Podiceps
Podiceps | |
![]() Montasje av åtte artar, frå venstre mot høgre i tre rekker: Toppdukkar, tiaradukkar, gråstrupedukkar; horndukkar og svarthalsdukkar; junindukkar, sølvdukkar, spydnebbdukkar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Podicipediformes |
Familie: | Dukkarfamilien Podicipedidae |
Slekt: | Podiceps Latham, 1787 |
Podiceps er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er dukkarslekta med fleste medlemmer og med dei største dukkarane i «den gamle verda». Representantar hekkar i Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Dei fleste artar på den nordlege halvkula trekker til kysten eller til varmare klima om vinteren.
Som alle dukkarar hekkar dei ved vasskanten, fordi dei ikkje er i stand til å gå godt på land med beina som er festa heilt bakpå kroppen. Vanlegvis legg dei to egg i kullet, og dei stripa ungane blir ofte frakta på ryggen av ein av foreldra.
Alle i slekta er gode symjarar og dukkarar, og forfølgjer fisk under vatn.
Vaksne har ei iaugefallande fjørdrakt, og kjønna er like. Om vinteren er fjørdrakta meir fargelaus i grått og kvitt.
ArtslistaEndra
Nolevande artar i Podiceps i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Spydnebbdukkar, Podiceps major, Great Grebe, (Boddaert, 1783), (LC)
- Gråstrupedukkar, Podiceps grisegena, Red-necked Grebe, (Boddaert, 1783), (LC)
- Toppdukkar, Podiceps cristatus, Great Crested Grebe, (Linnaeus, 1758), (LC)
- Horndukkar, Podiceps auritus, Horned Grebe, (Linnaeus, 1758), (VU)
- Svarthalsdukkar, Podiceps nigricollis, Black-necked Grebe, Brehm, CL, 1831, (LC)
- Sølvdukkar, Podiceps occipitalis, Silvery Grebe, Garnot, 1826, (LC)
- Junindukkar, Podiceps taczanowskii, Junin Grebe, Berlepsch & Stolzmann, 1894, (EN)
- Tiaradukkar, Podiceps gallardoi, Hooded Grebe, Rumboll, 1974, (CR)
- Spydnebbdukkar, Podiceps major, Santa Vitória do Palmar, Rio Grande do Sul, BrasilFoto: Cláudio Dias Timm
- Gråstrupedukkar, Podiceps grisegena, Kjøpenhamn, 26. mars 2017, overgang til sommardraktFoto: Donald Hobern
- Toppdukkar, Podiceps cristatus, sommardraktFoto: Steve Garvie
- Horndukkar, Podiceps auritus, vinterdraktFoto: Alan Schmierer
- Svarthalsdukkar, Podiceps nigricollis, vinterdraktFoto: Imran Shah
- Sølvdukkar, Podiceps occipitalis, bilete frå EcuadorFoto: Patty McGann
- Tiaradukkar, Podiceps gallardoi, Parque Nacional Patagonia, Santa Cruz, Argentina.Foto: Francisco González Táboas
- Utrydda artar
- Colombiadukkar, Podiceps andinus (Meyer de Schauensee, 1959), utrydda per 1977, levde i våtmarksområde nær Bogotá.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Podiceps» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2013.
- Referansar
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 6. mars 2022
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/