Five Miles Out

Five Miles Out
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 19. mars 1982
Innspelt 1981–1982
Studio Tilehouse Studios i Buckinghamshire
Sjanger Progressiv rock, poprock
Lengd 49:56
Selskap Virgin/Epic
Mercury (2013 reissue)
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi
QE2
(1980)
Five Miles Out Crises
(1983)


Singlar frå Five Miles Out
  1. «Five Miles Out»
    Utgjeve: 18. februar 1982
  2. «Family Man»
    Utgjeve: 28. mai 1982

Five Miles Out er det sjuande studioalbumet til det engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1982. Det er eit av få album der Oldfield syng solovokal. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
High Fidelity(ikkje vurdert)[2]

InfoEndra

Det første sporet, «Taurus II», er ein lang instrumental med skiftande melodiar. Han inneheld mange kjende lydar frå tidlegare album, som irsk sekkepipe og kvinnelege kor. Under vokalseksjonen (kalla «The Deep Deep Sound») siterer musikken temaet frå «Taurus I», eit spor frå det førre albumet til Oldfield, QE2. Like etter vokalseksjonen er òg hovudtemaet frå «Taurus I» sitert. I 1981 vart Oldfield tinga til å skrive og framføre eit stykke for det kongelege bryllaupet mellom kronprins Charles, prinsen av Wales og lady Diana Spencer, kalla «Royal Wedding Anthem». Stykket har somme likskapar til «Taurus II» som kom året etter.

«Family Man» - med Maggie Reilly på vokal - var den første verkelege rockesongen til Oldfield. Han kom ut på singel. Hall & Oates spelte inn songen i 1982 for albumet deira H2O, og versjonen deira nådde sjetteplassen på den amerikanske poplista og 15. plassen på den britiske singellista. Det vart slik ein av få songar av Oldfield som nådde singellista i USA.

«Orabidoo» er ein annan lang og skiftande melodi. Denne har vokal av Oldfield og Reilly, begge gjennom vocoder. Mot slutten av sporet er det ein song, «Ireland's Eye», sungen av Reilly og akkompagnert av akustisk gitar. Byrjinga av melodien siterer «Conflict» frå QE2. Songen inneheld òg segment frå «Taurus II» spelt som kontrapunkt og endrande skalaer. Ved 9 minutt 12 sekund kan ein høyre ein sampling frå Alfred Hitchcock-filmen Young and Innocent frå 1937, når dirigenten i eit danseband kritiserer trommeslagaren: «Don't come in again like that. It isn't funny and I pay someone else to make the orchestrations!»

«Mount Teidi» er ein kortare instrumental, kalla opp etter fjellet Teide på den spanske øya Tenerife som Oldfield hadde vore på toppen av.[3] I følgje Oldfield var noko av musikken for «Mount Teidi» opphavleg skribla ned på eit sigarettpapir slik at han ikkje skulle gløyme det.[3]

«Five Miles Out» vart òg gjeven ut på singel. Trass i at han er mindre enn fem minuttar lang, har han ein uvanleg kompleks struktur med mange vokalparti. Teksten omhandlar ein flytur Oldfield hadde der det nesten gjekk gale. Reilly syng med ei rein røyst, medan Oldfield nyttar ein vocoder det meste av tida sjølv. Songen inneheld det same gitarriffet som finst i byrjinga av «Taurus II».

Albumet Five Miles Out var meir populært enn dei siste utgjevingane til Oldfield. Det nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista. Oldfield fortsette den nye suksessen med dei neste albuma Crises (1983) og Discovery (1984).

Albumet vart spelt inn i Buckinghamshire i 1981 og 1982, og vart marknadsført med ein verdsturné i 1982.

Plateomslaget syner eit gammalt Lockheed Model 10 Electra-fly, med liknande kjennemerke som det Amelia Earhart flydde i 1937.

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Taurus II»Mike Oldfield24:43
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
2.«Family Man»Oldfield, Tim Cross, Rick Fenn, Mike Frye, Maggie Reilly, Morris Pert3:45
3.«Orabidoo»Oldfield, Tim Cross, Rick Fenn, Mike Frye, Maggie Reilly, Morris Pert13:03
4.«Mount Teidi»Oldfield4:10
5.«Five Miles Out»Oldfield4:16

2013-utgåvaEndra

2. september 2013 gav Mercury Records ut Five Miles Out på ny. Han kom som ein enkel CD, vinyl og i ei luksusutgåve med 2-CD-ar og ein DVD. Vinylutgåva kom òg i eit avgrensa opplag i klår, gul vinyl. DVD-en inneheld videoklipp frå BBC-programmet Six Fifty Five frå 28. juli 1982.

Denne utgåva nådde 48. plassen på den tyske albumlista i september 2013.

2013-utgåva - Plate 1
Nr.TittelLengd
1.«Taurus II»24:45
2.«Family Man»3:45
3.«Orabidoo»13:03
4.«Mount Teidi»4:10
5.«Five Miles Out»4:22
6.«Waldberg (The Peak)»3:27
7.«Five Miles Out» (demo)4:10
2013-utgåva - Plate 2 - Konsertopptak frå Köln i Tyskland - 6. desember 1982
Nr.TittelLengd
1.«Tubular Bells Part One»23:12
2.«Sheba»4:22
3.«Mirage»5:37
4.«Family Man»3:45
5.«Taurus II»25:32
6.«Mount Teidi»4:21
7.«Five Miles Out»7:23
8.«Guilty»5:38

DVD-plata inneheld heile originalplata i 5.1-kringlyd, musikkvideoen til «Five Miles Out» og videoklipp av «Mistake» og «Five Miles Out» frå Six Fifty Five.

MedverkandeEndra

Teknisk

SalslisterEndra

Liste Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[5] 10
Nederlandske album (MegaCharts)[6] 34
Tyske album (Media Control)[7] 7
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[8] 32
Norske album (VG-lista)[9] 16
Spanske album (PROMUSICAE)[10] 48
Svenske album (Sverigetopplistan)[11] 5
Britiske album (OCC)[12] 7

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[13] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[14] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[15] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. McDonald, Steven. Five Miles OutAllmusic
  2. «Five Miles Out review». High Fidelity (hosted on Tubular.net). July 1982. Henta 29. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Interview with Mike Oldfield discussing the making of Man on the Rocks». Innerviews. Henta 31. januar 2015. 
  4. «Interview with Mike Oldfield». Stereo Review. July 1982. Henta 1. mai 2017. 
  5. "Mike Oldfield - Five Miles Out" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  6. "Mike Oldfield – Five Miles Out". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  7. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 28. juni 2020.
  8. "Mike Oldfield – Five Miles Out". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  9. "Mike Oldfield – Five Miles Out". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  10. "Mike Oldfield – Five Miles Out". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 29. juni 2020.
  11. "Mike Oldfield – Five Miles Out". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  12. april 1982 "3. april 1982 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 28. juni 2020.
  13. «Gold-/Platin-Datenbank (Mike Oldfield; 'Five Miles Out')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 29. juni 2020. 
  14. Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk), Iberautor Promociones Culturales, ISBN 8480486392, henta 29. juni 2020 
  15. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Five Miles Out». British Phonographic Industry. Henta 29. juni 2020.  Enter Five Miles Out in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go