Daði Freyr Pétursson
Daði Freyr Pétursson (fødd 30. juni 1992), kjend som Daði Freyr eller berre Daði, er ein islandsk songar og låtskrivar, busett i Berlin i Tyskland. Han er særleg kjend som frontfigur og hovudvokalist i bandet Gagnamagnið. Bandet vann den islandske tevlinga Söngvakeppnin 2020 med songen «Think About Things» og skulle ha representert Island i Eurovision Song Contest 2020. 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden skal Pétursson og Gagnamagnið representere Island i Eurovision Song Contest 2021.
Daði Freyr Pétursson | |||
| |||
Fødd | 30. juni 1992 (32 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Reykjavík | ||
Opphav | Island | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | pop | ||
Plateselskap | AWAL | ||
Verka som | songar, låtskrivar, songar-låtskrivar, informatikar |
Bakgrunn
endreDaði vart fødd i Reykjavík, men familien budde sidan i Danmark fram til han var ni år. Då flytta familien tilbake til Island og busette seg i Suðurland, fyrst i Laugaland og sidan i Ásahreppur. Daði gjekk ut frå Fjölbrautaskóla Suðurlands i 2012 og tok sidan ein bachelorgrad i musikk- og ljodproduksjon i Berlin i 2017.[2]
Som ungdom spelte Daði trommar, piano og bassgitar. Han var med i bandet RetRoBot, saman med songaren Gunnlaug Bjarnason og gitaristen Guðmundur Einar Vilbergsson, som han møtte på Fjölbrautaskóla Suðurlands. I 2012 vann RetRoBot den islandske musikktevlinga Músíktilraunir, som er ei musikktevling for nye artistar, og Daði vart kåra til årets elektromusikar på Island.[3] RetRoBot gav ut eitt album, Blackout, året etter.
I 2014 flytta Daði til Berlin, der han byrja å studere musikk- og ljodproduksjon ved dBs Music. Same året byrja han å gje ut musikk under artistnamnet Mixophrygian, og i 2015 gav han ut albumet Forever.
I 2017 deltok Daði og bandet hans Gagnamagnið i Söngvakeppnin, den islandske versjonen av Melodi Grand Prix, med songen «Hvað með það?» («Is this love?»). Bandet hamna på andreplass, bak Svala Björgvinsdóttir.[4] Daði og bandet deltok på nytt i 2020 med songen «Think About Things».[5] Denne gongen vann dei, og bandet skulle representere Island i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. På grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga. Dette vart gjort for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19 i Europa.[6]
I oktober 2020 kunngjorde den islandske kringkastaren RÚV at Daði og Gagnamagnið skulle representere Island i Eurovision Song Contest i 2021.[7]
Privatliv
endreDaði Freyr er gift med musikaren Árnýja Fjóla Ásmundsdóttir (som òg er med i Gagnamagnið). Dei har éi dotter, fødd i 2019.[8]
Referansar
endre- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Daði Freyr ætlar ekki að flytja aftur til Íslands á næstunni» (på islandsk). 24. april 2017. Henta 1. mars 2020.
- ↑ inporter (8. mai 2013). «Hljómsveitin RetRoBot frá Selfossi sigraði Músíktilraunir 2012» (på islandsk). Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Svala fulltrúi Íslands» (på islandsk). Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Daði Freyr snýr aftur í Söngvakeppnina» (på islandsk). Henta 1. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Daði og Gagnamagnið return for Iceland» (på engelsk). 23. oktober 2020. Henta 23. oktober 2020.
- ↑ «Daði Freyr og Árný Fjóla eignast stúlkubarn - Vísir». Henta 1. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Daði Freyr Pétursson» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2021.