Cupfinalen i fotball 1983/Menn

Cupfinalen i fotball 1983 var den 78. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Moss Fotballklubb vart noregsmeister etter at laget vann 2–0 over Vålerengen IF frå Oslo. Finalekampen vart spelt 23. oktober 1983 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 23 000 tilskodarar. Thorodd Presberg frå Strømsgodset IF var dommar.

Kampen

endre

Moss sin Geir Henæs vart felt i straffefeltet av VIF-spelaren Tor Brevik. Dommaren dømde straffespark, ei straffe som Stein Kollshaugen sette i mål i det 9. minutt. Tor Brevik vart utvist i det 73. minutt, etter å ha felt Geir Henæs enno ein gong. Same Henæs avgjorde kampen då han i det 83. minutt dribla av ein VIF-fosvarar og la på til 2–0.

Moss sitt historiske lag bestod av Nils Espen Eriksen, Rune Gjestrumbakken, Tore Gregersen, Morten Vinje, Svein Grøndalen, Jan Rafn, Stein Kollshaugen, Per Heliasz, Ole Johnny Henriksen, Geir Henæs (kaptein), Brede Halvorsen. Hans Deunk kom inn i 2. omgang og spelte siste halvtimen, medan målvakta Odd Skauen vart bytta inn to minuttar før slutt.

Vålerenga mønstra Tom R. Jacobsen, Per Gunnar Bredesen, Trond Sollied, Dag Roar Austmo, Tor Brevik, Henning Bjarnøy, Vidar Davidsen, Stein Gran, Egil Flemming Johansen, Lasse Eriksen og Jo Bergsvand. Paal Fredheim og Pål Jacobsen vart begge sett i spel i det 61. minutt.

Kjelder

endre