Cleopatra av Samira Efendi

song frå 2020 med Samira Efendi
«Cleopatra»
Song av Samira Efendi
Land Aserbajdsjan
Språk Engelsk
Utgjeve 10. mars 2020
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap BMF
Låtskrivar(ar) Luuk van Beers, Alan Roy Scott, Sarah Lake

«Cleopatra» er ein popsong frå 2020 med den aserbajdsjanske songaren Samira Efendi. Songen vart utgjeven 10. mars 2020 og skulle ha vore det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland,[1] men tevlinga vart likevel avlyst på grunn av koronaviruspandemien i 2020.[2] Songen er skriven av Luuk van Beers, Alan Roy Scott og Sarah Lake.[3]

Om songen endre

«Cleopatra» brukar tre tradisjonelle aserbajdsjanske instrument: ein oud (eit gitar-liknande strengeinstrument), ein balaban (blåseinstrument) og ein tek (eit strengeinstrument på UNESCO-lista over munnleg og immateriell kulturarv). Songen vart offentleggjord 10. mars 2020, og den vert framført av Samira Efendi. Songaren skildrar «Cleopatra» som ein song som handlar om å stole på seg sjølv og å stå opp for seg sjølv, også når ting vert vanskelege. Han skal òg feire alle kulturar og seksualitetar. «Det er ein song som er meint for å inspirera folk til å vere den dei er og vere stolte over seg sjølv – akkurat som Kleopatra var. Ho var ei dronning som gjekk gjennom kjærleik, sorg og svik, men ho stod opp for seg sjølv og vert no hugsa som eit ikon av styrke og feminitet», sa songaren då «Cleopatra» vart lansert.[1]

Eurovision Song Contest endre

«Cleopatra» skulle ha vore det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, etter at Samira Efendi vart vald internt til å representere landet av kringkastaren İctimai Televiziya (İTV). I januar 2020 heldt EBU ei loddtrekking der Aserbajdsjan vart trekt ut til å opptre i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydt til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19. Efendi fekk i staden delta i Eurovision Song Contest 2021, og deltok med songen «Mata Hari».[4]

Musikkvideo endre

Då låten vart lansert, vart det òg sloppe ein musikkvideo til «Cleopatra» på YouTube.[5] Videoen vart spela inn i Gobustan nasjonalpark, sørvest for houvdstaden Baku.[1]

Referansar endre