DS «Kovda»

norsk dampskip frå 1924
Karriere  Noreg
Namn: DS «Kovda»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Verftsnummer: 206
Sjøsett: 27. november 1924[1]
Jomfrutur: desember 1924
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDSR
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 687 brt, 987 nrt
Daudvekt: 2 415 tdw.
Lengd: 250,3 fot (76,3 m)
Breidd: 39,1 fot (11,9 m)
Djupgang: 16,1 fot (4,9 m)
Installert effekt : NHK 163 IHK 800
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (BMV)
Fart: 10 knop
Karriere  Sovjetunionen
Namn: DS «Kovda»
Eigar: Sovtorgflot
Verftsnummer: 206
Overtatt: mars 1928
Heimehamn: Vladivostok
Lagnad: ukjend

DS «Kovda» (kallesignal LDSR) var eit dampskip bygt i 1924 som lasteskip for Det norsk-russiske Dampskibsselskab. Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var deleigar i dette selskapet, men eigde og drifta skipet.

Skipet er kalla opp etter elva KovdaKolahalvøya.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og vart levert i desember 1924.[2] 27. november 1924 vart skipet sjøsett utan noko høgtidleg seremoni.[1] Den første prøveturen vart utført 20. desember 1924.[3] Den første turen til «Kovda» gjekk til Hamburg, der det ankom 28. desember 1924, og vidare for turen til Middelhavet. Skipet skulle inn i trelastfarta til Kvitsjøen, men måtte vente til istilhøva var betre utpå våren 1925. Når det ikkje var i Russlandsfarta var skipet i trampfart. I mai 1925 var skipet første gongen i Arkhangelsk og lasta for London.

I mars 1928 vart Det norsk-russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i reiarlaget vart fordelt ved loddtrekning mellom BDS og den sovjetiske handelsflåten kalla Sovtorgflot. Skipet fekk ny registreringshamn i Vladivostok. Den vidare lagnaden til skipet er ikkje kjend, og i 1960 var skipet utgått av registeret til Lloyds.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 687 brt, 987 nrt og lasteevna var 2 415 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 348 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 800 iHk (indikerte hestekrefter) og 163 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 ««Kovda» av stabelen». Bergen: Bergens Tidende. 27. november 1924. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 45. Henta 1. juni 2020. 
  3. «Bergenske utvider sin rute paa Nederlandene». Bergen: Bergens Tidende. 12. desember 1924. s. 4. Henta 1. juni 2020. 
  4. «D/S Kovda». Sjøhistorie.no. Henta 1. juni 2020.