Opna hovudmenyen
Dacnis


Raudbrystdaknis, Dacnis berlepschi Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1901
Raudbrystdaknis, Dacnis berlepschi
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1901

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thraupidae
Slekt: Dacnis
Vitskapleg namn
Dacnis

Dacnis er ei biologisk slekt av ni små, fargerike tanagarar som lever i neotropisk Amerika frå Honduras i nord gjennom Sentral-Amerika og over det meste av Sør-Amerika inkludert så og seie heile Brasil, med fråvære frå Chile, Uruguay og det meste av Argentina. Fuglane i denne slekta har namn på norsk med fellesnemninga 'daknis', men det finst òg ein annan tanagar med nemninga: arten meisedaknis, i slekta Xenodacnis.

SkildringEndra

 
Blådaknis, Dacnis cayana, hofugl
Foto: Dario Sanches
 
Blådaknis, Dacnis cayana
Foto: Andreas Trepte
 
Maskedaknis, Dacnis lineata
Foto: Luis Esteves
 
Svartbeindaknis, Dacnis nigripes, hofugl
Foto: Dario Sanches

Daknisar i denne slekta er jamt over einsarta fuglar på 11 centimeter i kroppslengd der hannar i fleire artar har mykje lik klår, turkisblå fjørdrakt med svarte felt og teikningar. Alle artar syner særs stor kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, hofuglar er gjennomgåande meir avdempa farger, brun eller grønoliven overside og ofte meir gulaktig underside, nokre med blåskjær på hovudet. Nebbet er relativt tynnt og ein aning nedkurva.

Den minste arten er berylldaknis på 10 cm i kroppslengd, arten lever berre i grenseområdet Colombia - Panama, frå Urabágolfen mot Karibiahavet i nord og sør til stillehavskysten. Den største arten, saman med raudleggdaknis, er raudbrystdaknis, Dacnis berlepschi på 12 cm i kroppslengd. Raudbrystdaknis skil seg òg ut ved ei særs fargerik fjørdrakt hos hannar med raud og gul buk i sterkt kontrast til resten av drakta som jamt over er djupt fiolettblå. Denne arten lever berre i nordvestre Ecuador og litt inn i Nariño-departementet i Colombia. Ein annan art med sær farge for slekta er gulbukdaknis, der hannfuglar har gul farge i fjørdrakta kor andre daknisar i regelen syner turkisblå farge. Gulbukdaknis er ein art som er knytt til Amazonasbassenget.

Blådaknis, Dacnis cayana, har eit utbreiingsområde som så og seie representerer den maksimale utstrekninga for heile slekta. Arten er òg vanleg i det meste av det store utbreiingsområdet[1] sitt som strekker seg frå Honduras og Trinidad, sørover til Paraguay og nordaustlegaste Argentina. Fjørdrakta til blådaknis representerer det mest vanlege mønsteret i slekta, hannar i sterk turkisblå og svart, hofuglar i grønleg farge med blåleg farge på delar av hovudet.

Dietten for daknisar består av frukt og bær, insekt, nektar. Svartbeindaknis kan òg ete små frø. Det vanlege er at desse fuglane beiter høgt i trekronene.[2] Fleire artar, til dømes gulbukdaknis, kan tidvis ta del i fleirartsflokkar under beiting utanom hekketida.

Leveområdet for slekta ligg mest i lågtliggande område, kvitbukdaknis i Loreto-regionen i Peru berre opp til 400 moh., blådaknis opptil 2000 moh. i Urubamba i Peru. Ein trur artar som går høgast gjer kortdistansetrekk mellom ulike høgdnivå, elles er dei i stor grad standfuglar.

Fire av dei ni artane er klassifiserte som sårbare eller nær truga av IUCN.

ArtslistaEndra

Dacnis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Kvitbukdaknis, Dacnis albiventris, White-bellied Dacnis, Sclater, 1852, (LC)
  • Maskedaknis, Dacnis lineata, Black-faced Dacnis, Gmelin, 1789, (LC)
  • Gulbukdaknis, Dacnis flaviventer, Yellow-bellied Dacnis, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)
  • Turkisdaknis, Dacnis hartlaubi, Turquoise Dacnis, Sclater, 1855, (VU)
  • Svartbeindaknis, Dacnis nigripes, Black-legged Dacnis, Pelzeln, 1856, (NT)
  • Raudleggdaknis, Dacnis venusta, Scarlet-thighed Dacnis, Lawrence, 1862, (LC)
  • Blådaknis, Dacnis cayana, Blue Dacnis, Linné, 1766, (LC)
  • Berylldaknis, Dacnis viguieri, Viridian Dacnis, Salvin & Godman, 1883, (NT)
  • Raudbrystdaknis, Dacnis berlepschi, Scarlet-breasted Dacnis, Hartert, 1900, (VU)

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Hilty, S. (2017). Blue Dacnis (Dacnis cayana). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta 5. november 2017).
  2. Schulenberg, side 572
  3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta november 2017 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dacnis