Chota Nagpur (eller Chutia Nagpur) er eit høgplatå i India som hovudsakleg ligg i delstatane Chhattisgarh og Jharkhand. Det var tidlegare ein division i den britisk-indiske provinsen Bengal, med ei flatevidd på 69 841 km² og eit folketal på 4 900 429 (1901). Området var delt i fem britiske distrikt og ni vasallstatar. Distrikta var Hazaribagh, Lohardaga, Palamau, Manbhum og Singhbhum, statane Sarguja, Gangpur, Udaipur, Jashpur, Bonair, Korea, Chang Bhakar, Kharsawan og Seraikella.

Chota Nagpur
platå
Chiraundi - Ranchi 8709.JPG

Chota Nagpur
23°21′0″ N 85°19′60″ E
Wikimedia Commons: Chota Nagpur Plateau
Pareshnath er det høgaste punktet i Chota Nagpur.

Chota Nagpur er eit skogkledd platå mellom elvedalane til Ganges, Mahanadi og Sonelva. Klimaet er tørt og lite fruktbart, men skog og jungel med verdifulle treslag veks godt. Førekomstar av jern og steinkol er andre naturressursar.

Dei fleste innbyggjarane i Chota Nagpur er hinduar, men tidleg kristen misjon (t.d. Santalmisjon) har også ført til at området har mange kristne innbyggjarar.

KjelderEndra