Crises av Mike Oldfield
Crises Studioalbum av Mike Oldfield | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. mai 1983 | |
Innspelt | November 1982 til april 1983 | |
Studio | Tilehouse Studios i Denham i Buckinghamshire | |
Sjanger | Progressiv rock, poprock | |
Lengd | 37:41 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | ||
Mike Oldfield-kronologi | ||
---|---|---|
Five Miles Out (1982) |
Crises | Discovery (1984)
|
Singlar frå Crises | ||
|
Crises er det åttande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 27. mai 1983 på Virgin Records. Det heldt fram den musikalske retninga Oldfield hadde starta på det førre albumet, Five Miles Out (1982), med meir radiovenlege rock- og popsongar. Albumet inneheld hitsinglane «Moonlight Shadow» med Maggie Reilly på solovokal og «Shadow on the Wall», sungen av Roger Chapman. Oldfield marknadsførte albumet med ein turné i Europa i 1983, med dei fleste musikarane frå albumet.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Bakgrunn og innspeling
endreI 1980-åra skifta Oldfield musikalsk retning frå dei lange komposisjonane han var blitt kjend for i 1970-åra, mot kortare og meir radiovenlege rock- og popsongar. Då han var ferdig med verdsturneen sin i desember 1982, hadde Oldfield alt byrja på ein oppfølgjar til Five Miles Out.[2] På Crises utforskar Oldfield heavy metal-element, som han var blitt fan av på den tida og likte og spele. Oldfield skildra side ein som materiale han hadde ønskt å skrive og framføre «fordi han hadde lyst», medan side to er «særs kommersiell, full av singlar». Han la til: «Då vert alle nøgde.»[2]
Albumet vart spelt inn frå november 1982 til april 1983 i Tilehouse Studios i Denham i Buckinghamshire. Oldfield vart spurt i eit intervju om korleis han fekk Chapman og Jon Anderson med på plata, og han sa «me berre hang i same baren». Singelen «Moonlight Shadow» frå dette albumet inkluderer det sjeldne sporet «Rite of Man». Den nordamerikanske utgåva av albumet har ei anna rekkjefølgje på songane og inkluderer singelen «Mistake».
Songar
endreSide ein
endreTittelsporet på albumet er eit tjue minuttar langt stykke, med noko vokal sungen av Oldfield. Byrjinga og slutten av sporet er driven av ein synthesizer solo, stilmessig liknande opningstemaet på Tubular Bells.[2]
Side to
endreDen massive hitten «Moonlight Shadow» er sungen av Maggie Reilly, som òg song og var medlåtskrivar på «Foreign Affair». «In High Places» har tekst av Mike Oldfield og Jon Anderson. «Shadow on the Wall» vart sungen av Roger Chapman. Albumet inneheld «Taurus 3», eit kort, kjapt gitarstykke som ikkje liknar på dei to lange «Taurus»-spora på QE2 og Five Miles Out.
Innhald
endreAlle spor skrivne av Mike Oldfield, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Crises» | 20:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
2. | «Moonlight Shadow» (vokal av Maggie Reilly) | 3:34 | |
3. | «In High Places» (vokal av Jon Anderson) | 3:33 | |
4. | «Foreign Affair» (vokal av Maggie Reilly) | Oldfield, Maggie Reilly | 3:53 |
5. | «Taurus 3» | 2:25 | |
6. | «Shadow on the Wall» (vokal av Roger Chapman) | 3:09 |
Mercury Records-utgåva
endreCrises kom ut på Mercury Records den 2. september 2013. Plata kom i fleire variantar som ein enkel CD og ein dobbel luksusutgåve med konsertopptak på plate to, ei vinylplate og ein boks på fem plater med tre CD-plater og to DVD-ar. Boksen kom òg med ei 32 sider lang bok. Denne utgåva nådde 30. plassen i Tyskland i september 2013.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Crises» | 20:57 |
2. | «Moonlight Shadow» | 3:38 |
3. | «In High Places» | 3:33 |
4. | «Foreign Affair» | 3:53 |
5. | «Taurus 3» | 2:25 |
6. | «Shadow on the Wall» | 3:10 |
7. | «Moonlight Shadow» (Unplugged miks) | 3:35 |
8. | «Shadow on the Wall» (Unplugged miks) | 3:21 |
9. | «Mistake» | 2:56 |
10. | «Crime of Passion» (forlenga versjon) | 4:10 |
11. | «Jungle Gardenia» | 2:46 |
12. | «Moonlight Shadow» (12"-versjon) | 5:15 |
13. | «Shadow on the Wall» (12"-versjon) | 5:09 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Taurus I» | 9:14 |
2. | «Taurus II» | 23:08 |
3. | «Crises» | 23:15 |
4. | «Moonlight Shadow» | 5:28 |
5. | «Shadow on the Wall» | 6:26 |
6. | «Family Man» | 4:14 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Woodhenge / Incantations Part Three» | 8:09 |
2. | «Sheba» | 3:23 |
3. | «Ommadawn Part One» | 8:52 |
4. | «Mount Teidi» | 4:10 |
5. | «Five Miles Out» | 5:03 |
6. | «Tubular Bells Part One» | 18:44 |
Plate tre av 30-årsjubileumsutgåva er same som plate 2 av luksusutgåva.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Crises» (Live at Wembley Arena) | 22:35 |
2. | «Tubular Bells Part One» (Live at Wembley Arena) | 19:10 |
3. | «Moonlight Shadow» | 3:42 |
4. | «Shadow on the Wall» | 3:08 |
5. | «Moonlight Shadow» (BBC Top of the Pops 23. juni 1983) | 3:15 |
6. | «Crime of Passion» | 3:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Crises» | 20:38 |
2. | «Moonlight Shadow» | 4:00 |
3. | «In High Places» | 3:53 |
4. | «Foreign Affair» | 4:13 |
5. | «Taurus 3» | 2:50 |
6. | «Shadow on the Wall» | 5:13 |
Medverkande
endre- Mike Oldfield – gitar på alle spor utanom «Foreign Affair»; Fairlight CMI på alle spor utanom «Taurus 3»; Roland string synthesizer på «Crises», «In High Places», «Foreign Affair» & «Shadow on the Wall», Oberheim OB-Xa synthesizer på «Crises» & «In High Places»; Farfisa orgel & piano & Prophet 5 synthesizer på «Crises»; bassgitar på «Crises» & «Shadow on the Wall»; akustisk bassgitar på «Taurus 3»; harp på «Crises»; mandolin på «Crises» & «Taurus 3»; banjo på «Taurus 3» & «Shadow on the Wall»; Simmons elektroniske trommer på «Crises»; bjøller & tamburin & shaker på «Taurus 3»; Oberheim DMX trommemaskin og Oberheim DSX digital polyphonic sequencer & Quantec Room Simulator klangeining på «Crises»; vokal på «Crises».
