Svarthalsdukkar

fugleart
Svarthalsdukkar
Foto: Andreas Trepte
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Hekkeområde ██ Alle årstider ██ Trekk ██ Overvintringsområde
██ Hekkeområde ██ Alle årstider ██ Trekk ██ Overvintringsområde
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Svarthalsdukkar P. nigricollis
Vitskapleg namn
Podiceps nigricollis

Svarthalsdukkar (Podiceps nigricollis) er ein fugl i dukkarfamilien. Han hekkar på fire kontinent, både i Europa, Asia, Afrika og Nord-Amerika, og bestanden blir sett på som levedyktig. I Noreg er han berre fåment og uregelmessig observert og ikkje etablert som hekkefugl.

Christian Ludwig Brehm skildra svarthalsdukkar som ein art i 1831. Det vitskaplege artsnamnet nigricollis betyr «svarthalsa»: nigri, «svart» er frå latin, collis, «halsa» frå moderne latin.[1]

Skildring endre

Svarthalsdukkaren er litt mindre enn horndukkar og har ein lubben kropp, luftige fjør bak, fjørtopp på hovudet i hekkedrakt og fjørpryd bak auga, eit spiss og spinkelt svart nebb, relativt bratt panne og ei elegant haldning. Han blir 28–35 centimeter lang, har eit vengespenn på 41–60 centimeter, veg 250–600 gram og kjønna er like.[2]

Ein vaksen fugl i sommardrakt er umiskjenneleg med brune luftige fjør på kroppssidene og i baken, svart rygg, nakke og hovud med gule øyretjafs og raud iris. I vinterdrakta er han mørkegrå på ryggen, nakken og hovudet. Strupen og nedre kinn blir kvite i vinterdrakta. Kroppssida, baken, brystet, halsen og sidan av hovudet er lys gråkvit.[2]

I hekkedrakt kan horndukkar skiljast mest enkelt med raudbrun framside av hals og bryst, og med meir oppreist gul hovudpryd. Svarthalsdukkar og horndukkar i vinterdrakt er svært like, horndukkar har flatare panne, lys nebbtupp og større kvitt område på kinna.[3] I flukt syner svarthalsdukkar eit større kvitt vengespegl.

Revirlætet er ein mjuk «py-iii-(tj)» og når han speler og gjer krav på territorium har han òg ei låg, vibrerande, hard trille.[3]

Distribusjon og systematikk endre

 
Svarthalsdukkar i vinterdrakt fotografert i januar i Baraki, Japan
 
Svarthalsdukkaregg

Verdspopulasjonen har eit stort utbreiingsområde i Europa, Asia, Afrika og Amerika. Dei fire viktigaste hekkeområda er det vestlege og sentrale Nord-Amerika, Aust-Europa og det vestlege Asia, nordaust i Kina og det sørlege Afrika. Størstedelen av verdsbestanden er trekkfuglar, men i Vest-Europa er det til dømes fleire standfuglbestandar og den afrikanske bestanden er standfuglar. Den nordamerikanske populasjonen overvintrar først og fremst i innsjøar i det sørvestlege USA og Mexico, og langs vestkysten av USA. Mesteparten av den vestpalearktiske, trekkande populasjonen overvintrar langs kysten av Vest-Europa, ved Kaspiahavet og Svartehavet, i innsjøar i Tyrkia og i bukter rundt Middelhavet og Persiabukta. Den austasiatiske populasjonen overvintrar hovudsakleg langs kysten av Japan og søraustkysten av Kina.

Underartar endre

Svarthalsdukkar blir ofte delt inn i tre underartar med følgjande utbreiing:[4]

  • P. n. nigricollis - Hekkar over Europa sør for Fennoskandia og nord for Alpane, austover til sentrale Sibir og ikkje-samanhengande til nordaust i Kina, sør til nordlege Pakistan; overvintrar i Sør-Europa og kystområda av Middelhavet, austover gjennom sørvest-Asia til Aust-Kina og Japan.
  • P. n. gurneyi - utbreidd fragmentert frå Etiopia sør gjennom Tanzania til Nambia og utstrekt i Sør-Afrika.
  • P. n. californicus - hekkar frå det sørvestlege Canada, gjennom det vestlege USA, til det sentrale Mexico, dei nordlege hekkefuglane trekker sørover for overvintring, til så langt sør som inn i Guatemala.

