DS «Jessica» (1908)
Karriere | Tyskland |
---|---|
Namn: | DS «Jessica» |
Eigar: | Adolph Kristen |
Verft: | Flensburger Schiffbau Ges., Flensburg, Tyskland |
Verftsnummer: | 282 |
Jomfrutur: | oktober 1908 |
Heimehamn: | Hamburg |
Generelle mål | |
Type: | Lasteskip |
Tonnasje: | 1 047 brt, 601 nrt |
Daudvekt: | 1 750 tdw. |
Lengd: | 226,3 fot (69,0 m) |
Breidd: | 33,4 fot (10,2 m) |
Djupgang: | 15,3 fot (4,7 m) |
Installert effekt : | NHK 116 |
Framdrift: | Triple 3 cyl. dampmaskin (Flensburg SBG) |
Fart: | 10 knop |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Varnes» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Flensburger Schiffbau Ges., Flensburg, Tyskland |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Tyskland |
Namn: | DS «Jessica» |
Eigar: | Adolph Kristen |
Jomfrutur: | April 1947 |
Heimehamn: | Hamburg |
Lagnad: | Opphogd 1953 |
DS «Jessica» var eit dampskip bygt i 1908 som lasteskip for Adolph Kirsten i Hamburg i Tyskland.
Etter andre verdskrigen vart skipet overlate til Direktoratet for fiendtlig eiendom og den norske staten vart eigar. Det vart då omdøypt «Varnes» og vart disponert av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). I 1947 vart skipet tilbakelevert til Adolph Kirsten i Hamburg og det fekk attende namnet sitt «Jessica».
Historie
endreSkipet vart bygt ved Flensburger Schiffbau Ges. i Flensburg i Tyskland[1] og vart levert i oktober 1908.[2]
I august 1914 tok den keisarlege tyske marinen over skipet under første verdskrigen og det fekk mellombels namnet «Munitionsschiffe», før det i november same året vart levert attende til Adolph Kirsten. I desember 1928 vart skip selt til Hamburg Rhein Linie, eigd av Hamburg-Amerikalinja. Det hamna attende hos Adolph Kirsten i oktober 1934.
I oktober 1945 tok den norske staten under Direktoratet for fiendtlig eiendom over skipet og gav det namnet «Varnes». Skipet hadde behov for reparasjonar før det kunne nyttast, og i mars 1946 vart Det Bergenske Dampskibsselskab disponent for skipet for eitt år. Den første turen gjekk frå Fredrikstad til Kristiansand og vidare til Calais og Bordeaux i Frankrike, før det vende til Bergen 27. april og vidare til Nord-Noreg i mai. På turen attende frå Nord-Noreg gjekk det til Tyskland med saltsild. Ein ny tur gjekk frå Trøndelag til Tyskland med trelast, før det i august gjekk til Gent i Belgia. På hausten gjekk det stort sett langs norskekysten, mellom anna med sement frå Brevik, før det seint i oktober gjekk til London. Ein tur nordover i desember 1946 vart forseinka eit døgn fordi byssesjefen ikkje kom ombord.[3] I januar 1947 gjekk skipet til Frankrike og var innom Le Havre og Nantes. 17. februar 1947 var skipet attende i Bergen for å losse av alt utstyr som tilhøyrde BDS, før det gjekk vidare til Trondheim for å gå ut av BDS og leverast attende til dei tyske eigarane.[4]
Staten tok igjen over skipet og i april same året vart det levert attende til Adolph Kirsten, som gav skipet attende det gamle namnet sitt, «Jessica».
Skipet vart opphøgd i september 1953 i Hamburg.
Skipet
endreTonnasjen til skipet var ved levering 1 047 brt, 601 nrt og lasteevna var 1 750 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein trippel 3-sylindra dampmaskin, levert av Flensburg SBG. Oppgjeven yting var 116 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «D/S Varnes». Sjøhistorie.no. Henta 27. desember 2020.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 32. Henta 5. august 2020.
- ↑ «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 17. desember 1946. s. 2. Henta 25. desember 2020.
- ↑ «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 17. februar 1947. s. 2. Henta 25. desember 2020.
- Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skipsetterretninger» eller «Havnen».