Cornelia Oschkenat

Cornelia Oschkenat, fødd Riefstahl, (fødd 29. oktober 1961) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Neubrandenburg som representerte Aust-Tyskland til 1990. Ho vann sølv på 100 meter hekk ved europameisterskapen 1986 og bronse i øvinga under verdsmeisterskapen 1987, der ho også fekk sølv med det austtyske mannskapet i 4 x 100 m stafett. I tillegg sigra ho på 60 meter hekk ved tre innandørs-EM.

Cornelia Oschkenat


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. oktober 1961 (63 år)
Neubrandenburg
Idrett friidrett
Tok del i athletics at the 1988 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, 1983 World Championships in Athletics – women's 100 metres hurdles, 1987 World Championships in Athletics – women's 100 metres hurdles, 1987 World Championships in Athletics – women's 4 × 100 metres relay, 1982 European Athletics Championships – women's 100 metres hurdles, 1986 European Athletics Championships – women's 100 metres hurdles, 1990 European Athletics Championships – women's 100 metres hurdles, 1985 European Athletics Indoor Championships – women's 60 metres hurdles, 1986 European Athletics Indoor Championships – women's 60 metres hurdles, 1988 European Athletics Indoor Championships – women's 60 metres hurdles
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Aktiv

endre

Cornelia Riefstahl høyrde til verdseliten på 100 meter hekk frå 1983. Som Cornelia Oschkenat vann ho 60 meter hekk ved hall-EM 1985 i Aten. Denne meistertittelen forsvarte ho ved hall-EM 1986 i Madrid og hall-EM 1988 i Budapest. I det mellomliggande 1987 vann ho øvinga ved hall-VM 1987 i Indianapolis.

Oschkenat sprang inn til sølvmedalje på 100 meter hekk under Friidretts-EM 1986 i Stuttgart, verdsrekordhaldaren Jordanka Donkova frå Bulgaria var i eiga klasse. 11. juni 1987 presterte Oschkenat personbeste med tida 12,45 sekund ved eit stemne i Neubrandenburg. Utover sommaren sprang ho fleire sterke hekkeløp. Under verdsmeisterskapen i Roma i september kom ho med tida 12,46 i mål til bronsemedalje, like bak landskvinna Gloria Uibel, bulgarske Ginka Zagortsjeva vann med god margin. I den same meisterskapen tok Oschkenat seg av den andre etappen for det austtyske laget i 4 x 100 meter stafett; Silke Gladisch, Kerstin Behrendt og Marlies Göhr. Ved EM 1990 enda Oschkenat på fjerdeplassen, to hundredels sekund attom bronsevinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre