Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest
Aserbajdsjan debuterte i Eurovision Song Contest i 2008. Landet har delteke kvart år sidan. Bidraga vert valde i den nasjonale finalen, Land of Fire. I 2011 vann Ell & Nikki Eurovision Song Contest med songen «Running Scared».
| |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
Offisielt | Azerbaijan | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 6 | ||||
Internt | 8 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2008 | ||||
Deltakingar | 14 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 1 (2013) | ||||
Finalen | 1 (2011) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 11 (2018) | ||||
Finalen | 22 (2014) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 647 | ||||
Finalane | 1 881 | ||||
Totalt | 3 528 |
HistorieEndra
Aserbajdsjan debuterte i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2008 og kvalifiserte seg til finalen.
I 2007 ville ein annan kringkastar, Azərbaycan Televiziya (AzTV), delteke i tevlinga, men reglane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) tillet ikkje dette ettersom AzTV ikkje var aktivt medlem. AzTV vart nekta aktivt medlemskap 18. juni 2007 då ein meinte at det vart kopla opp til den aserbajdsjanske regjeringa. 5. juli same år fekk İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV) fullt medlemskap i EBU, og 15. oktober fekk dei løyve til å ta del i EBU.
Etter berre fire år i tevlinga vann Ell & Nikki med songen «Running Scared» i 2011. Dette gjorde at den gjennomsnittlege poengsummen til Aserbajdsjan låg på 176,25, den høgaste av alle deltakarlanda.
Sidan semifinalane vart innført i 2004 har Aserbajdsjan vore plassert innanfor topp ti kvart år. Fram til 2012 var Hellas det einaste andre landet som har gjort dette.
PopularitetEndra
Sidan debuten i 2008 har tevlinga vorte overmåte populær i landet. Etter åttandeplass i 2008 og plassering mellom dei fem beste sidan 2009 har tevlinga vorte eit spørsmål om «nasjonal ære» og vorte sett som særs viktig. Kor viktig tevlinga var for landet synte seg i 2013 då den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev starta ei gransking av kvifor Aserbajdsjan ikkje gav poeng til Russland i finalen i 2013.[1] Aserbajdsjan reknar med at dei får ei god plassering og tilset ofte etablerte låtskrivarar og produsentar for å gjere sitt inntog i tevlinga. Sidan 2009 har Eurovision Song Contest vore det mest sette fjernsynsprogrammet på aserbajdsjansk fjernsyn, sjølv om tevlinga vert kringkasta etter midnatt lokal tid. I 2011 laga Aserbajdsjan eit eige frimerke til ære for Ell & Nikki av di dei vann tevlinga for Aserbajdsjan.[2][3] Duoen vart nasjonale stjerner etter sigeren, og landet brukte 1 milliard på å vere vertsland for Eurovision Song Contest 2012. Det vart òg bygd ein ny arena i hovudstaden Baku.[4] Dette er den største pengesummen eit land har brukt for å arrangere tevlinga, nok eit bevis på den store populariteten til tevlinga i Aserbajdsjan.[4]
BidragEndra
År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
2008 | Elnur og Samir | «Day After Day» | Engelsk | 132 | 8 | 96 | 6 |
2009 | Aysel og Arash | «Always» | Engelsk | 207 | 3 | 180 | 2 |
2010 | Safura | «Drip Drop» | Engelsk | 145 | 5 | 113 | 2 |
2011 | Ell & Nikki | «Running Scared» | Engelsk | 221 | 01 | 122 | 2 |
2012 | Səbinə Babayeva | «When the Music Dies» | Engelsk | 150 | 4 | Vertsnasjon | |
2013 | Fərid Məmmədov | «Hold Me» | Engelsk | 234 | 2 | 139 | 1 |
2014 | Dilarə Kazımova | «Start a Fire» | Engelsk | 33 | 22 | 57 | 9 |
2015 | Elnur Hüseynov | «Hour of the Wolf» | Engelsk | 49 | 12 | 53 | 10 |
2016 | Samra | «Miracle» | Engelsk | 117 | 17 | 185 | 6 |
2017 | Dihaj | «Skeletons» | Engelsk | 120 | 14 | 150 | 8 |
2018 | Aisel | «X My Heart» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 94 | 11 | |
2019 | Chingiz | «Truth» | Engelsk | 302 | 8 | 224 | 5 |
2020 | Samira Efendi | «Cleopatra» | Engelsk | Avlyst | |||
2021 | Samira Efendi | «Mata Hari» | Engelsk | 65 | 20 | 138 | 8 |
2022 | Nadir Rüstəmli | «Fade to Black» | Engelsk | 106 | 16 | 96 | 10 |
GalleriEndra
Farid Mammadov i Malmö 2013
Røystehistorikk (2008-2021)Endra
|
|
VertskapEndra
År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2012 | Baku | Bakı Kristal Zalı | Leyla Əliyeva, Eldar Qasımov og Nərgiz Birk-Petersen |
Sjå ògEndra
FotnotarEndra
- ↑ «Eurovision: Azerbaijan probes Russian 'nul points'» (engelsk). BBC News. Henta 28. juni 2013.
- ↑ «Ell & Nikki (2011) IN POST STAMPS» (engelsk). Oikotimes.com. Henta 28. juni 2013.
- ↑ «Stamps on Azerbaijan's Eurovision-2011 win issued» (engelsk). News.az. Henta 28. juni 2013.
- ↑ 4,0 4,1 «Stamp on Azerbaijan’s Eurovision-2011 Win Issued» (engelsk). philamirror.info. Henta 28. juni 2013.
KjelderEndra
- Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest
- Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest
- Denne artikkelen bygger på «Azerbaijan in the Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2011.