Opna hovudmenyen
Coeligena


Kvitbrystinka, Coeligena torquata Foto: Tad Boniecki
Kvitbrystinka, Coeligena torquata
Foto: Tad Boniecki
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Slekt: Coeligena
Vitskapleg namn
Coeligena

Coeligena er ei biologisk slekt av mellomstore til store, snøgt flygande kolibriar som lever i høglandet i Andesfjella frå midt i Bolivia i sør, nordover til nordlegaste Colombia og nordvestre Venezuela.

SkildringEndra

Coeligena-kolibriar har kroppslengd på frå 11 til 14,5 cm og veg mellom 6 og 8 gram. Dei har 28-34 mm lange, rette, nesten nåleliknande nebb, og syner kjønnsdimorfisme i lengda på nebbet. Når dei sit på ei grein held dei nebbet litt oppeikande.[1] Dei fleste artane har ein liten kvit flekk bak auget. Medan artane har liknande kroppsbygging og proporsjonar, varierer dei mykje i fjørdrakt.

Desse artane flyg med stor snøggleik, dei fleste av artane nyttar ei fast rute og vitjar dei einskilde blomane med lange intervall mellom vitjingane.[1]

ArtslistaEndra

Det er 11 aksepterte artar i slekta. Nokre artar som bronseinka og kvitbrystinka er vidt utbreidde, medan andre som svartinka og Coeligena orina har særs avgrensa utbreiing. Nokre artar lever i små isolerte habitat i dei fjellrike områda av Sierra Nevada de Santa Marta i det nordlege Colombia, og i Cordillera del Condor i Ecuador.

Coeligena i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Bronseinka, Coeligena coeligena, Bronzy Inca, LC, Lesson, 1833 [4]
  • Bruninka, Coeligena wilsoni, Brown Inca, LC, DeLattre & Bourcier, 1846 [5]
  • Svartinka, Coeligena prunellei, Black Inca, VU, Bourcier, 1843 [6]
  • Kvitbrystinka, Coeligena torquata, Collared Inca, LC, Boissonneau, 1840 [7]
  • Fiolettstrupeinka, Coeligena violifer, Violet-throated Starfrontlet NOFPeru2008, LC, Gould, 1846 [8]
  • Regnbogeinka, Coeligena iris, Rainbow Starfrontlet, LC, Gould, 1854 [9]
  • Kvithaleinka, Coeligena phalerata, White-tailed Starfrontlet, LC, Bangs, 1898 [10]
  • Oreadeinka, Coeligena orina, Dusky Starfrontlet, CR, Wetmore, 1953 [11]
  • Opalvenginka, Coeligena lutetiae, Buff-winged Starfrontlet, LC, DeLattre & Bourcier, 1846 [12]
  • Gyllenbukinka, Coeligena bonapartei, Golden-bellied Starfrontlet, LC, Boissonneau, 1840 [13]
  • Rosenbukinka, Coeligena helianthea, Blue-throated Starfrontlet, LC, Lesson, 1838 [14]

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 Ridgeley og Greenfield
  2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  4. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena coeligena. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  5. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena wilsoni. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  6. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena prunellei. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  7. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena torquata. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  8. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena violifer. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  9. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena iris. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  10. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena phalerata. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  11. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena orina. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  12. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena lutetiae. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  13. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena bonapartei. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015
  14. BirdLife International (2014) Species factsheet: Coeligena helianthea. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mai 2015

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Coeligena