DS «Arild» (1918)

norsk dampskip
Karriere  Noreg
Namn: DS «Arild»
Eigar: A/S D/S Arild (Moritz Vaumund)
Verft: Trondhjems Mek. Verksted i Trondheim
Verftsnummer: 170
Jomfrutur: juni 1918
Heimehamn: Kristiania
Kjennemerke: MSDV
Lagnad: Forliste 1924
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 119 brt, 652 nrt
Daudvekt: 1 880 tdw.
Lengd: 226,3 fot (69,0 m)
Breidd: 36,5 fot (11,1 m)
Djupgang: 15,7 fot (4,8 m)
Installert effekt : NHK 139 IHK 600
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (TMV)
Fart: 9 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Saturn»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verftsnummer: 170
Kjøpt: Februar 1921 for 550 100 kr[1]
Heimehamn: Bergen

DS «Arild» (kallesignal MSDV) var eit dampskip bygt i 1918 som lasteskip for A/S D/S Arild, eigd av Moritz Vaumund, i Kristiania.

I februar 1921 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Saturn», men det forliste etter berre tre år ved kysten av Frankrike.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Trondheim mekaniske verksted i Trondheim og vart levert i juni 1918.[2] Skipet gjekk i kolfarta mellom Kristiania og Spitsbergen.[3]

Moritz Vaumund vart teken for underslag etter å ha lånt fleire hundre aksjebrev frå forskjellige bankar i Kristiania.[4] Vaumund var kjend i shippingkrinsane og var i følgje ein kommentar i Bergens Tidene «en ivrig dyrker av pengefolks yndingssportsgrene, seilas og bilsport.» Han hadde både lystyacht og ein kostbar luksusbil, som han deltok i billøp i, mellom anna i Sverige.[4] Underslaget var på 520 000 kroner. Det vart oppretta eit utval på tre mann til å gjennomgå rekneskapen til A/S Arild og Louis Hannevig vart tilsett som ny disponent i selskapet i august 1920.[5] Vaumund vart dømd for underslag og falskneri og måtte eitt og eit halvt år i fengsel.[6] Gjelda til reiarlaget vart rekna til 850 000 kroner. DS «Arild» vart verdsett til 600 000 kroner, og vart lagt ut på auksjon.[7] Det kom inn fleire bod på skipet, mellom anna eitt på 360 000 kroner frå Bjørnstad & Co, men dette dekte ikkje ein gong halvparten av fordringane.[8] I februar 1921 tok Trondhjems Bank A/S over skipet og månaden etter vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. Det fekk då namnet «Saturn» og kosta 550 100 kroner.[1]

«Saturn» gjekk i godsrute til forskjellige hamner, mellom anna til Antwerpen og Rotterdam, og etter kvart i meir fast rute til Austersjøen og hamnebyane Danzig, Reval og Petrograd.[9] Frå midten av mars byrja «Saturn» å gå i rute til Frankrike.[10]

18. desember 1924 forliste «Saturn» på klippene Pierre d'Orfe ved innløpet til Lorient på reise frå Le Havre med kring tusen tonn gatestein og tømmer og kring 200 tonn stykkgods. Skipet hadde fått los ombord i firetida på ettermiddagen, og både kapteinen og føraren var på brua då grunnstøytinga skjedde. Skipet var drive ut av kurs og hamna innimellom ei rekkje skjer. Skroget vart rive opp frå baugen til midtskips, og platene stod opp i maskinrommet og vatnet fossa inn. Det vart avfyrt naudrakett og ein trålar kom oppunder skipet. Kaptein Lund gjekk ombord på trålaren og vart frakta inn til Lorient for å hente hjelp. Mannskapet vart verande ombord på «Saturn» fram til kl. 2330, då situasjonen vart kritisk og dei gjekk i livbåtane. Dei heldt seg ved skipet til daggry då dei igjen gjekk ombord. Vatnet stod då langt over kjelane i maskinen og det var ikkje meir mannskapet kunne gjere. I 14-tida byrja dei å ro mot land og vart plukka opp av ein taubåt. Skipet let seg ikkje redde og bergingsforsøka vart avslutta.[11] Kring 30 % av lasta vart berga. I sjøforklaringa meinte skipsoffiserane at ulukka kom av ein udyktig los. «Han hverken kontrollerte kompasset eller kunde utsætte peilinger paa kartet og kunde derfor heller ikke bestemme skibets plads efter grundstøtingen. Han tapte fullstændig fatningen[12]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 119 brt, 652 nrt og lasteevna var 1 880 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 466 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av TMV. Oppgjeven yting var 600 iHk (indikerte hestekrefter) og 139 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Saturn». Sjøhistorie.no. Henta 1. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 38. Henta 1. mai 2020. 
  3. «I Spitsbergenfart». Bergens Tidende. 10. mai 1918. Henta 1. mai 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Det store underslag». Bergens Tidende. 19. oktober 1920. Henta 1. mai 2020. 
  5. «"Arild"s regnskap». Bergens Tidende. 23. oktober 1920. Henta 1. mai 2020. 
  6. «Kristiania 12te». Bergens Tidende. 12. mars 1921. Henta 1. mai 2020. 
  7. «Resultatet av hr. Vaumunds virksomhet». Bergens Tidende. 2. februar 1921. Henta 1. mai 2020. 
  8. «"Arild" til auksjon». Bergens Tidende. 23. februar 1921. Henta 1. mai 2020. 
  9. «Bergenskes linjer». Bergens Tidende. 17. november 1921. Henta 1. mai 2020. 
  10. «Det Bergenske Dampskibsselskab». Bergens Tidende. 23. februar 1924. Henta 1. mai 2020. 
  11. «"Saturns" skibbrudd utenfor Lorient». Bergens Tidende. 2. januar 1925. Henta 1. mai 2020. 
  12. «Da Bergenskes "Saturn" totalforliste paa den franske kyst». Bergens Tidende. 8. januar 1925. Henta 1. mai 2020.