Cupfinalen i fotball 1999/Menn

Cupfinalen i fotball 1999 var den 94. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt laurdag 30. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 25 296 tilskodarar. Rosenborg Ballklubb vann kongepokalen for åttande gong, fire år etter den forrige NM-triumfen. Seriemeisterlaget frå Trondheim sigra 2–0 over Sportsklubben Brann frå Bergen. Det var fjerde gongen dei to fotballklubbane møttest til NM-finale, pr 2025 har ingen andre norske lag innbyrdes gjort det same.

Kampen

endre

Etter ein svak fyrste omgang, dribla Jan Derek Sørensen i det 49. minutt av eit par Brann-forsvararar før han skaut frå skrått hald. Ballen trefte høgrehanda til målvakta og fauk inn i mål. Sju minutt seinare mottok Sørensen eit framspel frå Ørjan Berg. Han storma forbi eit vidope midtforsvar og runda Brann-målvakta før han plasserte ballen i det opne buret. Rosenborg var sidan nærare eitt tredje mål, enn Brann redusering.

Rosenborg-mannskapet bestod av Jørn Jamtfall, Roar Strand, Bjørn Otto Bragstad, Erik Hoftun, Andre Bergdølmo, Fredrik Winsnes, Bent Skammelsrud, Ørjan Berg, Jan Derek Sørensen, John Carew, Jahn Ivar Jakobsen. Midtvegs i den andre omgangen kom Tore André Dahlum inn i staden for Jakobsen. Målvakta Árni Gautur Arason og Bent Inge Johnsen kom på bana i sluttsekunda.

Brann stilte med Magnus Kihlstedt, Geirmund Brendesæther, Per Ove Ludvigsen, Arne Vidar Moen, Harri Ylönen, Cato Guntveit, Roger Helland, Svante Samuelsson, Jan Ove Pedersen, Thorstein Helstad og Raymond Kvisvik. Azar Karadaş og Mons Ivar Mjelde kom inn i sluttminutta, ut gjekk Helstad og Ylönen.

Kjelder

endre