Mata Hari av Samira Efendi

song frå 2021 med Samira Efendi
«Mata Hari»
Song av Samira Efendi
Land Aserbajdsjan
Språk Engelsk
Utgjeve 15. mars 2021
Sjanger Etno-pop, dance
Lengd 03:04
Selskap BMF
Låtskrivar(ar) Amy van der Wel, Luuk van Beers, Tony Cornelissen

«Mata Hari» (tittelen viser til den nederlandske dansaren Mata Hari[1]) er ein etnopopsong frå 2021 med den aserbajdsjanske songaren Efendi.[2] Songen vart utgjeven 15. mars 2021 og var det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[3]

Om songen endre

«Mata Hari» var eit av 229 bidrag som kom til inn İctimai Televiziya (İTV) si opne tevling for å finne det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2021.[4][5] Av dei innkomne bidraga, gjekk seks vidare til gjennomlytting og vurdering av profesjonelle fokusgrupper. Til slutt vart «Mata Hari» vald som landets bidrag. Songen er skriven og produsert av den nederlandske låtskrivartrioen Amy van der Wel, Luuk van Beers og Tony Cornelissen.[6] Han vart framført av songaren Efendi.

Tittelen vart offentleggjord 13. mars, og songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart slopne 15. mars 2021.[3][6]

Teksta endre

Tittelen viser til Mata Hari, ein nederlandsk dansar som vart dømd til døden for spionasje under den fyrste verdskrigen.[6] Ifølgje Efendi handlar songen òg om «krafta til kvinner, som fengslar deg med sin posisjon, som overraskar deg med sin endelause styrke, og som rører deg på mystiske måtar. Kvinner i samfunnet er ofte forbunden med ømheit, omsut og veikskap, men for nokon av dei har livet bode på grufulle lekser som ikkje alle menn kan takla».[6]

Eurovision Song Contest endre

«Mata Hari» var det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2021, etter at Efendi vart vald internt til å representere Aserbajdsjan av kringkastaren İctimai Televiziya (İTV). Ho skulle opphavleg ha representert landet i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.[7]

Aserbajdsjan vart trekt ut til å opptre i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai 2021. I semifinalen kom «Mata Hari» på åttendeplass med 138 poeng.[8] Sidan han vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg til finalen laurdag 22. mai.[9] I finalen var «Mata Hari» det 21. bidraget på scena av 26 deltakarar. Songen enda til slutt på 20. plass med 65 poeng.[10]

Songen var det andre Eurovision-bidraget med tittelen «Mata Hari». Noreg deltok med ein låt med same tittel i 1976, framført av Anne-Karine Strøm.

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[11] 6
Hellas (IFPI)[12] 6
Island (Tónlistinn)[13] 25
Litauen (AGATA)[14] 18
Nederland (Single Top 100)[15] 44
Noreg (VG-lista)[16] 21
Storbritannia (UK Download)[17] 64
Sverige (Sverigetopplistan)[18] 47

Referansar endre

  1. «MATA HARI | Definition of MATA HARI by Oxford Dictionary on Lexico.com also meaning of MATA HARI». Lexico Dictionaries | English (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. desember 2021. Henta 14. mars 2021. 
  2. «MATA HARI | Definition of MATA HARI by Oxford Dictionary on Lexico.com also meaning of MATA HARI» (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. desember 2021. Henta 14. mars 2021. 
  3. 3,0 3,1 «🇦🇿 Azerbaijan: "Mata Hari" Is Revealed As The Title Of Efendi's Entry For Eurovision 2021» (på engelsk). 13. mars 2021. Henta 14. mars 2021. 
  4. Jabbarov, Elvin (3. februar 2021). «229 MAHNI GÖNDƏRİLDİ» (på aserbajdsjansk). Henta 14. mars 2021. 
  5. «🇦🇿 Efendi to sing “Mata Hari” in Rotterdam» (på engelsk). 13. mars 2021. Henta 14. mars 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Efendi drops video for 'Mata Hari'» (på engelsk). 15. mars 2021. Henta 15. mars 2021. 
  7. «Efendi is coming: Azerbaijan confirms "Cleopatra" singer for Eurovision 2021» (på engelsk). 20. mars 2020. Henta 14. mars 2021. 
  8. «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 24. august 2021. 
  9. «⭐️ Grand Final Running Order ⭐️» (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  10. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 24. august 2021. 
  11. «Efendi - Mata Hari - ultratop.be». Henta 24. august 2021. 
  12. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 21/2021» (på gresk). IFPI.gr. Arkivert frå originalen 8. juni 2021. Henta 8. juni 2021. 
  13. «Tónlistinn – Lög (vika 21 – 2021)» (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 5. juni 2021. Henta 3. juli 2021. 
  14. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.» (på litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  15. Hung, Steffen. «Efendi - Mata Hari». Henta 24. august 2021. 
  16. «norwegiancharts.com - Efendi - Mata Hari». Henta 24. august 2021. 
  17. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 29. mai 2021. 
  18. «swedishcharts.com - Efendi - Mata Hari». Henta 24. august 2021.