Svartinka (Coeligena prunellei) er ein kolibri med utbreiing i Andes i sentrale Colombia.

Svartinka
Svartinka
Svartinka
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Svartinka
Utbreiinga av Svartinka
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Coeligena
Art: Svartinka C. prunellei
Vitskapleg namn
Coeligena prunellei

Skildring

endre

Svartinkaen er ein stor kolibriart, ca. 13,5 centimeter i kroppslengd, inkludert ca. 3 centimeter svart nebb. Kroppsmassen er opp mot 7 gram. Som namnet ymtar om er heile fjørdrakta mørk, lillasvart med ein fint avgrensa, kort, kvit krageflekk på sidene av halsen. Begge kjønna har strupeflekken, som er i grønblått. Hannen har ein særmerkt metallisk blå flekk på skuldrene, hoa sin flekk er mindre framtredande. Hoa har dessutan enda lengre nebb enn hannar.[1]

Utbreiingsområdet er på vestsida av den austlege fjellkjeda av Andes gjennom Colombia, frå område like sørvest for Bogotá i sør, nordover langs fjellkjeda gjennom departementa Cundinamarca og Boyacá til noko sør for byen Bucaramanga i Santander-departementet. Her er habitata i fuktig alpin skog, t.d. eikeskog (Quercus humboldtii).[2] Høgda er ca. 1000 til 2800 moh. Føda inkluderer nektar frå blomar på ei rekkje ulike planteartar inkludert fuksiaartar, og dei tar dessutan små leddyr.[1]

Storleiken på populasjonen er dårleg kjent, men er estimert å ligge i området rundt 11 250 individ inkludert ungfuglar. Bestanden minkar og arten er klassifisert som sårbar av BirdLife International.[2]

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Züchner et al (1999)
  2. 2,0 2,1 Birdlife International (2015)

Bakgrunnsstoff

endre