Colombiadukkar

fugleart

Colombiadukkar (Podiceps andinus) er ein utdøydd fugleart som var ein medlem av dukkarfamilien. Han levde i Bogotá-våtmarkene på sletteland i austlege Andes i Colombia, ca. 2600 moh. Arten var framleis rikeleg på Totasjøen i 1945. Tidvis vart han vurdert som ein underart av svarthalsdukkar (P. nigricollis). Han var utan evne til å flyge.

Colombiadukkar
Utbreiing og status
Status i verda: EX UtdøyddUtbreiinga av colombiadukkar
Utbreiinga av colombiadukkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Colombiadukkar P. andinus
Vitskapleg namn
Podiceps andinus

Colombiadukkaren var 33 centimeter i kroppslengde. Hekkedrakta var i stor grad svart slik som svarthalsdukkar, men framsida av halsen og brystet var kastanjefarga, øyretufsane var mørkare og nebbet litt kraftigare enn hos svarthalsdukkar som han elles likna.

Landskap ved Totasjøen i 2012

Nedgangen til colombiadukkaren blir tilskriven drenering av våtmarker, tilslamming, ureining frå plantevernmiddel, uro på grunn av sivhausting, jakt, konkurranse og predasjon av innført regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss) som åtok ungar. Den primære årsaka var tap av habitat: drenering av våtmarker og siltasjon resulterte i høgare konsentrasjonar av ureiningar og gjødning, noko som forårsaka eutrofiering (gjengroing) ved Totasjøen. Dette øydela den opne, nedsenka naturlege vegetasjonen og resulterte i danninga av ein tett monokultur av vassgras, Elodea.

Innan 1968 hadde populasjonen gått ned til omtrent 300 individ. Berre to registreringar av arten vart gjort på 1970-talet; ein sett i 1972, og den siste stadfesta observasjonen frå 1977 då tre fuglar vart sette. Intensive studiar i 1981 og 1982 klarte ikkje å finne arten, og han blir no rekna som utdøydd.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Colombian grebe» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2022.
  • Llimona, F., J. del Hoyo, D. A. Christie, F. Jutglar, og G. M. Kirwan (2020). Colombian Grebe (Podiceps andinus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.colgre1.01

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Colombiadukkar