Darja Pisjtsjalnikova

Darja Vitaljevna Pisjtsjalnikova (fødd 19. juli 1985) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Astrakhan som internasjonalt tevla i diskoskasting.

Darja Pisjtsjalnikova


Verkeleg namn Дарья Витальевна Пищальникова
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 19. juli 1985 (38 år)
Astrakhan
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse

Pisjtsjalnikova under Sommar-OL 2012 i London

Aktiv endre

Pisjtsjalnikova etablerte seg i verdstoppen i diskoskasting då ho i 2006 tok gullmedaljen under europameisterskapen i Göteborg med eit kast på 65,55 meter. Året etter forbetra ho bestekastet sitt til 65,78 m då ho tok sølvet i verdsmeisterskapen i Osaka, ein medalje som Den internasjonale voldgiftsretten for sport i Lausanne annullerte i 2009, etter som hadde testa positivt allereie i mai 2007.

Pisjtsjalnikova vart utteken til Sommar-OL 2008, men kort føre avreisa til Beijing vart ho og fleire andre kvinnelege russiske utøvarar utestengde, då dei skulle ha manipulert dopingprøver.

I 2011 byrja Pisjtsjalnikova å tevle att, og enda på ellevteplass i VM i Daegu. Året etter, olympiaåret, vart ho russisk meister med eit kast som målte heile 70,69 meter, det lengste diskokastet av ei kvinne sidan 1992.

Meir doping endre

Pisjtsjalnikova tok sølvmedaljen i diskoskast under Sommar-OL 2012. Men ein retest av ei prøve teken i mai 2012 viste prov på bruk av det anabole steroidet oksandrolon. I april 2013 utestengde Russlands Friidrettsforbund henne frå tevlingar i 10 år, og resultata etter 20. mai 2012 vart annullerte. I fylgje New York Times var Pisjtsjalnikova ei av dei som i desember 2012 varsla World Anti-Doping Agency (WADA) om det statsdrivne programmet russiske friidrettsutøvarar måtte delta i. Den stenge straffa frå det russiske friidrettsforbundet skal såleis ha vore ei hemnakt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre