Opna hovudmenyen
Mr. Fantasy
Studioalbum av Traffic
Utgjeve 8. desember 1967
Innspelt April til november 1967
Studio Olympic Studios i London
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 33:54
Selskap Island
United Artists
Produsent Jimmy Miller
Traffic-kronologi
Mr. Fantasy Traffic
(1968)


Singlar frå Mr. Fantasy
  1. «Paper Sun»
    Utgjeve: Mai 1967
  2. «Hole in My Shoe»
    Utgjeve: August 1967
  3. «Here We Go Round the Mulberry Bush»
    Utgjeve: November 1967
  4. «No Face, No Name, No Number»
    Utgjeve: 1968

Mr. Fantasy er debutalbumet til det engelske rockebandet Traffic. Det kom ut i desember 1967. Jim Capaldi, Steve Winwood, Chris Wood og Dave Mason spelte på albumet, men Mason slutta i bandet kort tid etter albumet kom ut. Albumet nådde 16. plassen på UK albums chart,[1] og 88. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[2]

OversynEndra

Albumet vart spelt inn i Olympic Studios med den amerikanske plateprodusenten Jimmy Miller og lydteknikaren Phill Brown. Då Brown vart spurt om det beste minnet hans som lydteknikar svarte han: «Innspelinga av Dear Mr Fantasy, klokka eitt på natta, november 1967.»[3]

Den britiske utgåva var ei av dei første albuma på Island Records. Denne utgåva hadde eit farga dobbeltfalsa omslag med ti songar, men utan hitsongane dei hadde gjeve ut tidlegare på året. Sitaren, som var blitt nytta mykje av Traffic på singlane «Paper Sun» og «Hole in My Shoe», er berre nytta på eitt spor på den britiske utgåva av albumet, «Utterly Simple».

Amerikansk utgåveEndra

Den første amerikanske utgåva kom ut tidleg i 1968 på United Artists Records og fekk tittelen Heaven Is in Your Mind. Det hadde eit anna omslag med dei tre medlemmane i gruppa utan Mason. På denne utgåva vart eit kort utdrag av singelen «Here We Go Round The Mulberry Bush» lagt til mellom dei fleste av songane. Rekkjefølgja var òg annleis og det inkludert dei tre andre singlane («Paper Sun», «Hole in My Shoe» og «Smiling Phases») men hadde ikkje med to av songane til Mason («Hope I Never Find Me There» og «Utterly Simple».) Det siste sporet på den amerikanske utgåva, «We're a Fade, You Missed This», er i røynda slutten på den fulle versjonen av «Paper Sun».

Tittelen på den amerikanske utgåva vart etter kort tid endra attende til Mr. Fantasy, men det nye omslaget og sporlista vart uendra fram til United Artists opphøyde og Island gav ut den britiske stereoutgåva i USA i 1980. Denne utgåva kom òg ut som Mr. Fantasy i Australia og New Zealand på Festival Records. Den første kanadiske utgåva var basert på det amerikanske albumet, men droppa to songar. Denne utgåva kom med eit unikt plateomslag med tittelen Reaping, men vart erstatta av den britiske stereoutgåva i 1970.

Forskjellige miksar og innspelingarEndra

Både dei britiske og amerikanske albuma kom ut med ganske forskjellige stereo- og monomiksar. Dette har gjeve fire variasjonar av albumet. Alle desse er blitt gjevne ut på CD. Den britiske nyutgjevinga frå 1999 bestod av den britiske stereoutgåva og den amerikanske monoutgåva. I 2000 vart den amerikanske stereoutgåva gjeve ut på CD med den originale tittelen Heaven Is in Your Mind i tillegg til bonusspor i stereo. Same året vart den britiske monoutgåva gjeve ut i USA som Mr. Fantasy med bonusspor i mono.

Songen «Giving to You», kom ut i tre forskjellige versjonar. Den første var ei monoutgåve som B-side med tekst i introen sungen av Winwood. Denne kom ut på den amerikanske mono-utgåva. Mono- og stereoutgåva i Storbritannia hadde ein anna versjon, som vart gjeven ut på den amerikanske stereoutgåva. Filmmusikkalbumet for Here We Go Round the Mulberry Bush inneheld òg ei anna innspeling av «Utterly Simple» enn den som er brukt på dette albumet.

«Coloured Rain» vart spelt inn som «Colored Rain» av Eric Burdon & The New Animals med ein gitarsolo av Andy Summers.[4] Han vart òg spelt inn av The Hassles, Al Kooper og Slade. «Smiling Phases» vart spelt inn av Blood, Sweat & Tearsdet andre albumet deira i 1968. «Dealer» vart spelt som ein del av ein medley, «Dealer/Spanish Rose», av Santana på albumet Inner Secrets i 1978.

