DS «Vaga»

norsk dampskip frå 1924
Karriere  Noreg
Namn: DS «Vaga»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen
Verftsnummer: 136
Jomfrutur: august 1924
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDPG - LDRE
Lagnad: Krigsforlis 1945
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 615 brt, 944 nrt
Daudvekt: 2 350
Lengd: 246,2 fot (75,0 m)
Breidd: 37,9 fot (11,6 m)
Djupgang: 15,6 fot (4,8 m)
Installert effekt : NHK 164 IHK 600
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (LM & JSB, Bergen)
Fart: 9 knop

DS «Vaga» (kallesignal LDPG - LDRE) var eit dampskip bygt i 1924 som lasteskip for Det norsk-russiske dampskibsselskab og Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie endre

Skipet vart bygt ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og levert i august 1924 til BDS.[1] Systerskipet DS «Onega» vart bygt og ferdigstilt på same tid.

15. juli 1924 vart skipet sett på vatnet og døypt. Sidan skipet skulle inngå i det Det norsk-russiske dampskibsselskab, vart skipet døypt av fru Kollentay, den sovjetiske ministeren i Noreg. Direktørane Lehmkuhl og Zimmer var til stade på dåpen.[2] Den første prøveturen vart utført 16. august 1924. Skipet vart sett inn i trelastfarta mellom England og Kvitsjøen og den første turen gjekk til Arkhangelsk i Russland i september. På vinteren 1925, då isen var for tjukk i nord, gjekk skipet til Middelhavet.

I august 1926 deltok «Vaga» i ein russisk handelsekspedisjon til Karahavet. Skipet var ein del av ein flåte som bestod av «Singleton Abbey» frå London, «Hillcroft», «Ulumus», og eit anna skip frå Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab, DS «Severoles». Leiaren for ekspedisjonen var kaptein Jevgenoff frå den hydrologiske avdelinga til den russiske marinen. Målet for ekspedisjonen var å nå fram til elvene Ob og Jenisej, og «Vaga» gjekk oppover Jenisej for å laste over på elvebåtar. Med seg attende tok «Vaga» grafitt. Heile ekspedisjonen skulle vare kring to månader, men vart tre veker forseinka på grunn av mykje is i Karahavet, og dei måtte ha hjelp av ein russisk isbrytar.[3]

I 1928 vart Det norsk-russiske dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i flåten vart fordelt ved loddtrekning mellom BDS og dei russiske eigarane. «Vaga» hamna hos BDS under selskapet Det Bergenske Russiske Dampskibsselskab A/S. Skipet fortsette å gå i rute til Kvitsjøen i sommarhalvåret og andre stader, som regel til Middelhavet, på vinteren. I 1931 kryssa «Vaga» Atlanteren til Canada og i 1932 segla skipet i fart på den amerikanske austkysten mellom Canada og USA, og stundom med turar til Karibia. I 1933 var skipet attende i fart i Europa og i februar dette året vart det overført direkte under Det Bergenske Dampskibsselskab. Skipet fortsette så i trampfart.

I april 1937 fekk «Vaga» ei trosse i propellen i hamna i New York City då det var på veg til Walton i Nova Scotia i Canada. Skipet måtte slepast til tørrdokk for å få propellen ordna.[4] I 1938 hadde skipet ein stor maskinreparasjon i New York.[5]

27. januar 1940 segla «Vaga» i konvoi HN 9A frå Noreg til Storbritannia og kom attende månaden etter med konvoi ON 11. Det drog så attende til Storbritannia 16. februar 1940 med konvoi HN 12 og attende til Noreg 5. mars med konvoi ON 17A. Desse konvoiane gjekk alle bra, om ein ser bort frå at eit britisk eskorteskip forsvann og vart mest truleg torpedert, før det nådde fram til konvoi HN 12. «Vaga» var i Noreg 9. april 1940 då tyskarane invaderte Noreg.[6]

I 1941 grunnstøytte «Vaga» på Sørlandet og fekk ein isskade. Skipet vart reparert i København.[5]

13. januar 1945 var «Vaga» på veg til København i ballast i lag med det tyske handelsfartøyet «Karl Arp». Det var ingen eksortefartøy med dei. Skipet vart angripen av britiske fly sju nautiske mil frå Homborsund fyr, trass i at det var midt på natta. Flya hadde på denne tida fått moderne peileutstyr som gjorde at dei klarte å få auge på skipet. Ved hjelp av lysbomber som gjorde det lys som dagen, vart «Vaga» søkkt. I følgje Minnehallen i Stavern vart skipet råka av lufttorpedoar,[6] medan ei anna kjelde oppgjev at skipet vart råka av to bomber nær maskinrommet.[6] Fem av det norske mannskapet ombord mista livet, i tillegg til to tyske antiluftskytspersonell.[6]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 615 brt, 944 nrt og lasteevna var 2 350 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 138 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen. Oppgjeven yting var 600 iHk (indikerte hestekrefter) og 164 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[5]

I 1930 fekk skipet sett inn straumlineror. I 1939 vart det sett inn ny radio og peileapparat.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 43. Henta 23. mai 2020. 
  2. «Det norsk-russiske dampskibsselskabs «Vaga» av stabelen i dag». Bergen: Bergens Tidende. 15. juli 1924. s. 7. Henta 23. mai 2020. 
  3. «Den store Karahavsekspedition paa retur». Bergen: Bergens Tidende. 9. oktober 1926. s. 1. Henta 17. mai 2020. 
  4. «En trosse rundt propellen». Bergen: Bergens Tidende. 27. april 1937. s. 9. Henta 31. mai 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «D/S Vaga». Sjøhistorie.no. Henta 31. mai 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «D/S Vaga». Warsailors.com. Henta 31. mai 2020.