Christ unser Herr zum Jordan kam
Christ unser Herr zum Jordan kam, BWV 7, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.
BWV 7 Kantate av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Koral |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1724 |
Urframføring | 24. juni 1724 |
Publiseringsdato | 1851 |
Typisk lengd | 23:35 |
Tekst av | Martin Luther |
Toneart | e-moll |
Han vart skriven i Leipzig for høgtida til døyparen Johannes og vart først framført den 24. juni 1724. Han er basert på ein koral med same namn av Martin Luther.
Stykket er skriven for to oboar d'amore, solo fiolinar, ripieno strykarar (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av sju satsar, i e-moll bortsett frå der anna er skrive:
- Kor: «Christ unser Herr zum Jordan kam» - Sopran-, alt- og basstemmer syng frie kontrapunkt, medan tenorstemmene syng koralen reint i lange tonar.
- Arie: «Merkt und hört, ihr Menschenkinder» - for basstemme og continuo (G-dur).
- Resitativ: «Dies hat Gott klar mit Worten» - for tenor og continuo (d-moll).
- Arie: «Des Vaters Stimme ließ sich hören» - for tenor, to solo fiolinar og continuo (a-moll).
- Resitativ: «Als Jesus dort nach seinen Leiden» - for bass, strykarar og continuo (h-moll).
- Arie: «Menschen, glaubt doch dieser Gnade» - for alt, oboar d'amore, strykarar og continuo.
- Koral: «Das Aug allein das Wasser sieht» - siste verset av koralen, sunge og spelt av heile ensemblet.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Christ unser Herr zum Jordan kam, BWV 7» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.
Bakgrunnsstoff endre
- Cantatas, BWV 1-10: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Songpartitur for stykket
- Tysk tekst med engelsk omsetjing Arkivert 2008-10-28 ved Wayback Machine.
- Forskjellige kommentarar om stykket