MottakingEndra

Ei melding i aprilutgåva av Rolling Stone i 1968 kalla albumet «ei av dei beste frå ei kvar gruppe i dag». Skribenten meinte at røysta til Steve Winwood hadde «modnast, og fått ny djupe og ny rekkjevidd, ei meir individuell kjensle og større spenn i både stil og tone», og meinte at «det sterkaste punktet på dette albumet er når Traffic sin 'forståelege far-out' og Winwood sin flotte R&B-stil vert kombinert», men rekna òg Mason sine bidrag som gode nok på eiga hand.[5]

EttermæleEndra

I ei nyare melding i Allmusic var dei positive til albumet og kalla musikken til Traffic, «utsøkt, der dei kombinerer bakgrunnen sin i britisk pop med ein smak av komikk og danselokalstilen frå Sgt. Pepper, indisk musikk og bluesrock-jamming».[6] I 1999 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame.[7]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Heaven Is in Your Mind»  Jim Capaldi, Steve Winwood, Chris WoodWinwood and Capaldi 4:16
2. «Berkshire Poppies»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 2:55
3. «House for Everyone»  Dave MasonMason 2:05
4. «No Face, No Name, No Number»  Capaldi, WinwoodWinwood 3:35
5. «Dear Mr. Fantasy»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 5:44
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
6. «Dealer»  Capaldi, WinwoodCapaldi og Winwood 3:34
7. «Utterly Simple»  MasonMason 3:16
8. «Coloured Rain»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 2:43
9. «Hope I Never Find Me There»  MasonMason 2:12
10. «Giving to You» (albumversjonen)Capaldi, Mason, Winwood, Woodingen 4:20
Bonusspor i mono på den amerikanske utgåver frå 2000
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
11. «Paper Sun»  Capaldi, WinwoodWinwood 4:15
12. «Giving to You» (mono singelutgåve)Capaldi, Mason, Winwood, WoodWinwood 4:12
13. «Hole in My Shoe»  MasonMason 2:54
14. «Smiling Phases»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 2:43
15. «Here We Go Round the Mulberry Bush»  Capaldi, Mason, Winwood, WoodGruppe (solopartar på refrenget og mellomspelet av Winwood) 2:18

Original amerikansk versjonEndra

# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Paper Sun»  Capaldi, WinwoodWinwood 3:26
2. «Dealer»  Capaldi, WinwoodCapaldi and Winwood 3:13
3. «Coloured Rain»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 2:46
4. «Hole in My Shoe»  MasonMason 3:04
5. «No Face, No Name, and No Number»  Capaldi, WinwoodWInwood 3:38
6. «Heaven Is in Your Mind»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood and Capaldi 4:22
7. «House for Everyone»  MasonMason 2:05
8. «Berkshire Poppies»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 2:59
9. «Giving to You» (stereo albumversjon)Capaldi, Mason, Winwood, Woodingen 4:18
10. «Smiling Phases»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 2:44
11. «Dear Mr. Fantasy»  Capaldi, Winwood, WoodWinwood 5:33
12. «We're a Fade, You Missed This»  Capaldi, WinwoodWinwood 0:53
Bonusspor på stereo på den amerikanske utgåva frå 2000
# TittelSolovokal Lengd
13. «Utterly Simple»  Mason 3:17
14. «Hope I Never Find Me There»  Mason 2:09
15. «Here We Go Round the Mulberry Bush»  Group (solopartar på refrenget og mellomspelet av Winwood) 2:35
16. «Am I What I Was or Am I What I Am»  Winwood 2:32

MedverkandeEndra

Traffic

med:

Teknisk

KjelderEndra

  1. Chart Stats
  2. «Billboard 200 - Traffic». Henta 20. juli 2019. 
  3. McGee, Alan (9. april 2008). Wherefore Art Thou Mark Hollis?, Guardian.co.uk.
  4. Andy Summers, One Train Later, Thomas Dunne Books, 2006. ISBN 0-312-35914-4.
  5. «Traffic: Heaven Is In Your Mind : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. 27. april 1968. Archived from the original on 24. januar 2009. Henta 7. august 2011. 
  6. William Ruhlmann (2011). «Mr. Fantasy – Traffic | AllMusic». allmusic.com. Henta 7. august 2011. 
  7. https://www.grammy.com/grammys/awards/hall-of-fame
  8. http://www.stevewinwood.com/news/5546

BakgrunnsstoffEndra