Country Songs for City Folks

Country Songs for City Folks
Studioalbuum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1965
Innspelt Nashville i Tennessee
Sjanger Country
Lengd 32:21
Selskap Smash
Produsent Shelby Singleton
Jerry Lee Lewis-kronologi 
The Return of Rock

(1965)

Country Songs for City Folks Memphis Beat

(1966)


Country Songs for City Folks er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Smash i 1965.

Bakgrunn endre

Etter at Lewis forlét Sun Records i 1963 til fordel for Smash, byrja det som ofte er blitt kalla «villmarksåra» hans, der han konstant turnerte og produserte album som selde dårleg. I 1965 valde produsentane Shelby Singleton og Jerry Kennedy å spele inn eit countryalbum med Lewis kalla Country Songs for City Folks. Songane var versjonar av nyare countrysongar som avveik lite frå originalversjonane. Tidleg i 1960-åra hadde countrystjerner som Marty Robbins, som gav ut Gunfighter Ballads and Trail Songs i 1959, og Lewis sin tidlegare Sun-kollega Johnny Cash, byrja å gje ut ei rekkje album med eit tema, frå og med Ride This Train i 1960. Dei danna eit slags «konseptalbum» innan country og dette skulle Lewis no prøve seg på.

Innspeling endre

Joe Bonomo skreiv i boka si Jerry Lee Lewis: Lost and Found at årsaka til at det ikkje var originale songar på albumet kom av at ingen låtskrivarar banka på døra hans på grunn av det dårlege platesalet han hadde hatt. Albumet syner likevel framover mot countrystjerna Lewis skulle bli seinare i tiåret. Country Songs for City Folks er kanskje best hugsa for å ha introdusert Tom Jones for songen «Green Green Grass of Home». Etter han høyrde Lewis sin versjon, gjekk han sjølv i studio og spelte inn sin eigen versjon, som vart ein stor internasjonal hit.

Jerry Lee si yngre syster, Linda Gail Lewis, syng på «North to Alaska».

Mottaking endre

Country Songs for City Folks gjekk ikkje inn på Billboard-lista, men nådde 39. plassen på countryalbumlista då det kom ut igjen under tittelen All Country fire år seinare. Bruce Eder frå AllMusic kallar det «eit forbløffande bra country album», og plukka ut Willie Nelson sin «Funny How Time Slips Away» og Hank Thompson sin «The Wild Side of Life» som høgdepunkta.

Innhald endre

Side A

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Green Green Grass of Home»Curly Putman2:43
2.«Wolverton Mountain»2:59
3.«Funny How Time Slips Away»Willie Nelson2:58
4.«North to Alaska» (med Linda Gail Lewis)Tillman Franks2:01
5.«The Wild Side of Life»
3:12
6.«Walk Right In»
  • Gus Cannon
  • Hosea Woods
2:09

Side B

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«City Lights»Bill Anderson2:28
2.«Ring of Fire»2:17
3.«Detroit City»
2:47
4.«Crazy Arms»
2:31
5.«King of the Road»Roger Miller2:16
6.«Seasons of My Heart»
4:00

Kjelder endre