Podocarpus totara

Podocarpus totara
Podocarpus totara
Podocarpus totara
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Coniferae
Familie: Podocarpaceae
Underfamilie: Podocarpoideae
Slekt: Podocarpus
Underslekt: Podocarpus
Seksjon: Podocarpus
Art: P. totara
Vitskapleg namn
Podocarpus totara

Podocarpus totara, maori tōtara, er ei art av podokarptre som er endemisk for New Zealand. Treet veks over heile Nordøya og i noraustlege delar av Sørøya, i lågland, fjell og i lågareliggjande subalpine skogar opp til 600 moh. Det er vanleg å treffa på tōtara i låglandsområde der jorda er fruktbar og godt drenert.[1]

Utsjånad endre

 
Blomebotn og frø på tōtara.
 
Den raudgrå borken til tōtara er tjukk, korkaktig, furete og trevlete.

Tōtara er eit middels til stort tre som veks seint til kring 20 til 25 m, unntaksvis til 35 m. Det er kjent for den store omkrinsen av stammen, og for at treverket er svært haldbart. Borken flassar av i papirliknande flak, med ein purpur til gyllenbrun fargetone. Dei skarpe, mattgrøne og nåleliknande blada er stive og læraktige, 2 cm lange. Treet dannar svært modifiserte kongler med to til fire samanvaksne, kjøtfulle skjell med raud farge når dei er mogne. Kongla inneheld eit eller to avrunda frø ute i tuppen.

Det største kjende levande tōtaratreet, Pouakani Tree, nær Pureora, sentralt på Nordøya, er over 35 meter høgt og stammen måler nesten 4 meter i brysthøgde. Andre store tre er også kjende i dette området, til dømes i Whirinaki-skogen[2] i Whakatāne i aust, på grensa til Te Urewera National Park, der djup vulkansk jord har lundar med svært høg tōtara (meir enn 40 meter i høgde).

Tōtara veks ofte på jordbruksland, og vert ikkje ete av beitedyr.[1]

Liknande tre endre

I eit klassisk døme innanfor arter i antarktisk flora er tōtara nær i slekt med Podocarpus nubigenus frå Sør-Amerika, i den grad at dersom dei vert planta saman, er det svært vanskeleg å skilja dei åt. Den tydelegaste skilnaden er den grågrøne fargetonen på blada, jamført med den litt klarare grøne fargen til P. nubigenus.

Totaratre trekkjer til seg for det meste innfødde fuglar som spreier frøa, mellom desse kereru, tuihonningetar, maorihonningetar og gulkroneparakitt.

Dyrking og bruk endre

Trevirket er hardt, rettvakse og svært motstandsdyktig mot råte, særleg margveden. På grunn av at det var så haldbart, vart tōtara ofte brukt til gjerdestolpar, golvbjelkar og jarnvegssviller. Det vart også verdsett til treskjering, og var det mest brukte treslaget i tradisjonell maoritreskurd. Det var det fremste treslaget i bygging av waka-kanoar i maoriane si tradisjonelle båtbygging, fordi treet er relativt lett (om lag 25 % lettare enn kauri), veks langt og rett, og inneheld naturlege oljer i veden som hindrar råte. Tōtara kunne gjennomborast nær kantane av trevirket utan at dette sprakk. I større tōtara-wakaer vart tre eller fleire delar haldne saman av Phormium-reip. Det tok minst eit år å byggja ein tōtara-waka ved bruk av steinteksler.

Tōtara spirer lett frå friske frø og stiklingar.[3] Treet har vore planta i Storbritannia så langt nord som Inverewe i Skottland.[4]

Det er dyrka fram fleire kultivarar for hagebruk. Mellom desse er 'Albany Gold' og 'Aurea', begge har eit gyllengult bladverk som vert mørkare om vinteren; 'Pendula', som har ein hengande vokster som kjem særleg til syne hjå unge plantar; 'Silver Falls', som også er hengande, men med fløytefarga bladkantar; og 'Matapouri Blue', som har ei konisk form og blågrønt eller blågrått bladverk.

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 «Story: Conifers – Tōtara group». Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. Henta 30. september 2012. 
  2. «Whirinaki Forest». Whakatāne District Council. Henta 27. juni 2016. 
  3. «Podocarpus totara var. totara». New Zealand Plant Conservation Network. Henta 27. juni 2016. 
  4. «Half-hardy trees in Britain and Ireland – part two» (PDF). Royal Horticultural Society. Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2009. Henta 27. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Podocarpus totara