DS «Vesta» (1920)

norsk, opphavleg dansk, dampskip frå 1920
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: DS «Skinfaxe»
Eigar: A/S Primula
Verft: Københavns flytedok og skipsverft i København i Danmark
Verftsnummer: 252
Jomfrutur: februar 1920
Heimehamn: København
Kjennemerke: WNRD - LFFV - LDKC
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 345 brt, 773 nrt
Daudvekt: 2 170 tdw.
Lengd: 241,4 fot (73,6 m)
Breidd: 36,3 fot (11,1 m)
Djupgang: 16,3 fot (5,0 m)
Installert effekt : NHK 128 IHK 618
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (København F&S)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Vesta»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Desember 1922 for 654 914 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Reili»
Eigar: Skips A/S Birholt
Kjøpt: November 1948
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Namn: DS «Javor»
Eigar: Bulet Enterprise Econ. d. Etat
Kjøpt: Desember 1959
Heimehamn: Varna

DS «Skinfaxe» (kallesignal WNRD - LFFV - LDKC) var eit dampskip bygt i 1920 som lasteskip for A/S Primula i København.

I 1922 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) som omdøypte det DS «Vesta».

Skipet hadde to namnebyte til seint i karrieren sin. Frå 1948 til 1959 heitte det «Reili», før det i 1959 vart selt til Bulgaria som «Javor»

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Københavns Flytedok og Skipsverft i København i Danmark og vart levert i februar 1920 for A/S Primula.[2] Disponent for selskapet var Schach Steenberg & Co.

Nesten to år seinare vart skipet selt for kring 650 000 kroner til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). BDS kjøpte samstundes to andre skip frå Danmark, DS «Castor» og DS «Pollux». Skipet vart sett inn i ruta mellom England og Austersjøen. I 1925 gjekk «Vesta» i ymse ruter, mellom anna ein tur til Frankrike, men på sommaren og hausten segla skipet mellom London og Arkhangelsk i Kvitsjøen. I 1926 og 1927 gjekk turane mellom London og Middelhavet, men òg igjen til Arkhangelsk, særleg i 1927. Frå sommaren 1928 veksla skipet mellom ruta til Kvitsjøen og ruta til Vest-Storbritannia med hamnebyane Glasgow, Preston og Manchester. I 1930 gjekk «Vesta» i laus fart.

I januar 1940 segla «Vesta» i konvoi over Nordsjøen (HN 8). Eitt skip som er oppført i denne konvoien, norske DS «Pluto» vart torpedert og sokk den 23. januar. «Vesta» deltok i ytterlegare tre konvoiar til England, ON 14 og HN 16, gjekk utan dramatikk i februar og mars. Då tyskarane invaderte Noreg 9. april var «Vesta» i Noreg og hamna i Heimeflåten. I 1940 segla skipet til Hamburg og Austersjøen. 3. oktober 1940 segla «Vesta» ut frå Bergen på veg til Haugesund for laste ferdig, før det skulle vidare til Hamburg. Då det var komen til Korsfjorden kl. 1730, vart skipet angripen av to britiske fly, som kvar slapp tre bomber etter skipet. Fleire av dei råka skipet og då det såg ut til at flya kom attende, gjekk mannskapet i babord livbåt og rodde frå skipet. Førststyrmannen var alvorleg skadd av splintar i leggen og låret og sendt i land. Då flya ikkje kom attende, gjekk resten av mannskapet ombord i skipet att. Det var stor skade på skip og last. Ei bombe hadde eksplodert i radiorommet, og ei anna var gått ned i luke 2. Begge livbåtane var øydelagde. Skipet returnerte så til Bergen. Lasta bestod av 100 tonn ferrokrom, 100 tonn ferrosilisum, 120 tonn rujarn og elles sild, tran og hermetikk.[3]

I 1941 grunnstøytte skipet. Då freden kom i mai 1945 låg «Vesta» i Bergen og gjekk etter berre få dagar til Sverige, før det seinare på sommaren gjekk til England. Som før krigen gjekk skipet elles i trampfart.

I januar 1948 grunnstøytte «Vesta» nær Ålesund. Skipet var på veg til Tyskland med kislast. Dykkarar undersøkte skipet i Ålesund, men lekkasjane var små og vart tetta før skipet kunne halde fram.[4] Sommaren 1948 vart skipet selt til finske eigarar, men med førehald om at finske styresmakter tillet innførsel. Då dette ikkje gjekk gjennom vart «Vesta» verande i Bergen.[5]

26. november 1948 vart skipet i staden kjøpt av norske eigarar, Birger Ekerholt i Oslo. Skipet vart då omdøypt «Reili».

I desember 1959 vart skipet selt til utlandet og Bulet Enterprise Econ. d. Etat i Varna i Bulgaria. Skipet fekk namnet «Javor». To år seinare, på hausten 1961, vart skipet opphogd i Italia.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 345 brt, 773 nrt og lasteevna var 2 170 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 822 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Københavns F&S. Kjelane vart bygt ved Karlstads mek. Verkstad i Karlstad i Sverige. Oppgjeven yting var 618 iHk (indikerte hestekrefter) og 128 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

I 1929 fekk skipet sett inn straumlinjeror. Doble vinsjar og bommar, i tillegg til peileapparat, vart installert i 1938 og i 1939 fekk skipet radio.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «D/S Vesta». Sjøhistorie.no. Henta 10. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 40. Henta 5. mai 2020. 
  3. «Sjøforklaring for D/S Vesta». Krigsseilerregisteret. 3. oktober 1940. Henta 11. mai 2020. 
  4. «Bergenskes «Vesta»». Bergens Tidende. 21. januar 1948. s. 5. Henta 11. mai 2020. 
  5. ««Vesta» blir i Bergen». Bergens Tidende. 16. juni 1948. s. 2. Henta 11. mai 2020.