Dvergrugder

fugleslekt
(Omdirigert frå Coenocorypha)

Coenocorypha er ei biologisk slekt av små vadefuglar i snipefamilien med fellesnamnet dvergrugder på norsk. Dei finst no berre på små øyar i øygrupper innanfor det politiske New Zealand. Tre nolevande artar er godkjente, og ein kjenner for tida minst fire utdøydde artar.[1] Langnebbdvergrugde har tre underartar, inkludert ein på Campbelløyane som blei oppdaga så seint som i 1997. Slekta var ein gong distribuert på Fiji, over hovudøyane på New Zealand, Stewart Island/Rakiura og sørover til dei subantarktiske øyane i landet, men predasjon av introduserte artar, spesielt rotter, har drastisk redusert utbreiinga av denne slekta. Dagens utbreiing av slekta er avgrensa til små øyar innanfor Chathamøyane, Snaresøyane, Campbelløyane, Antipodesøyane og Aucklandøyane.

Dvergrugder
Utdøydd dvergrugdeart, Nordøya på New Zealand
Utdøydd dvergrugdeart, Nordøya på New Zealand
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Dvergrugder Coenocorypha
G. R. Gray, 1855

Skildring

endre

Coenocorypha-dvergrugder liknar Gallinago-bekkasinar, sjølv om dei er mindre, meir tettbygde og har relativt kortare nebb enn bekkasinane.[2] Samla sett har dvergrugder lange nebb og korte nakkar, venger og hale. Dei måler mellom 19-24 centimeter, med vengespenn på mellom 28–35 cm, og dei veg mellom 75-120 gram. Den minste arten er kortnebbdvergrugde. Fjørdraktene er brune, i regelen med ei mørk augestripe. Skulderfjørene på vengene er spetta, somme har eller hadde kvite vengetuppar.

Artslista

endre

Nolevenade artar i Coenocorypha med underartar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • C. a. aucklandica, på Aucklandøyane
  • C. a. meinertzhagenae, på Antipodesøyane
  • C. a. perseverence, på Campbelløyane

Føde

endre

Dvergrugdene et animalsk føde, dei beitar på virvellause dyr som dei finn ved å søkje med nebbet i jord og i komprimert vegetasjon.[2] Dei kan beite i dagslys eller vere nattlege, for det meste jaktar dei om natta og tidleg på morgonen. Åtferda ved beiting er kjenneteikna ved kontinuerleg sondering i jord med nebbet i full lengde. Dei undersøkjer bakken systematisk, med ca. 18 hol for kvar 100 cm² jord. Venteleg oppdagar dei byttet ved berøring og moglegvis med hjelp av kjenslevare nerveceller, Herbst corpuscles,[2] slik som andre sniper nyttar for å lokalisere bytte.[5] Mindre byttedyr kan dei svelgje medan nebbet framleis er i bakken, fordi nebbkjevene er så fleksible at byttet kan omformast nede i jorda. Større byttedyr må dei først løfte opp frå jordsmonnet slik at dei enklare kan manipulere og svelgje byttet. Dei vanlegaste byttedyra er meitemark, tanglopper, vaksne biller, larver og insektpupper.

Hekking

endre

Hekkebiologien til nokre av dvergrugdene har blitt studert i detalj. Dei er for det meste monogame, sjølv om nokre hannar innimellom freistar polygami. Dei vernar territoriet frå andre hekkande par, men ikkje-hekkande individ blir tolerert innanfor territoriet. Pardanninga skjer nokre månader før hekking, og som ein del av ritualet ved kurtisen vil hannfuglar fôre hoa.[6] Før hekkinga tar til vil hannfuglen utføre særeigne fluktspel ved nattleg, daggry eller i skumring. Det startar med rop, etterfølgt av lyd laga av luft pressa på tvers av ytre stjertfjør som vibrerer under stup i lufta. Ein trur denne oppvisinga er opphavet til maorilegenda og omgrepet 'hakawai'.

Begge kjønn vel hekkeplassen, sjølv om hoa er aleine om å byggje reiret. Det vanlege storleiken på kullet er to egg, lagt med tre dagars intervall. Ruginga blir delt mellom kjønna, og tar 22 dagar. Der hannfuglen har to hoer i territoriet sitt, vil han ruge berre på eit reir.

Etter klekkinga tar kvart medlem av paret ansvar for ein unge. Ungane til kortnebbdvergrugda blir fôra i rundt 41 dagar, og held seg saman med foreldra i 20 dagar etter det igjen. Ungane til kortnebbdvergrugda veks raskare, og blir uavhengige på 41 dagar.

Truslar og vern

endre

Coenocorypha-snipene utvikla seg på stillehavsøyane utan landpattedyr og var økologisk naive i tilhøve til rovdyr. Då menneske kom til øyane, tok dei med seg polynesiarotter, og seinare større, meir aggressive rovdyr som svartrotter, røyskatt og kattar. Med tilkoma av desse rovdyra vart raskt dvergrugdene utrydda. Rundt New Zealand overlevde rugdene på øyar som var sjeldan vitja og på subantarktiske øyar. Arten på Nordøya overlevde fram til europeiske nybyggarar kom, og den siste av arten frå Sørøya overlevde utanfor Stewart Island fram til 1964, då rottar nådde Big South Cape Island. Øya var òg siste tilhaldsstaden for gråklatresmett og ein endemisk flaggermusart. Det vart gjort freistnader på å fange nokre fuglar for å flytte dei til ei trygg øy, men berre snipe vart fanga og begge døydde to dagar seinare.[7]

I dag dei tre attverande artane prioriterte for vern. Ein har no utvikla teknikkar for å flytte dvergrugder utan å ta livet av dei, og ei lita gruppe av Coenocorypha huegeli frå Snaresøyane er reetablert utanfor Stewart Island.[8] Etter at rotter blei fjerna frå Campbelløya i 2001, har langnebbdvergrugde kolonisert hovudøya igjen frå Jacquemart Island og byrja hekking der igjen.[9]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Baker, Allan J.; Colin M. Miskelly; Oliver Haddrath (1. juni 2010). «Species limits and population differentiation in New Zealand snipes (Scolopacidae: Coenocorypha)». Conservation Genetics 11 (4): 1363–1374. doi:10.1007/s10592-009-9965-2. Henta 18. desember 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Higgins, P. J. & Davies, J. N., eds. (1996). Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic Birds. Volume 3: Snipe to Pigeons. Oxford University Press, Melbourne. ISBN 0-19-553070-5.
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  5. Piersma, T., van Aelst, R., Kurk, K., Berkhoudt, H., & Maas, L. R. M. (1998). A new pressure sensory mechanism for prey detection in birds: the use of principles of seabed dynamics? Proceedings of the Royal Society B. 265 (1404): 1377-1383.
  6. Miskelly, C (1989) Breeding systems of the New Zealand Snipe Coenocorypha aucklandica and the Chatham Island Snipe Coenocorypha pusilla; are they food limited? Ibis 132: 366-379.
  7. Tennyson, A., & Martinson, P. (2006). Extinct Birds of New Zealand. Te Papa Press, Wellington ISBN 978-0-909010-21-8.
  8. Charteris, M. & Miskelly, C. (2005). Snares Island snipe (tutukiwi) translocation to Putauhinu Island, April 2005 Department of Conservation, Wellington ISBN 0-478-22687-X PDF
  9. Miskelly, C., & Fraser, J. (2006). Campbell Island snipe (Coenocorypha undescribed sp.) recolonise subantarctic Campbell Island following Rat eradication. Notornis 53 (4): 353-359.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dvergrugder