Andre medverkande
endre- Maggie Reilly – vokal på «Moonlight Shadow», «Foreign Affair» og «Mistake»
- Jon Anderson – vokal på «In High Places»
- Roger Chapman – vokal på «Shadow on the Wall»
- Simon Phillips – trommer, medproduksjon, spesialeffektar; shaker på «Foreign Affair» og «Taurus 3»; knipsing, bjøller, tamburin og støvlar på «Taurus 3»
- Ant (Ant Glynne) – gitar på «Crises» og «Shadow on the Wall»
- Rick Fenn – gitar på «Crises»
- Phil Spalding – bassgitar på «Crises» og «Moonlight Shadow»
- Pierre Moerlen – vibrafon på «In High Places»
- Ginny Clee - synthesizer på «Mistake»
- Tim Renwick - gitar på «Mistake»
- Morris Pert - trommer på «Mistake»
Salslister
endreAlbumet låg 19 veker på den norske VG-lista, og to av dei på toppen av lista. Det vart det bestseljande albumet til Oldfield der. Albumet toppa òg listene i Tyskland og Sverige.
Liste (1983) |
Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[3] | 17 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] | 2 |
Nederlandske album (MegaCharts)[5] | 2 |
Tyske album (Media Control)[6] | 1 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[7] | 6 |
Norske album (VG-lista)[8] | 1 |
Spanske album (PROMUSICAE)[9] | 39 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[10] | 1 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[11] | 5 |
Britiske album (OCC)[12] | 6 |
Salslister 2013-utgåva
endreListe (2013) |
Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] | 73 |
Franske album (SNEP)[13] | 144 |
Tyske album (Media Control)[6] | 20 |
Spanske album (PROMUSICAE)[9] | 39 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[11] | 87 |
Britiske album (OCC)[14] | 71 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Frankrike (SNEP)[15] | Gull | 100 000* |
Nederland (NVPI)[16] | Gull | 50 000^ |
Tyskland (BVMI)[17] | Platina | 500 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[18] | Platina | 100 000^ |
Storbritannia (BPI)[19] | Gull | 100 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Andre versjonar
endreFleire av songane på Crises er blitt spelt mange gonger, med «Moonlight Shadow» som den mest populære. Dance-gruppa Groove Coverage spelte ein versjon av «Moonlight Shadow» som nådde tredjeplassen på den tyske singellista. Ein versjon av «Foreign Affair» frå 2009 av det belgiske dance-bandet Sylver låg åtte veker på topp 10 på den belgiske singellista og nådde tredjeplassen.[20]
Den amerikanske rapperen Kanye West sampla Oldfield-songen «In High Places». West brukte refrenget av songen på songen sin «Dark Fantasy» i 2010 på albumet My Beautiful Dark Twisted Fantasy.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crisis (Mike Oldfield album)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Crises av Mike Oldfield på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Mike Oldfield - ten years of success». May 1983. Henta 25. juni 2020 – via Tubular.net.
- ↑ «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 Singles 1983». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ 4,0 4,1 "Mike Oldfield - Crises" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Crises". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ 6,0 6,1 "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Crises". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Crises". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ 9,0 9,1 "Mike Oldfield – Crises". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Crises". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ 11,0 11,1 "Mike Oldfield – Crises". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ juli 1983 "2. juli 1983 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Crises". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ juli 1983 "2. juli 1983 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 14. september 2013.
- ↑ «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 30. juni 2020. (select «Mike Oldfield» from drop-down list)
- ↑ «Dutch album salstrofé – Mike Oldfield – Crises» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 30. juni 2020.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Mike Oldfield; 'Crises')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 30. juni 2020.
- ↑ Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk), Iberautor Promociones Culturales, ISBN 8480486392, henta 30. juni 2020
- ↑ «British album salstrofé – Mike Oldfield – Crises». British Phonographic Industry. Henta 30. juni 2020. Enter Crises in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «Sylver – «Foreign Affair»». Ultratop. Henta 30. juni 2020.
Føregangar Wrap Your Arms Around Me Agnetha Fältskog |
Toppen av VG-lista Mike Oldfield 2 veker, veke 32–33, 1983 |
Etterfylgjar Flashdance Forskjellige artistar |