Det utdøydde colombiadukkar (Podiceps andinus), som hekka i innsjøar nord for Bogotá i temperert Andes, vart av nokon kategorisert som ein underart P. n. andinus av svarthalsdukkar.[5]

Førekomst i Skandinavia endre

Arten har spreidd seg mot nordvestre Europa sidan 1800-talet,[6] og Sverige er i dag i randsona av utbreiingsområdet. På byrjinga av 1900-talet var arten berre er ein mellombels gjest i Sverige, den første hekkinga vart funne i 1927. I dag gjer Hornborgasjön ut for den sterkaste høgborga til arten i Sverige, med meir spreidde reirplassar med einskildpar i dammar og flate innsjøar i Sør- og Midt-Sverige, totalt ca. 200 individ, dei fleste i Skåne.[7] I Noreg vart første hekking registrert i 2003, etter det er det gjort to hekkefunn. Arten er elles berre svært sjeldan påvist i Noreg. Danmark har den største populasjonen i Skandinavia med ca. 500 individ per 2011.[8]

Økologi endre

Hoa legg vanlegvis fem til seks egg som blir ruga av begge foreldra i omtrent tre veker. Når ungane har forlate reiret, blir dei nokon gongar frakta på ryggen til ein vaksen, også under vatn. Svarthalsdukkaren er som andre artar i dukkarfamilien alltid funne på vatn eller like ved vatn, fordi beina er så langt bak og han kan ikkje gå, men berre skyve kroppen føre seg med beina. Derimot er han ein dyktig symjar og dukkar når han jaktar byttedyr under vatn. Maten består av fisk, akvatiske insekt og larver. Han føretrekker å flykte frå farar ved å dukke i staden for å flyge, sjølv om han lett kan løfte seg opp frå vatnet.

Status og trugsmål endre

På globalt nivå har svarthalsdukkar eit veldig stort utbreiingsområde og stor populasjon, men med uklår utvikling. Verdas naturvernunion (IUCN) ser ikkje på at han som trua og plasserer han derfor i kategorien livskraftig. Verdsbestanden er anslått til 3,9–4,2 millionar individ, kor 46 400–77 500 par hekkar i Europa.[9]

Status i Skandinavia endre

Dei hekkande svarthalsdukkarane i Sverige utgjer ein marginal populasjon som er ustabil og mellombelse koloniseringar er sjeldan langvarige. Han står på den svenske artsdatabanken si raudliste som sterkt trua.[7] I Danmark er han kategorisert som sårbar.[10] Status for arten i Noreg er ikkje vurdert fordi arten ikkje er ein etablert hekkefugl i landet.[8]

Kjelder endre

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 271. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 Cullen et al. (2020)
  3. 3,0 3,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820
  4. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 12. juni 2022
  5. Fjeldså, Jon (September, 1993). «The decline and probable extinction of the Colombian Grebe Podiceps andinus». Bird Conservation International (Cambridge University Press) 3 (3): 221–234. doi:10.1017/S0959270900000915. 
  6. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 10. 
  7. 7,0 7,1 Artfakta om svarthalsad dopping, ArtDatabanken
  8. 8,0 8,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24.11.2021). Fugler: Vurdering av svarthalsdykker Podiceps nigricollis for Norge. Rødlista for arter 2021. Artsdatabanken
  9. BirdLife International (2022) Species factsheet: Podiceps nigricollis. Henta 12. juni 2022
  10. Aarhus Universitet Den danske Rødliste 2019: Faktaark Sorthalset lappedykker Henta 12. juni 2022

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Svarthalsdukkar