Cupfinalen i fotball 1998/Menn
Cupfinalen i fotball 1998 var den 93. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Stabæk Idrettsforening vart noregsmeister for fyrste gong då laget vann 3–1 over Rosenborg Ballklubb frå Trondheim. Finalekampen vart spelt 1. november 1998 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 23 251 tilskodarar. Rune Pedersen frå Sportsklubben Sprint-Jeløy dømde kampen. Det var fyrste gongen Stabæk IF spelte NM-finale i fotball.
Kampen
endreIslendingen Helgi Sigurdsson sende Stabæk i leiing i det 6. minutt. Sigurd Rushfeldt utlikna til 1–1 i det 65. minutt. Med uavgjort etter ordinær tid, måtte ekstraomgangar til for å kåre ein vinnar. Stabæk-innbytaren Thomas Finstad skåra etter 8 minutt i fyrste ekstraomgang, og førnemnde Helgi la på til sluttsiffera 3–1 heilt i byrjinga av andre ekstraomgang.
Laga
endreStabæk sitt historiske mannskap bestod av Frode Olsen, Inge Andre Olsen, John Arvid Skistad, André Flem, Christian Holter, Martin Andresen, Jesper Jansson, Tommy Svindal Larsen, Tommy Stenersen, Petter Belsvik, Helgi Sigurdsson. Thomas Finstad spelte ekstraomgangane i staden for Stenersen. Heilt på tampen av andre ekstraomgang entra Niclas Svensson og Andreas Hauger Ullevaal-matta.
Rosenborg-laget omfatta Jørn Jamtfall, Christer Basma, Bjørn Otto Bragstad, Erik Hoftun, André Bergdølmo, Roar Strand, Bent Skammelsrud, Runar Berg, Børge Hernes, Sigurd Rushfeldt, Jahn Ivar Jakobsen. Innbytarane [Tore André Dahlum]], Fredrik Winsnes og Jan Derek Sørensen kom etter tur i spel, ut gjekk Hernes (60.), Strand (82.) og Jakobsen (102.).
Kjelder
endre- Sportsboken 98-99. Chr. Schibsteds Forlag. 1998.