DS «Jessica» (1908)

tysk dampskip
(Omdirigert frå DS «Varnes» (1908))
Karriere  Tyskland
Namn: DS «Jessica»
Eigar: Adolph Kristen
Verft: Flensburger Schiffbau Ges., Flensburg, Tyskland
Verftsnummer: 282
Jomfrutur: oktober 1908
Heimehamn: Hamburg
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 047 brt, 601 nrt
Daudvekt: 1 750 tdw.
Lengd: 226,3 fot (69,0 m)
Breidd: 33,4 fot (10,2 m)
Djupgang: 15,3 fot (4,7 m)
Installert effekt : NHK 116
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Flensburg SBG)
Fart: 10 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Varnes»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Flensburger Schiffbau Ges., Flensburg, Tyskland
Heimehamn: Bergen
Karriere  Tyskland
Namn: DS «Jessica»
Eigar: Adolph Kristen
Jomfrutur: April 1947
Heimehamn: Hamburg
Lagnad: Opphogd 1953

DS «Jessica» var eit dampskip bygt i 1908 som lasteskip for Adolph Kirsten i Hamburg i Tyskland.

Etter andre verdskrigen vart skipet overlate til Direktoratet for fiendtlig eiendom og den norske staten vart eigar. Det vart då omdøypt «Varnes» og vart disponert av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). I 1947 vart skipet tilbakelevert til Adolph Kirsten i Hamburg og det fekk attende namnet sitt «Jessica».

Historie endre

Skipet vart bygt ved Flensburger Schiffbau Ges. i Flensburg i Tyskland[1] og vart levert i oktober 1908.[2]

I august 1914 tok den keisarlege tyske marinen over skipet under første verdskrigen og det fekk mellombels namnet «Munitionsschiffe», før det i november same året vart levert attende til Adolph Kirsten. I desember 1928 vart skip selt til Hamburg Rhein Linie, eigd av Hamburg-Amerikalinja. Det hamna attende hos Adolph Kirsten i oktober 1934.

I oktober 1945 tok den norske staten under Direktoratet for fiendtlig eiendom over skipet og gav det namnet «Varnes». Skipet hadde behov for reparasjonar før det kunne nyttast, og i mars 1946 vart Det Bergenske Dampskibsselskab disponent for skipet for eitt år. Den første turen gjekk frå Fredrikstad til Kristiansand og vidare til Calais og Bordeaux i Frankrike, før det vende til Bergen 27. april og vidare til Nord-Noreg i mai. På turen attende frå Nord-Noreg gjekk det til Tyskland med saltsild. Ein ny tur gjekk frå Trøndelag til Tyskland med trelast, før det i august gjekk til Gent i Belgia. På hausten gjekk det stort sett langs norskekysten, mellom anna med sement frå Brevik, før det seint i oktober gjekk til London. Ein tur nordover i desember 1946 vart forseinka eit døgn fordi byssesjefen ikkje kom ombord.[3] I januar 1947 gjekk skipet til Frankrike og var innom Le Havre og Nantes. 17. februar 1947 var skipet attende i Bergen for å losse av alt utstyr som tilhøyrde BDS, før det gjekk vidare til Trondheim for å gå ut av BDS og leverast attende til dei tyske eigarane.[4]

Staten tok igjen over skipet og i april same året vart det levert attende til Adolph Kirsten, som gav skipet attende det gamle namnet sitt, «Jessica».

Skipet vart opphøgd i september 1953 i Hamburg.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 047 brt, 601 nrt og lasteevna var 1 750 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein trippel 3-sylindra dampmaskin, levert av Flensburg SBG. Oppgjeven yting var 116 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «D/S Varnes». Sjøhistorie.no. Henta 27. desember 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 32. Henta 5. august 2020. 
  3. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 17. desember 1946. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 17. februar 1947. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  • Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skipsetterretninger» eller «Havnen».