Langnebbdvergrugde
Langnebbdvergrugde (Coenocorypha aucklandica) er ei dvergrugde i snipefamilien, Scolopacidae. Ho er endemisk for dei subantarktiske øygruppene Antipodesøyane og Aucklandøyane, og Campbelløyane, alle innanfor territoriet til New Zealand.
Langnebbdvergrugde | |
Langnebbdvergrugde | |
Status | |
Status i verda: Nær truga | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | †Coenocorypha |
Art: | Langnebbdvergrugde C. aucklandica |
Vitskapleg namn | |
Coenocorypha aucklandica |
Skildring
endreLangnebbdvergrugda er ein liten, tettbygd vadefugl, ca. 23 centimeter lang med kroppssvekt på 105 gram. Hoa er litt større enn hannen. Nebbet er ca. 5 cm, brunt og litt nedbøygd i enden, beina er korte. Fjørdrakta er alt i alt i brunt, med rike spragler, på oversida er fjørene mørke med lysare kantar. Dei har ei tydeleg lysare brungul sentral stripe frå panna til nakken, og lang brungul augebrynstripe, mørkare augestripe, og bleik, brungul kinnflekk. Langnebbdvergrugda flyg under fluktspel og om dei blir forstyrra, elles held deg seg på bakken.
Hannar har eit lågmælt rop med gjentatte «trerk» varierande med «kiju», av og til fluktspel om natta med eit ikkje-vokal fløytelæte laga av vibrerande halefjører når lufta passerer gjennom dei spreidde fjørene under korte stup.
Habitatet deira ligg i tett vegetasjon på små øyar. Om natta kan dei flytte seg til meir opne område. På Aucklandøyane finst dei på Adams Island og andre mindre øyar, men ikkje på hovudøya som har kattar og griser. Dei har levd på Jacquemart Island rett utanfor Campbelløya, men er no innført på hovudøya etter at rotter blei utrydda i 2001.[1]
Dietten består av virvellause dyr som meitemark, tanglopper, vaksne insekt og larver. Dei beitar i område med grastuer og kratt.
Reirplassen ligg i område med grasliknande plantar eller bregnar. Reira er enkle, grunne senkingar i nedfallsblad, gras eller bregnar. Kullet er på 2 egg, lagt med tre dagars intervall. Begge foreldra deltar i ruging og klekkinga skjer etter ca. 22 dagar. Kvar forelder tar seg av ein unge, og ungen blir fôra første tida og blir sjølvstendig etter ca. 9 veker. Dei fleste er 2-3 år nå dei får hekketerritorium.
Arten har status som nær truga, og bestanden er estimert til ca. 29 000 individ (1996), og er trudd å vere stabil.[2]
Kjelder
endre- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Coenocorypha aucklandica Arkivert 2013-12-16 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. desember 2012.
Referansar
endre- ↑ Miskelly, Colin (2006). «Campbell Island snipe (Coenocorypha undescribed sp.) recolonise subantarctic Campbell Island following rat eradication». Notornis 53 (4): 353–359.
- ↑ BirdLife International 2012
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Langnebbdvergrugde hos Artsdatabanken
- (en) Langnebbdvergrugde – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Langnebbdvergrugde i Encyclopedia of Life
- (en) Langnebbdvergrugde i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Langnebbdvergrugde hos Fossilworks
- (en) Langnebbdvergrugde hos ITIS
- (en) Langnebbdvergrugde hos NCBI
- (en) Kategori:Coenocorypha aucklandica – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Coenocorypha aucklandica – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Coenocorypha aucklandica – detaljert informasjon på Wikispecies