utbreiing i store delar av nordlege Colombia og nordvestre Venezuela.

    SkildringEndra

    Dette er ein liten til mellomstor kolibri, ca. 7,5 til 9 centimeter lang og med kroppsvekt på 8 gram, inntil nyleg rekna som ein underart av blåhalesmaragd, Chlorostilbon mellisugus. Hofuglane frå desse to artane er like, men hannfuglane skil slik seg i fjørdrakta.

    Hannfuglen av raudnebbsmaragd er mest kjenneleg med raudfarge i nebbet og sterkt kløfta hale. Fjørdrakta er grøn, med innslag av bronse-grønt på oversida. Halen er blåsvart.

    Hoa manglar raudfarge i nebbet, manglar den djupe kløfta i halen og er lys grå frå strupen og nedover undersida. Ho har eit større kvitt strek bak augo. Elles mørk blågrøne sentrale halefjør og hovud og overside i gjennomgåande skinande grønt.

    Leveområdet er i Colombia inkluderer Guajira-halvøya, austre Córdoba, departementa Cesar og Norte de Santander og vidare sørover langs Magdalenadalen. I nord strekkjer utbreiingsområdet inn i nordvestre Andes i Venezuela. Dei føretrekkjer tørre habitat helst under 500 moh., men kan gå opp til 2300 moh. i øvre delar av Magdalenadalen. Habitata inkluderer kratt, utmarksbruk, parkar og hagar. Dei finn føda i blomar lågt over bakken.[1]

    Lite er kjent om storleiken av populasjonen og om utviklinga, arten har vore skildra som uvanleg i utbreiingsområdet.[2]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. del Hoyo et al (2015)
    2. BirdLife International (2015)

    BakgrunnsstoffEndra

      Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudnebbsmaragd