Dave Carpenter
Dave Carpenter (4. november 1959–24. juni 2008) var ein USA-amerikansk bassist. I løpet av den tidlege profesjonelle karrieren sin spelte han med jazzmusikarane Buddy Rich, Maynard Ferguson og Woody Herman. På slutten av 1990-talet var han ein turnerande medlem av Allan Holdsworth Group. I studioa i Los Angeles medverka han på over to hundre innspelingar, inkludert fjernsyn og filmmusikk.[2]
Dave Carpenter | |||
Fødd | 4. november 1959 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dayton | ||
Død | 24. juni 2008 (48 år) | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Jazz Rock pop | ||
Instrument | bassgitar, Double bass | ||
Tilknytte artistar | Allan Holdsworth[1] | ||
Verka som | Musikar |
Biografi
endreEtter å ha studert musikk ved Ohio State University starta han den profesjonelle karrieren sin ved å flytta til New York City. Det var der han først turnerte og spelte inn med artistar som Buddy Rich, Woody Herman og Maynard Ferguson.
Carpenter dukka opp på tallause sesjonar og hadde dusinvis av fjernsynsopptredenar, filmtema og lydspor på CV-en sin. Han arbeidde med artistar som Allan Holdsworth, Steve Hass, Peter Erskine, Pino Daniele, Joel Taylor, Mike Stern, Scott Henderson, Mitchel Forman, Eric Marienthal, Lee Ritenour, Tom Scott, Rita Coolidge, Russ Freeman, Rod Stewart, Johnny Mathis, Barbra Streisand, David Benoit, Boz Scaggs, Shakira, Dick Halligan og mange fleire. Han opptredde òg som solist med Los Angeles og Berlin-filharmonikarane og dessutan Tanglewood og BBC Scottish Symphony Orchestra og var ein av grunnleggjarane av «Lounge Art Ensemble» med Erskine og Bob Sheppard.
Carpenter døydde brått av hjarteinfarkt i ein alder av 48 år.
Samarbeid
endreMed Allan Holdsworth
- The Sixteen Men of Tain (Gnarly Geezer, 2000)
Med Barbra Streisand
- Christmas Memories (Columbia Records, 2001)
Med Al Jarreau
- Accentuate the Positive (GRP, 2004)
Med Johnny Rivers
- Shadows On the Moon (Soul City, 2009)
Med Eric Marienthal
- Got You Covered! (Peak Records, 2004)
Med Rita Coolidge
- And So Is Love (Paddle Wheel, 2005)
Med Rob Mullins
- Tokyo Nights (Nova, 1990)
Med Toni Childs
- Keep the Faith (Hanalei Music Company, 2009)
Med Jesse McCartney
- Right Where You Want Me (Hollywood Records, 2006)
Med Boz Scaggs
- Fade Into Light (MVP Japan, 1996)
Med Rod Stewart
- It Had to Be You: The Great American Songbook (J Records, 2002)
Med Adam Cohen
- Mélancolista (Capitol Records, 2004)
Med Bette Midler
- Bette Midler Sings the Peggy Lee Songbook (Columbia Records, 2005)
- Cool Yule (Columbia Records, 2006)
Med James Taylor
- A Christmas Album (Hallmark Cards, 2004)
- James Taylor at Christmas (Columbia Records, 2006)
Med Shakira
- Fijación Oral, Vol. 1 (Epic Records, 2005)
Med Pino Daniele
- Passi d autore (SME, 2004)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dave Carpenter» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Adler, David R. «The Sixteen Men of Tain - Allan Holdsworth». AllMusic. RhythmOne. Henta 9. april 2023.
- ↑ Robinson, Randall (2. juli 2008). «Dave Carpenter Remembered». All About Jazz. Henta 9. april 2023.